Gå til innhald

August

august 1, 2013

Sunniva og OScar 1.august

Det er alltid med eit visst vemod eg registrerer at kalendaren blar seg opp på august. Høgsommaren går over til å bli seinsommar. Naturen er kanskje på sitt aller vakraste og aller mest frodige, og snart skal alt snu og bli til haust. Du får lyst til å gripa tida og halda ho fast. Sentimental som eg kan vera av og til, les eg Einar Skjæråsen sitt utruleg vakre augustdikt og får klump i halsen og tårer i auga. Ikkje fordi det er så trist, men fordi det er så fint.

August er det mykeste myke jeg kjenner,
denne skjelvende streng mellom sommer og høst,
denne dugg av avskjed i mine hender.

Sunniva og eg tok med oss Oscar for å gå ein tur langs stranda. Me kjørde ein liten omveg for å koma dit og såg moge gras og gule åkrar. Me snakka om at lamma i frå i vår snart er vaksne sauer, og me såg hestar beita fredeleg i graset. Sjølv om me bur i ein liten by, så bur me eigentleg langt ute på landet, me treng ikkje kjøra langt for å oppdaga det. Sunniva er godt kledd, kanskje ho prøver å få ein liten smak av norsk haust før ho dreg til Bolivia sundag om ei veke. I morgon kjem dei to eldste syskena hennar heim frå kvar sine feriar i utlandet, me må nok prøva å samla alle saman til ein god middag før ho reiser frå oss. Det var litt regn i lufta, men ikkje kaldt. Eg vassa i strandkanten, og kjende at det ikkje skulle mange minutta til før det kalde vatnet kjendest behageleg og lunka. Me snakka om at me kanskje måtte ned til sjøen for å bada ein kveld, for ingen av oss hadde rukke å bada i sjøen i sommar. Dei første vekene i august er ofte dei som har behagelegast badetemperatur ved jærstrendene. Her er eit gammalt augustbilete av eit kveldsbad:

augustbad

Dette hemmelige milde inn over jorden,
denne lyende stilhet:
Tal Herre, tal!
dette lyset som hviler
på modningens høyde,
dveler
og synker mot visningens dal.

I går reiste eg og May Brit på besøk til farmor. Dagen før vart den siste systera ho hadde att gravlagd. Farmor hadde ikkje kjend seg sterk nok til å vera der. Ho seier det er rart å vera den siste att i ein syskenflokk og den siste att i ein generasjon. I går fekk ho besøk av det yngste barnebarnet, Hedda, som akkurat hadde lært seg å gå. Det var fint å sjå dei saman, fint å sjå at farmor hadde krefter til å lena seg sidelengs over armlenet og løfta henne opp i fanget. Tider skal komme, tider skal henrulle, slekt skal følge slekters gang. Me hadde med oss rundstykke, lefser, salatar og bringebær. Farmor koste seg med lefsene og sa at dei var minst like gode som dei ho pleidde å laga. Eg spurde henne kva ho hadde i deigen, og ho spurde om eg hadde tenkt å læra meg å steikja lefser. Sjølv hadde ho lært det av mora då ho var ungjente. Eg sa at det kunne ha vore kjekt, men tenkte at det spørst om eg hadde fått det til nokon gong, å kjevla ut papirtynne, store runde leivar å steikja dei utan at dei gjekk sund, tørka dei, bløyta dei, smøra dei og servera i ekstra fine anledningar. Visst kunne eg tenkt meg å læra det, men kjem eg til læra meg kunsten skikkeleg? Det tvilar eg nesten på. Det er litt synd at dei tradisjonelle lefsene kanskje kjem til å vera vekke om ein generasjon fordi ingen kan laga dei lenger. Enn så lenge går det an å kjøpa… Då me ville reisa heim sa farmor at ho hadde så veldig lyst til at me skulle bli litt til og eta kveldsmat med henne. Så vart det slik. Det vart sein kveld før me var heime att etter ein fin dag.

Disse kvelder da trær
er som skygger i skyggen.
Denne etterårsfred over sted og forstand.
Jeg har drømt at jeg seilte mot evigheten,
og en kveld i august var den første
besynderlig duse kjenning av land.

Og siglar mot evigheten gjer me vel alle på sett og vis, men me vil helst ikkje sjå så mange kjenningar av land, kanskje? Det er vemodig at alt kjem til ein ende. At liv kjem til ein ende, att barndomar kjem til ein ende, at somrar kjem til ein ende, og at sommarferiar tek slutt. Her i huset malar me gjesteromet på loftet blått. Eg har framleis små flekkar av kvitmaling frå grunninga og blåmaling frå det første strøket. Blåfargen er den same som på ein bleikblå som sommarhimmelen har når det kveldnar. Det er jo kjekt å sjå at me faktisk får det til på eit vis, at det kjem til å bli fint. Min entusiastiske ektemann har fått blod på tann og har lyst til å halda fram med meir maling og oppussing nå når me faktisk er i gang.

Jeg vet midt i alt det jeg ikke vet:
August er det mykeste myke jeg kjenner,
myk som sorg og som kjærlighet.

Einar Skjæråsen.

Og august og sorg og kjærleik er i slekt. Det er eg samd med Einar Skjæråsen i.  Og framleis har eg ei veke ferie att. Katten sit på skrivebordet og malar, forresten. Ho sender meg eit grønt blikk. og geispar så høgt at både den bleikrosa tunga og dei spisse hjørnetennene kjem til syne. Kanskje ho er meir enn klar for ein porsjon kattemiddag?

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: