Gå til innhald

Sanka myrull

september 11, 2013

image

Ho sankar myrull på bleike myrom i eventyrom.

Så sit ho annsam i sorg og glede
og saumar klede.

Slik vart dei umskapt dei ville ender
av milde hender.

*

Og såleis veit vi di tid er inne
vi treng deg, kvinne.

Saum til oss liksom i eventyret
og omskap dyret.

Jan Magnus Bruheim.

*

Dette er det diktet eg kanskje  ikkje ville våga å setja på bloggen min om det ikkje hadde vore skrive om ein mann. I mitt tilfelle tek eg det med fordi det er skrive av Jan Magnus Bruheim, som er diktaren min i dag, og fordi det er eit av dei dikta eg framleis kan utanåt meir enn tretti år etter at eg las det for første gongen.

Eg har alltid vore glad i eventyr. Eg hugsar grøsningane langs ryggraden og kitlinga i magen då eg og far låg på magen på plankegolvet heime og han las høgt for meg i den blå HC-Andersens eventyr- boka eg trur eg hadde fått til jul. Me las om folk som slo  i hel bestemora si og ville selgja ho på torget, eller som måtte gøyma seg i kista fordi dei tilfeldigvis var klokkarar.  Størst inntrykk av alle gjorde kanskje «Reisekameraten» om prinsessa som vart piska og bada for å bli rensa frå trolldomen og om den gode hjelparen som til slutt i eventyret viste seg å vera ein død mann… Eg var fem år, og budde i det huset Ingrid og Oddvar held på å pussa opp akkurat nå. Ei venninne av mor sa at ho ikkje trudde HC Andersen ikkje passa for små barn, og eg var livredd for at mor og far skulle tru på henne. Eit anna favoritteventyr var «De ville svaner,» der hovudpersonen, Elisa, måtte frelsa brørne sine som var omskapte til ville svaner gjennom å veva skjorter til dei av brennenesler. Ho unngjekk så vidt å bli brent på bålet som heks, og den yngste broren måtte leva vidare med at om dagane hadde han ei svaneveng i staden for ein arm fordi den siste skjorta aldri vart ferdig.

I Asbjørnsen og Moe sin versjon av eventyret blir brørne omskapte til villender, og ikkje til svaner. For å frelsa dei må prinsessa laga skjorter til dei av myrull, noko som i grunnen høyrest langt meir sympatisk ut enn brennenesler. Det er denne versjonen Kittelsen har malt, og Jan Magnus Bruheim har skrive dikt om.

Frå eg tok utdanning i forteljarteknikk, hugsar eg fylgjande sitat «Du skal fortelja barna dine mange eventyr, dei handlar om alt som skal skje dei sidan i livet.»

Eg trur det er sant. I eventyra står det om mange dyr som eigentleg var omskapte prinsar, dei er kvite og brune bjørnar, svaner, ender, stutar, oksar og til og med frosker. Den kloke kvinna som skal frelsa dei blir sett på umenneskelege og prøver i sin kamp for å frelsa dei frå dyrehamen. I Kvitebjørn Kong Salomon gjer prinsessa det einaste ho ikkje måtte, ho held lyset over mannen sin om natta, fordi ho aldri har sett han som anna enn ein kvit bjørn. Ho ser då ein vidunderleg prins, men fordi ho hadde teke seg til rettes og sett det ho ikkje måtte sjå, må ho gjennom umoglege prøver for å frelsa han frå trolldomen. Eg skal ikkje leggja ut all verdas tolkningar, men det er då ganske klokt… Og i likestillinga sitt namn så er det ikkje sikkert alle prinsesser er av hokjønn…

Eg skal ikkje sviva meg lenger inn i desse tankane, eg ville i grunnen bare slå eit slag for eventyra og for Jan Magnus Bruheim. Nå trur eg kanskje eg rett og slett skal sykla meg ein tur…

Heidi

One Comment
  1. Åse Kristin Klausen's avatar
    Åse Kristin Klausen permalink

    Eventyr er gull.
    Så bra du er med å løfter de fram i lyset.
    De er fulle av visdom.
    Som snakker til oss, om vår framtid og fortid og nåtid.
    De snakker om nennesket.
    Tusen takk. 🥰🥰🥰

    Åse Kristin Klausen

Legg att svar til Åse Kristin Klausen Avbryt svar