Gå til innhald

Septemberlyset

september 10, 2013

septemberlys

Etterkvart som september stig fram, viser hausten seg meir og meir, sjølv om veret for ein stor del har vore varmt og fint. I dag måtte førsteklassingane på med både regntøy støvlar og gule refleksvestar då me skulle ha uteskule. Det tek si tid å få dei kledde alle saman. Først blir 57 ungar oppfordra til å ta seg ein tur på do før dei kler seg, og så er det mange glidelåser som skal opp, ,mange knappar som skal kneppast, mange regnbukser som skal trekkjast over støvlar, og mange refleksvestar som skal drast over hovudet før me er klare til å gå, to og to seksåringar, hand i hand på lange rekkjer, med dei vaksne innimellom. Fort går det ikkje, det er så mykje ein skal sjå på undervegs. I dagsorterte me konglar og pinnar etter lengde og tjukkelse, og så såg me eit levande ekorn på nært hald og ein ekte ordførar med ordførarkjede på endå nærare hald. Han smilte og spanderte rå gulrøter på oss. I Sandtangen var bringebærbuskane ferdige med å bera bringebær, raunbæra raudna og blæklokkene bleikna, og ungane i prikkete, blomstrete og stripete regndressar vart våte av å trampa i sølepyttar. Vel tilbake på skulen hadde eg ei skriveøkt med dei nye skriveelevane i kulturskulen. Det var ein roleg variasjon over læraryrket, som forøvrig må vera noko av det mest varierte ein kan finna på yrkesfronten.

Då eg kom heim var eg relativt utlada og trøytt. Då var det ganske triveleg å bli møtt med ein lukkeleg hund ein intenst malande katt og Halvard sin behagelege pianomusikk. Etterkvart kjem eg meg inn på arbeidsromet mitt og ser at Sunniva har starta ein ny tekstblogg. Eg tek sjansen på å låna det siste innlegget hennar for å publisera det her…

***

Her borte har eg møtt 10 personer som har forandra mitt syn på livet. 
Dei har vist meg at det går an  å smila og le, til tross for motgang.
Til tross for motgang eg aldri kan, eller vil forstå. 
Samtlige av desse har tatt hendene sine på kinna mine, sett meg i auga og smilt som om det ikkje er nokre bekymringar i livet. 
Dei har vist meg at gleda, den kan ein finne overalt, uansett kva. 

Arasella, Diana, Rosalina, Angela, Maria,
Anna, Yunsu, Kathlin, Victor og Alvaro. 

Dei er alle mellom 2 og 3 år gamle. 
Dei kan ikkje snakke eller ete ordentlig sjølv.
Ingen av dei har foreldre som kan ta vare på dei, og mest sannsynlieg kjem dei aldri til å få foreldre heller. Mest sannsynleg kjem dei til å vera på barneheim til dei er 18 år, og kven veit kva som vil skje etterpå?

Det er umogleg å forklare kor hjarteknusande det er å sjå kor brutalt livet kan vera. 
Gud veit kva dei ungane har gått i gjennom allereie?

Ein ting veit eg likevel, og det er at det er få ting som slår følelsen me får når me kjem til barneheimen og 9 ungar kjem vaggande mot deg med hendene utstrekte, og eit smil som kan smelte stein. 
Den følelsen vil eg seint gløyme, og dei 10 ungane eg har fått æren av å bli kjent med, vil alltid ha ein plass i hjartet mitt.

Sunniva

Det å jobba på barneheim i Bolivia er nok noko ho vil bera med seg alltid. Eg trur eit slikt opphald må liggja der som eit korrektiv resten av livet dei gongene ein er i ferd med å gløyma kva som er viktig og ikkje.

***

Den andre som skal få koma til orde hos meg i dag er Jan Magnus Bruheim, ein diktar som ville fylt 100 år komande februar om han framleis hadde vore i live. Han er ein lyrikar eg «alltid har visst om», og han har skrive mange verkeleg fine dikt. Desse tekstane er henta frå boka «Tankefuglar i tunet» – fin tittel.

Aldri ser våre
augo betre
enn når dei granskar
andres lyte.

Og lyte finst alltid
for den som leitar-

Lett å bruke
raudblyanten
på andres feil.

Men kom ikkje hit!
Lat meg få ha
mine
feil i fred!

Godt er
å ha nok

ein verkeleg eig
med rette.

Jan Magnus Bruheim

Og så eit dikt til å kjenn seg att i:

*

Eit bilete heng skakt på veggen.
Ei jamvekt er skipla.

Endå det er mangt anna
augo kan kvile på i romet,
dregst synet mot det skakke biletet
med ei mystisk makt.

Alltid finst augo att der
der er noko som ikkje er
slik det skal vera.
Er det då hjelp i alt det andre
som
er i jamvekt.

Freister å rette på det,
beinke det.
Snart heng det der
like skakt.

Det er som det har
ein eigenvilje
og finn ei glede i
å hengje der slik
på trass.

Noko kan ikkje rettast.
Ein skal ikkje knuse det
for det.-

Eit bilete heng skakt.-
Jan Magnus Bruheim

image

Liten firbeint venn på overnattingsbesøk har med senga si…

image

Kveldsstemning på skrivebordet mitt.

Heidi

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget