I am just a weary pilgrim
Nokre gonger
kryp eg inn
i den blå himmelperla
for å liggja der aleine,
bare liggja der og kjenna
at eg høyrer heime mellom menneska.
Det er lett å gløyma
når ein står der,
står der halvt forvirra,
halvt konsentrert
med pengar og kart,
med gps, mobiltelefon og bankkort,
står der og møblerer livet sitt
etter beste evne.
I den blå perla
hugsar eg plutseleg
korleis det er å leva.
Heidi
*
I dag har eg vore med på noko fint. Ein flokk pilgrimar er på vandring mellom Egersund og Stavanger domkyrkje. Dei brukar fem dagar på turen langs havkanten. I dag hadde dei eit stopp i gamle Orre kyrkje, og eg var bedd om å ha eit program for dei saman med organisten Ola Sotnakk. Først var det ein halv time med veksling mellom orgelmusikk og lesing av tekstane mine, så var det ein kort gudsteneste med nattverd før utsending til vegen vidare. Dei omlag tjue pilgrimane var omtrent halvvegs då dei stoppa i kyrkja. Eg las tekstar relatert til det å vera på vandring gjennom livet, gjennom det heilage, saman og aleine. Eg, organisten, presten og kyrkjetenaren sat i sola på ein benk i ly for vinden like utanfor kyrkja då dei kom. Det viste seg at eg kjende fleire av dei frå ulike samanhangar, det var ei gledeleg overrasking. Den eldste som var med på turen var ei utruleg sprek dame på godt over åtti år. Ho hadde gått mykje i fjellet tidlegare, og klarte å halda fylgje med dei andre der dei gjekk mil etter min både gjennom heftig regn og sterk vind. Utruleg imponerande, spør du meg. Eg har veldig lyst til å vera med på turen ein gong, og då må det vera ein stor inspirasjon at damer på meir enn fem og åtti har klart å gjennomføra dette. Då pilgrimane kom inn i kyrkja og orgelmusikken starta, gjekk dei alvorelege fram og la markblomar og små steinar på den kvite alterduken ved dei tende lysa. Steinane var symbol for bører dei ynskja å leggja frå seg, og blomane reknar eg med var symbol for takk.

http://nn.wikipedia.org/wiki/Orre_gamle_kyrkje
Den eldste delen av Orre gamle kyrkje skal vera frå 1200-talet. Det er ei gammal kvit steinkyrkje med eit litt nyare påbygg i tre. Kyrkja ligg heilt nede i havkanten og blir mest brukt til bryllaup og konserter i sommarhalvåret, men og til spesielle gudstenester som olsokmesse, og altså i dag, pilgrimsgudsteneste. Kyrkjeklokka, ei gammal jernklokke vart ringt med manuelt i våpenhuset, kyrkja er relativt nyrestaurert, og frå kyrkjedøra ser ein utover havet med kvite sanddyner delvis dekte av marehalm i forkant og passerande skip og seilbåtar i bakgrunnen. Det har blitt så populært å gifta seg i denne gamle kyrkja at bare dei med tilknytning til Orre får lov til å hald bryllaup der. Veldig parentesbemerka så kjem faktisk Oddvar frå Orre, men det er ei heilt anna historie. Oldeforeldra mine på morssida kjem frå gardar som Anda og Erga, som sokna til denne kyrkja. Det var litt rart å tenkja på at her er nok oldeforeldra mine døypte og konfirmerte. Nokre av dei har nok gifta seg der, bore barn til dåpen der, og gråte over dei kjære som skulle gravleggjast der. Det raraste er å tenkja på at kyrkja nok såg nokså lik ut då som nå, og at dei og har stått i kyrkjedøra på blåsande sommardagar og sett utover havet medan nordavinden tok tak i kleda deira.
Det var fint å få lov til å lesa tekstar her, akkurat i dag, og det var fint å høyra på orgelmusikken og den fine songen. Det var fint å vera med på nattverden etterpå. Ein av tekstane eg las er denne sommarsongen som eg i si tid laga saman med SIgvald Tveit til ein korkonsert. Dette er ein av dei tekstane eg sjølv liker best av alt eg har skrive.
Å bare stå i sommarregn
Å bare stå i sommarregn, med håret tungt og vått,
å bare stå og vera til, og kjenna det er godt.
Når dagen angar bjørk og pors og rosmarin og jord.
og alt du veit er sommaren med song i sine spor.
*
Å bare vera sterk og fri, og levande og glad.
Å sjå at vinden leiker blidt med grøne bjørkeblad.
Å stå og frysa lite grann, men stå slik likevel.
Å vera song og liv og lengt når det er seint på kveld.
*
Å stå og kjenna dette att, du kjenner i frå før
ein annan sommar, annan song, ei anna open dør.
Ein bris, ein song, eit bølgeskvulp og varme enkle ord.
Eit anna barn som var deg sjølv, ei tåre og ei mor.
*
Å bare stå i sommarregn, med tankar og med tid,
ein seljefløytetone, og ein mygg på handa di,
ein måne bak ei sommarsky, eit skip langt ut frå land
eit gammalt eventyr du kan, ein melodi du fann.
*
Du kjenner at Gud skapte deg av mold og lengt og song,
at sommarregn og lukt av gras var noko som du trong.
Med bare bein på heilag grunn, ein sommar går forbi,
ein fløytetone stemd i moll mot sommarsjela di.
Då eg kom heim, var det på tide å laga middag. Sunniva ynskte seg fiskebollar ein av dagane før ho reiste, så i dag vart det luksusvarianten; Fiskebollar i kvit saus med karri, kokte poteter, revne gulrøter, steikte baconterningar, steikt sjampinjong, mais og kvitløksmarinerte scampi. Det smakte kjempegodt. Nå har eg hengd ein optimistisk klesvask på snora ute, og snart skal me sjå Victoria. Livet er godt.
Heidi
LIknande innhald
From → Ansvar for verda, Barna mine, blomar, Natur, Poesi, Tru, veret

