Gå til innhald

Glad for å leva og redd for å døy

september 12, 2013

roser

Eg innrømmar det. Eg har alltid vore redd for å døy. Om det har samanhang med at eg er så glad i å leva veit eg ikkje. Det kan jo henda at det har ein slags samanhang, men eg trur jo at dei fleste som synest det er vanskeleg å leva er redde for å døy dei og. Eg har alltid tenkt på døden ganske mykje, kanskje meir enn dei fleste, sjølv om eg heldigvis har tenkt mykje meir på å leva. Kanskje er det slik for dei fleste av oss. Eg hugsar framleis frå eg var barn at eg og Solfrid Lima låg på eit slags betongdekke ute, eg klarer ikkje å hugsa kor det var, og snakka om døden. Ho hadde høyrt om ei jente som døydde og vart gravlagd i den nye kjolen, me grøssa saman med tanken på at det kunne vera oss. Det var og eit eige grøss i songen: «Var du med den gang, da de døvstumme sang, og de fingerløse spilte på klaver. Og en halvdød mann satt i bussen og sang: Vil du følge meg til graven når jeg dør». Litt meir humorisitisk anslag var det i det vesle diktet: «Min mann Mass, døde stille på dass. Med dolokk i hånden forlot han ånden…»

Kvar gong eg er i eit fly tenkjer eg intenst på døden, og det gjer eg rett som det er når eg kjører bil, spesielt viss eg sit bak rattet sjølv. Men det er vel ein del av det å leva å tenkja på å døy? Kanskje ein på eit eller anna punkt blir «mett av dage» ? Eg veit ikkje, det er litt vanskeleg å tenkja seg den tilstanden. Grunnen til at eg kjem tilbake til dette er at eg ikkje klarer å leggja vekk Jan Magnus Bruheim sine dikt om dette før eg har teke dei med her.

Eg innrømmer at eg i min relativt tilstadeverande fromheit, er uendeleg unna det stadiet ein syng om i songen «Da Jesus satte sjelen fri» nemleg «at døden selv en vinning er.» På hypokondaren si gravstøtte står det: «Kva var det eg sa?» Det er meir livsmot i det veldig sanne ordtaket: «Ein dag skal me alle døy, alle dei andre dagane skal me det ikkje.» Men nå gjer eg ordet til Jan Magnus Bruheim.

Fylgje

Frå fyrste dagen var det to
som fylgde ved di side.

det eine var ditt unge mod,
den andre var di kvide.

EI glede drog i handa di
dei ljose lukkestunder.
Men sorgi kom med handi si
og let ei verd gå under.

To fylgjer deg, Den fyrste dag
då du tok til å vandre
greip livet kring di eine hand
og døden kring den andre.

Jan Magnus Bruheim

I det neste diktet skimtar eg eit håp i det mørke:

Koma ein kveld

Ein kveld skal du leite
fram til ein stad
du aldri har vore før.
Fumle deg fram til huset,
opne ei dør.

Stå der og stryke
med blinde fingrar
over ting
som du ikkje kan sjå.
Veta dette:
De
i er i kring deg,
og til å nå.

Koma frå alt du veit
inn i eit ukjend rom.
Sitja ei anings stund
og vente.
og vera tom.

Kome ein kveld
til eit framand hus
når vegen er gått til ende.
Fumle med hendene-
ane det usedde
som ei kviskring.
Finne eit ljos
-og tenne

Jan Magnus Bruheim

Det siste diktet brukte eg i ein stil då eg gjekk på vidaregåande. Eg slutta stilen med å seia at det er panteistiske straumar i det, diktaren ynskjer å bli eitt med den heilage naturen. Min fine norsklærar, Øyvind Andersson, skreiv under at han likte stilen, men at han ikkje kunne vera med på at diktet var panteistisk. Tvert i mot såg diktaren føre seg ein ukjend domar… Eg innser at læraren nok hadde rett, men diktet gjorde sterkt inntrykk allereie då eg var atten. Eg lurer på om det framleis finst attenåringar som les dikt med same interessen som eg og nokre av venninnene mine gjorde det i si tid. Kven veit…

Mold for blomar

Ein dag skal alt vera annleis,
med skogar susar som før
og vatn renn i mot hav.
Med myrker, stjernor og måne
skal spenne himmelen
over ei grav.

Ein morgon
skal alt vera annleis.
Du skal ikkje vakne upp.
Men spiror skal bryte or jordi
og blomar opne sin knupp.

Ein kveld skal alt vera annleis
då skal du audmjuk
knele for ukjend domar
og be om den siste nåde,
um å bli mold for blomar.

Jan Magnus Bruheim

Og i morgon skal eg lova å halda ein lystigare tone… «For livet skal vi slåss så lenge det går blod igjennom oss…»
Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: