Motorikken, systematikken og evna til avskjedar
Dei siste dagane har hatt sterke element av askjed. Det første som glepp for meg når noko ekstra står på er motorikken, systematikken og evna til å finna ting igjen. Det ser ut som om yngste dotter mi slektar litt på meg, så me har leitta ein del dei siste dagane…. På fredag hadde me invitert mor og far slik at Sunniva skulle får seia skikkeleg ha det til mormor og morfar. Menyen var nybakte rundstykke og nysteikte vaflar. Far hadde med seg masse friske rips han hadde plukka i hagen og vaniljesaus til å hella over. Alle er einige om at nå må Sunniva passa godt på seg sjølv og elles ha ein kjempefin tur.
I går hadde me invitert alle «ungane» til kjøttkaker og erterstuing for det rekna Sunniva med at ho ikkje ville få på lenge. Det var nok av gode rips frå dagen før. Eg spurte om det var ynskje om ei kake og, og bestillinga var på gulrotkake. Det hadde eg knapt nok bakt før, men eg fann ei god oppskrift på nettet og med eit stort blåbærhjarte på toppen, vart ho ekstra god. Dagen begynte forøvrig med at eg skulle ut og handla, men bankkortet Sunniva hadde lånt av meg dagen før var søkk borte… Me leita overalt, og kom fram til at ho i verste fall hadde gløymt det i butikken dagen før. Heldigvis var det litt pengar i lommeboka, slik at me skulle få tak i dei vanlegaste ingrediensane utan kort og.
I butikken var dei svært behjelpelege med å spørja alle som jobbar der etter eit gjengløymt bankkort, men ingen hadde sett det. Eg sa at då låg det sikkert heime ein plass, og begynte å lasta oppå varene. Eg prøvde å vera litt ekstra effektiv då eg skulle ha dei betalte varene i nettet, og plutseleg glapp det eit glas med tyttebærsyltetøy ut av hendene mine, og sekundet etter var området mellom dei to kassadiskene dekka av tyttenbærsyltetøy ispedd eiin million små glasbitar… Det er ikkje veldig lenge sidan sist eg låg på alle fire i det same området og plukka opp appelsiner fordi posen sprakk, og det er heller ikkje frykteleg lenge sidan eg spurde om dei hadde funne ei forlagt lommebok. Eg ser ikkje vekk i frå at eg kan vera ein kunde dei har lagt merke til… Eg bad om papir og ein pose slik at eg kunne rydda etter meg, men dei forsikra meg om at det var deira jobb, og det gjorde dei med glede, dette medan ein ung gut sprang og henta eit nytt syltetøyglas til meg som eg ikkje trong å betala for. Dei fortalde til og med at «slikt kan skje alle» og fortalde at dagen før hadde ein av dei som jobba der slept ei ølflaske i golvet. Godt opplærde til god servise, det var dei verkeleg. Eg hadde på det tidspunktet oppdaga at eg hadde gløymt å kjøpa poteter, men eg følte for å koma meg fort ut, og bestemde meg for at det fekk eg senda ein eller annan annan ut for å kjøpa…
Då eg kom heim, fortalde eg Halvard om den fantastiske servisen og at eg ikkje hadde fått lov til å tørka opp etter meg. Han svarte «Men du forstår vel at det siste dei ville var å ha deg tørkande på syltetøy mellom kassaapparata, dei ville ha deg vekk slik at dei kunne gjera det raskt og effektivt sjølv. Eg innsåg at han kunne ha eit poeng, sjølv om eg ikkje ein gong hadde tenkt tanken sjølv… Eg lurte på om bakkortet måtte sperrast sidan eg ikkje fann det, men mirakuløst nok dukka det opp under eit blått grytelok på kjøkkenbenken. Men middagen vart ferdig i tide og smakte riktig godt, Odd Christian var litt bekymra fordi han ikkje fann husnøklane sine, men dei viste seg å liggja bak i bilen vår…
Etter middagen skulle me sjå film i det romet som begynte som eit oppussingsprosjekt som skulle bli gjesterom, men som plutseleg ende som tv-rom. Før eg visste ordet av det hadde husets unge og litt eldre menn bore opp ein gigantisk flatskjerm og då eg kom opp for å sjå kva som skjedde, var dei akkurat i ferd med å bora hol i veggen som oppheng for mørke rullegardin framfor vindauga. Eg har gjennom livet lært meg at det er uendeleg mykje visdom i eventyret om «Gudbrand i lia»… Kva skal eg vel med gjesterom eg som har fått TV-stove…
Då vart det ny leiteaksjon fordi eg ikkje fann brillene, langt om lenge fann eg reservebrillene og brukte dei, men dei eg eigentleg leita etter dukka opp på mirakuløst vis utpå natta ein plass eg hadde leita mange gonger allereie. Dersom nokon blir litt sveitte og andpustne ved tanken på dette usystematiske livet, så kan eg trøysta med at det er noko ein i grunnen etterkvart lærar seg å leva med… Og Sunniva fann både pengar, pass og bagasje i dag morges, så alt var i sin skjønnaste orden bortsett frå at mobilen hennar i løpet av natta hadde slutta å virka. ME såg henne og Thea vel inn gjennom sikkerhetskontrollen, og så kunne me ikkje fylgja dei lenger. Nå er det eigne bein og eigne venger som gjeld for dei, og eg trur og hååpar at dette skal gå bra. Nå er dei på veg mot Lima frå Amsterdam, og i morgon tidleg landar flyet deira i La Paz. Eg må jo innrømma at eg skal pusta letta ut når dei er vel framme…
Og i morgon er ferien definitivt over, men framleis skal me ha sommar ei stund, sjølv om eg må innrømma at det første umiskjennelege haudtdraget i lufta let seg kjenna då me reiste heim frå litteraturgruppe seint fredag kveld. Men både august og september er ofte nydelege månadar. Eg har vore i hagen til onkel Odd og plukka raude roser, eg er overraska over kor fort ein velhalden hage blir totalt overgrodd når eigaren går bort. Men Halvard har klipt graset, og det er masse plommekart på trea. Nå skal eg finna ut om dagens gjestelyrikar har noko som kan passa i dag og…
Og dagens lyrikar er Hege Susanne Bergan, som var 27 år då boka kom ut i 2008:
Nå er jeg tjuefire.
Jeg synes synd på den jeg var.
Jeg tar den jeg var på fanget.
Da er det ikke lenger så synd på meg.
Hege Susanne Bergan
*
Kanskje jeg bare er ung.
Det går over.
Hege Susanne Bergan.
*
Hele livet har jeg lengtet etter å ha tid.
Hele livet har jeg fryktet å ha tid.
Tenk om jeg bøyde meg ned for å beskue navlen, og så var den
tom.
Hege Susanne Bergan
Heidi
LIknande innhald
From → Barna mine, blomar, Mat, Mor og far., Skule, sommar