Gå til innhald

Children of men

september 8, 2013

Bilde

I kveld har me sett film med Halvard. Han har ikkje heilt mainstream filmsmak og er veldig filminteressert. Filmen for i kveld vart ein utruleg trist dystropi «Children of men». Plottet var ein verden i ferd med å bryta saman. England, det einaste landet som til ei viss grad fungerte, var fullt av flyktningar dei prøvde å halda utanfor samfunnet. Kvinnene var ikkje lenger fruktbare, ingen barn var fødde på atten år, utan at nokon hadde funne ut kva det skuldest. Matmangelen og desperasjonen var stor, og verda var dominert av ville bandar og forvirra terroristar. Ei fattig flyktingkvinne vart gravid og fødde eit barn, men var det mogleg å redda det nyfødde barnet. Filmen var godt laga, og gjorde sterkt inntrykk, tonen var dyster og mørk, men med eit lite snev av håp.

Eg følte behov for å trøysta meg sjølv og andre med eit bilete av eit fint bilete eg har på veggen: «Fredsgeneralen». Det er laga av grafikaren Tor Arild Aspeland som er far til mi gode venninne Astrid. Heile generalen kom ikkje med på biletet, men det er ein flott mann med tulipanar i soldathjelmen, ei fredsdue i staden for våpen, og med vaffelhjarte, fiskekrok, trådsnelle, tutt, blom og g-nøkkel i staden for militære utmerkingar. Eg er veldig glad i han. Og sånne som han trengst verkeleg i ei til sine tider litt forskrudd verd. Eg hugsar frå den kalde krigen kor redde me var for at «nokon skulle trykka på knappen» som det så fint heitte. Når det gjeld verda akkurat nå, så er det frykteleg at nokon har brukt kjemiske våpen. Eg lurer likevel på om verda blir betre av at nokon bombar dei som gjer «ulovlege ting». Korfor er ikkje krig i seg sjølv forbode, og korfor i all verda er det i det heile tatt lov å bruka skytevåpen. Det er fint at det finst ulovlege verkemiddel i ein krig, men korfor i all verda finst det lovlege verkemiddel i krig? Eg veit at nå spør eg som eit trassig barn, men av og til må barna få koma til orde…

Eg hadde ei bok til av Phil Bosmans i bokhylla. Denne heiter «Kjærlighet.» Eg trur eg fann ho på ein loppemarknad eller i ein bruktbokhandel ein eller annan gong. I motsetning til den første Bosmans-boka, så ser denne heilt ubrukt ut. TIl mi overrasking så er innhaldet ganske «politisk». Han er oppteken av ikkje-vald, skeptisk til forbrukarsamfunnet og oppteken av Jesus som vegen til større innsikt og eit klokare og rikare liv. Dette låg bare som ein mogleg undertone i den første boka, som eg tippar selde langt betre enn denne, fordi denne er mykje spissare formulert, og nok kanskje kan virka litt moralistisk. Eg tek med litt frå denne boka fordi det, tilfeldig eller ikkje, passa perfekt inn i tematikken her…

Viss en uskyldig, eller et eneste barn må dø
på grunn av din ideologo, eller på grunn av
ditt nye samfunn, da forbanner jeg din ideologi
og jeg vemmes ved ditt samfunn.

Phil Bosmans

*
Ikke-vold

er intet snilt og trygt
alibi for reddharer.

Ikke-vold
begynner med åndelig trening,
med å lære seg sekv å kjenne, med selvbeherskelese,
med kjærlighet til alt som lever
med kjærlighet også til fienden.
For å bli ikke-voldsmenneske
må du rense ditt eget hjerte.

I makthavernes øyne vil du bli betraktet
som dum, som taperen.

Phil Bosmans

*

Når jeg ser et menneske
selv om det er et ødelagt
menneske;
da tror jeg på et vesen
som er større enn
mennesket

Phil Bosmans

*

Kjære natur
hold deg nær
oss mennesker
.

Du er brødet
som vi spiser
!
Du er vårt blod!
Du er huset
som vi bor i
Du er vår hud;
du er lungene vi puster med.

Phil Bosmans

*

En morgen
vil du på din vei
møte en engel.
Han skal gi deg en hvit sten
hvor et nytt navn står skrevet,
ditt eget nye navn,
slik det står skrevet i din håndflate.

Da kommer du til å juble.

Phil Bosmans

*

Det er sundagskveld og snart på tide å gå til ro. Nå har eg chatta med Sunniva i Bolivia medan eg har skrive her. Ho opplever mykje og har det stort sett veldig bra. Eg trur ho er blitt veldig klar over kor godt me har det i Norge. På barneheimen der dei jobbar har kvar av «mamitaane» opptil ti barn dei er ansvarlege for. Dei er i alderssegregerte avdelingar, slik at ei dame kan vera ansvarleg for å ha omsorgen for ti babyar under eitt år aleine… Eg skulle ynskja Sunniva kunne ta eit par av dei med seg heim i kofferten… Eg trur ein blir klokare av eit slikt opphald i ein heilt annan kultur. Mange av dei norske utfordringane blir luksusproblem. Likevel er dei reelle nok når me opplever dei her heime i det me opplever som underbemanning i skule og eldreomsorg.

Konklusjonen i kveld, kva måtte vel den bli? Å ta godt vare på verda, naturen og kvarandre. Godt val i morgon, alle saman.  Eg sluttar med eit sitat av Bosmans som eg sjølv må tygga litt på før eg går god for det. Hjelp meg gjerne med det 😉

«Lykkelige mennesker er aldri farlige mennesker.» – Phil Bosmans. Og han meiner, bare for å ha oppklart det, at lukka ikkje ligg i ting som kan  kjøpast for pengar…

Heidi

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget