Gå til innhald

Woody og alle oss andre

august 8, 2013

Sunni med briller og kattekjole

Og nå siktar eg ikkje først og fremst til minstejenta sine briller… Men først av alt må eg klistra inn hennar «blide ausyn», som ein tidlegare kollega frå Sogn ville ha uttrykt det, på kjøkkenet heime, før ho reiser langt bort.  I gårkveld sat eg saman med dei to yngste i sofen heime og såg ein dobbel dokumentar om Woody Allen, medan Sunniva vart klødd på ryggen sånn omtrent kontinuerleg, for då har ho det aller best. Me vart djupt fascinerte alle tre over det me såg. Eg har alltid vore svak for Woody Allen, og det imponerer meg sterkt at mannen nærmar seg åtti og har laga ein film i året. Eg har sett ein god del av dei, og nå fekk eg lyst til å sjå dei alle saman. I tillegg spelar han klarinett på ein nattklubb i New York sånn ca ein gong i veka, og eg fekk lyst til å ta med klarinetten min og gjera det same. Han skildrar New York med ein så estetisk kjærleik i filmane sine at eg får lyst til å dra dit. Det er noko i det nevrotisk, melankolske ofte litt depressive i filmane hans som appellerer veldig til meg. Sjølv om eg ikkje trur eg har vore depressiv fem minutt av livet mitt, bare litt melankolsk kanskje, og absolutt lettare nevrotisk på eit plan eller to.

Woody Allen er oppteken av dei små kompliserte ting som foregår mellom menneske, og av dei store kompliserte spørsmåla. Korfor lever me? Korfor må me døy ein gong? Finnest Gud? Kva konsekvensar får det om han finnest eller ikkje finnest? Eg er veldig svak for å sitja tett i ein sofa og sjå film saman. Eg har ungar som nesten ikkje er ungar lenger. Dei to i sofaen er på terskelen til å skapa seg vaksne liv. Dei er utprega kreative begge to. Kor mykje torer ein å satsa på det kreative i framtidsplanane? Skal ein oppmuntra ungane sine til å ta utdanningsmessige «sjansar» for at dei skal utvikla og satsa på kunstnariske prosjekt? Eller skal ein oppmuntra dei til i alle fall å skaffa seg ei stødig utdanning til eit stødig yrke, og så kan ein ha med seg det kreative i både jobben sin og resten av livet, og elles dyrka det å vera skapande på fritida? Det er store spørsmål det og. Sjølv har eg teke livet «som det faller seg» på eit plan, men samtidig skal ingen anklaga meg for å ha teke dei heilt kontroversielle livsvala. Og godt er vel kanskje det. Det er ikkje lett å gje gode råd, og det får ein vel kanskje bare vera open om… Og til sjuande og siste er det det velsigna befriande i at dei til sjuande og sist ikkje høyrer alt for mykje på mor og far når alt kjem til alt…

Apropos dei store vala. Det seiest at jenter enten finn seg ein livspartnar som liknar på faren sin, eller ein som slett ikkje gjer det. Eg har definitivt gjort det siste. Det har Ingrid og, men det fascinerande er at Ingrid har vald seg ein mann som liknar veldig på morfaren hennar, altså faren min. Me har ledd av kor like dei er på veldig mange måtar. I går var Ingrid og Oddvar på langtur med mormor og morfar, så dette biletet kan understrekja den fysiske delen av påstanden min.

Oddvar og far på båt

Og dei to som sit i baksetet på dette biletet er ikkje heilt ulike dei heller.

Ingrid og mor i bil

Eg liknar definitivt ikkje på mor mi, men Ingrid gjer det. Derimot liknar ho ikkje særleg mykje på meg. Merkelege greier med desse genene. Ein kunne ha lyst på ti-femten ungar bare for å la seg fascinera over kor ulike menneske det er som let seg føda av dei same foreldra. Men det er ikkje bare derfor eg helst ville ha åtte ungar altså…

Seriøsitetsgraden i dette innleggete er lett synkande, registrerer eg. Sunniva sit i kjellaren og pakkar koffert, i natt hadde ho stressmareritt om at ho stod på flyplassen og ikkje hadde kofferten klar eller billetten i orden. Ho vil ha råd om kva for ein av jakkane, shortsane og kjolane ho skal putta i bagasjen. Det får det til å gå opp for meg at nå reiser ho! Men framleis er det nokre få dagar att, og framleis er her litt å ordna. Nå skal eg finna fram til dagens gjestepoet, så får me sjå kva som hender mot slutten av teksten min…

Dagens gjestepoet viser seg å heita Vizma Belsevica, og vera frå Latvia. Dikta hennar er gjendikta av Odd Abrahamsen og Anette Brunovskis, og boka dei er henta i frå heiter «Den hvite glemselen» og kom ut på Solum Forlag i -96.

Å ta en georgine i hånden
Og føre den bort- blomstens barnlige øyne
Leges ikke av et under…
Min elskede er lik et stjerneregn,
Som faller over meg i stille stunder.
Vizma Belsevica

*
Jeg går i ord, slik par i midnattsgater,
Dømt til kjærlighet kan gå.
Med tilbakeholdt åndedrett, over skyggekors…
Spør ikke før tiden
Om hva jeg skal få.

Vizma Belsevica

*
Og til slutt eit litt melankolsk kjærleiksdikt frå same dama.

*
Jeg la skogens hjerte i din håndflate,
Og det lille tyttebæret fortalte deg hvilke dyp
Som finnes i dets vare klangers uselviskhet-
Du forstod ingenting.

Jeg rakte deg barskogens tause lengsel
Og trofastheten- en grønn furukvist
Som skal bestå i den strengeste kulde.
Du forstod ingenting.

Jeg lette frem et tomt fuglerede
I hvert dun- kjærlighetens varme enfold
Hverdagsbekymringens milde nærvær
Du forstod ingenting.

Vizma Belsevica

Eg liker at den fikse ideen om å la lyrikarane i dikthylla mi vera gjestepoetar her ein dag kvar. På den måten får eg lese ei og ei diktsamling om att, og det gjer meg stor glede. Dersom nokon som les dette faktisk skulle få eit godt møte med eit dikt, så er det den andre hensikten bak prosjektet. Meir lyrikk til folket, seier nå eg, men eg er vel ikkje eit nøytralt menneske…

Heidi

PS:

Den ikkje-kunstnariske delen av meg, ei strengt lovlydig og sannferdig dame, ber meg opplysa om at eg ikkje har nokon klarinett eg kan ta med til mørke nattklubbar i New York, og at eg ikkje kan spela klarinett. Det heile var eit kunstnarisk virkemiddel i ein lett poetisk kvardagstekst, noko dei som kjenner meg godt forstod allereie då dei las det… 😉

PS 2:

Den andre delen av meg som har mykje meir humor og andre ambisjonar, legg til at det kan jo tenkjast at eg ein dag lærer meg å spela klarinett, og at eg då kan tenkjast å ta med denne til nattklubbane i New York.

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: