Eat, pray, love…
Overskrifta er tittelen på ei bok eg las på engelsk. Boka handlar om eit menneske som føretek ei indre reise for å finna fred i sjela. Mellom anna har ho eit lengre opphald på Bali, der ho er i tett kontakt med ein guru. Ho prøver gjennom meditasjon å nå fram til noko som er større enn det kvardagslege. Denne boka har blitt ein besteselgar i Norge og, og mange har sett filmen. Første gong eg høyrde den norske tittelen «Spis, elsk, lev», stussa eg litt. Det gjekk likevel litt tid før eg forstod at det eg stussa på var at ordet «pray» på engelsk hadde blitt til «lev» på norsk. Då akkurat det gjekk opp for meg begynte eg å lura på om det var på grunn av klangen i dei norske orda at be var blitt til lev. Eg fann ut at grunnen kanskje var den blygskapen mange i dette landet har for det med bøn. Slikt snakkar ein ikkje høgt om her i Norge?
Kanskje på grunn av at eg begynte å tenkja på dette igjen i kveld, fekk eg lyst til å fortelja at i kveld har eg vore på bønnegruppe, og det har vore så fint? Me er ein gjeng med damer som i ein heil del år nå har møttest med jamne og ujamne mellomrom for å snakka om livet og for å be i lag. Eg skulle eigentleg unna alle å ha ei bønnegruppe. Det ligg eit håp og ei glede i det å tru på bønn, og det er noko veldig fint å kunna sitja saman og snakka om alt som kjennest vanskeleg, for så saman å leggja det over på noko som er større enn oss sjølve. Det er ein eigen fred i det å kvila tankane i å høyra at andre ber høgt.
Det anar meg at det å snakka om ei bønnegruppe nesten kjennest litt klamt og pinlig for mange. Det verste er at eg kjenner litt på det sjølv og her eg sit og skriv. Er det ikkje litt rart at yoga og meditasjon kan ein snakka høgt om overalt medan bønn nesten høyrest litt overspent ut? Eg har tenkt på det når eg høyrer folk snakka om mindfulness, at det nok er litt same kjensla som det å kvila heile seg og alle tankane sine i ein større tillit slik eg opplever at ein gjer når ein ber. Eg fekk bare lyst til å stilla spørsmålet til både meg sjølv og andre… Er ikkje dette litt rart. Eg høyrer noko i meg kviskra, jo det er rart, men visst er det nokre merkelege greier dette med tru. Og på ein måte må eg vera einig med meg sjølv i det. Det er merkeleg at det går an å tru, og det er for meg endå meir merkeleg at det går an å ikkje tru.
Eg trur dette innlegget er langt nok, for det var viss akkurat dette eg ville ha sagt. Og her passar det å avslutta med eit sitat eg har stor sans for, men som eg ikkje hugsar kor kjem i frå:
Dei som dansa vart sett på som gale av dei som ikkje høyrde musikken.
Og i morgon får me noko såpass prosaisk og kvardagsleg som eit stortingsvalresultat, men som HC Andersen seier i slutten av «Prinsessen på erten.» Men se det er en helt annen historie…
Heidi
