Gå til innhald

Om å koma til hausten

september 9, 2013

Skoddelandskap

Det siste året har eg som mange av dei som les her veit, sett dette med alderdom og død på veldig nært hald i fleire omgangar. Eg har sett fleire personar eg kjende godt og var glad i bli gamle og svekka, og eg har sett på nært hald at døden kjem for å henta menneske som har stått meg nær.  I dag har eg lese dikta til lyrikaren og oversetjaren Emil Boyson som døde i 1979, 82 år gammal. Eg opplevde at dei dikta han skreiv seint i livet talte mest til meg. Kanskje fordi det har gjort noko med meg å sjå folk blir gamle, og kanskje fordi eg blir nesten litt mørkredd av å sjå kor fort åra renn forbi eit menneske. Eg vil ta med det diktet som heiter «Rast ved rinnende vann».

Rast ved rinnende vann

Trett er vort hjerte ikke,
men dagen er blitt kveld.
Vi stanser
. Gjennom vor taushet
toner vannenes væll
.

Vi hører i elve-susen
at evigheten er nær.
Vi fødtes til jorden. Vi møttes.
Vi hadde hinanden kjær.

«Om litt kan vi intet høre
– dette er Alt vi vet.

Vannet skal videre bruse
gjennom all evighet.

Emil Boyson.

På bloggen til Eyvind Skeie fann eg eit heilt nyskrive dikt som og gjorde noko med meg. Eg trur eg har lov til å bruka det her. Det eg tenkte då eg les det var, tenk om det kunne kjennast så trygt å fint å døy, den dagen det er oss klokkene skal ringa for. Det er ei fin skildring av å gi seg over den dagen tida er inne for det. Måtte det bli veldig lenge til for både deg og meg…

Og om eg plutseleg er heilt hekta på det morbide? Nei då, som fireåring gjorde eg mor mi fælen fordi eg sat og teikna kyrkjegardar. Som barn elska eg dei fine lyriske vendingane i dødsannonsene i avisa og som attenåring skreiv eg særoppgåve mi på vidaregåande skule om emnet»Døden som litterært tema».  Det er vel slik at den som er ekstremt nyssgjerrig på livet, og er litt dregen mot å tenkja på det som er slutten på livet. Og redde for å gå gjennom den ytterste grinda er me vel alle… Då er det trøyst i å tenkja på at for nokon kan det kanskje vera som i det fine diktet til Eyvind Skeie…

For snart skal dette spinkle jeg få vinger

og fly blant stjerner ut mot det som er

den store og uendelige gåte

som nå med ett har kommet meg så nær

Jeg ser at dere sørger allerede

og tenker at det alt er blitt for sent

Men selv i disse aller siste timer

kan livet deles, like klart og rent

Den store og uendelige gåte

som ikke eier omkrets eller navn

har allerede åpnet sine armer

og tatt meg helt fortrolig i sin favn

Jeg sovner snart, og da får sjelen vinger

Den søker mot en gåte altfor stor

Så lar jeg stille kroppen bli tilbake

og flyr mot lyset og en annen jord

Eyvind Skeie 2013

Og nå i desse tidlege haustvekene kjennest det veldig naturleg å ta med denne linken og. Dette er ein av dei vakraste songane eg veit.

Takk til Vamp og til Nils Ferlin.
Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: