Den tyngste børa
Skapte er vi te bera
og lette børene for kvarandre.
Til fånyttes lever ingen.-
Men våre eigne bører
skal vi bera åleine.
Stor og verdfull er sorgi
du ikkje kan dela med andre.
Men fattigsleg, liti og arm er den glede
som du vil ha åleine.
Hjelpelaus er den
som ikkje har nokon å hjelpe,
og vere god mot.
Lik tre utan sevjestraum
turkast han inn.
Den mannen ber tyngste børi
som ingenting har å bera.
Jan Magnus Bruheim
Dette er og eit utruleg fint dikt. Eg har forresten alltid lurt på kva forfattaren meiner med vers to. «Men våre eigne bører skal vi bera åleine»? Er ikkje det som om han nektar andre den gleda han har skissert som ligg i å bera børene for kvarandre? Kanskje han meiner at me alltid må vera klare til å bera eigne bører og ikkje gå ut frå at andre ber dei for oss?
Eg hadde ein fin liten sykkeltur i kveld. Eg sykla litt i skogen medan det skumra og mørkna. Eg hadde gløymt kor mykje lydar det er i fuglane i skumringa, og eg hadde gløymt at det luktar annleis i skogen når det er mørkt enn når det er lyst. På himmelen hang det ein veldig stor og fin sigdforma nymåne. Eg lurer på om eg har høyrt at månen ser størst ut i september og mars. Om han faktisk er nærare oss då, eller om det handlar om lyset eller forhold i atmosfæren, veit eg ikkje. Og ellevte september kjennest framleis som ein spesiell dag. Det som nå etterkvart kallast meir og meir for «nine-eleven» på norsk og har vel sett spor i alle oss som var vaksne nok til å forstå alvoret i situasjonen. Måtte verda bli klokare. Som me syng i ei forbøn eg er glad i: «Gud skap i oss, tro håp og handling. Herre vær oss nær.»
Oscar er henta av Ingrid og Oddvar. I dag morges låg han fint og sov i dokkesenga si på eit saueskinn. Då me kom inn i stova strekte han seg og geispa og var heilt klar for dagen. Nå har eg som vanleg ein malande katt som helst vil liggja oppå hendene mine her på tastaturet. Cleopatra har pågangsmotet sine nådegavar og lar seg rett og slett ikkje avvisa. Dersom eg slepp henne ned på golvet, tek det tre sekund å hoppa opp på plass att. Men som sagt, ryktet seier at ein malande katt er godt for både blodtrykket og det meste anna. Eg likar at kattar er så uavhengige, hundar har eigarar, kattar held seg med stab. På butikken i dag såg eg ein plakat der nokon lova ei finnarløn på tusen kroner dersom dei fann den svarte katten deira som var sporlaust forsvunnen. Så vidt eg kunne forstå var det ein heilt vanleg katt som dei sikkert har fått gratis. Slikt er litt rørande.
Her er tastaturkatten min. I dag hadde me eit raskt besøk av Torhild som var på kurs her i byen… Kjempetriveleg.
Heidi

