Vårrullekspedisjonen
Her ein dag fortalde Gunn meg på facebookchaten at ho hadde laga vårrullar etter ei oppskrift ho fann på internett, og at det smakte nydeleg. Det var ei oppskrift der ein steikte vårrullane i omnen i staden for å frityrsteikja dei. I går skulle eg ha litteraturgruppe her heime, og eg fann ut at det ville jo vera ein utmerka anledning til å prøva seg på vårrullar. Første skritt var å finna oppskrifta på nettet, det let seg ordna utan problem. Neste skritt viste seg å vera verre. Eg trong rispapir til å pakka vårrullane inn i, og det viste seg å vera ei vare som ikkje var til å oppdriva her i den vesle heimbyen min. Fredag morgon spurde eg på facebook om nokon visste kor eg kunne få tak i det, og svaret var at eg måtte til Sandnes sentrum eller til Kvadrat. To snille damer meinte at dei hadde i frysa og at eg kunne få av dei, eg takka ja til Gerd, men det viste seg at ho ikkje hadde likevel. Som ei handlekraftig dame foreslo ho at ho kunne ringa til ei thailandsk venninne på Vigrestad for å høyra om ho kunna hjelpa. Det kunne ho, me kunne få av henne. Det å kjøra til Vigrestad er ikkje det dummaste ein kan gjera, delar av vegen er med nydeleg utsikt over havet, og det er lite trafikk på vegen dit. Gerd hadde friføremiddag ho og, og stilde velvillig opp for å losa meg vel fram. Den søte thailandske dama ville gi meg omslag til åtti vårrullar gratis, men eg fekk lov til å betala det ho sjølv hadde betalt då eg insisterte på det.
Vel heime hadde eg lova Ingrid å koma innom henne for å drikka ein kopp kaffi og lesa gjennom ei oppgåve ho hadde skrive i teaterhistorie. Til slutt fekk eg det ganske travelt. Eg hadde bestemt meg for å laga heimelaga ripsis til dessert, og innimellom var det planen å få vaska og støvsugd litt. Det var ganske tidkrevande å laga vårrullane, mellom anna fordi det eg hadde kjøpt på Vigrestad viste seg å ikkje vera rispapir, men ein slags deig kjevla i tynne flak i ein stor stabel oppå einannan. Deigen var veldig lett å jobba med, men steikinga i steikeomn tok mykje lenger tid enn det som stod i oppskrifta, truleg på grunn av at dette var deig og ikkje papir. Dei vart ikkje så fine, men smakte ganske godt. Eg fekk melding frå to av ungane mine som fortalde at dei ville koma på besøk neste dag for å eta vårrullar dei og…
I dag hadde eg lova å vera mopsevakt for Oscar medan dei andre jobba med husoppussing. Dei hadde lagt ut rottegift etter å ha funne musegangar i isolasjonen, og Ingrid var redd at Oscar skulle eta rottegift med same appetitt som han går laus på det meste som kan etast. Begge brørne til Ingrid tilbaud seg å vera med på den innvendige husrivinga, og far hennar hoppa og i noko arbeidstøyliknande og hoppa i bilen. Eg gjekk laus på ein ny omgang vårrullar, for det var nesten tomt, og eg hadde jo fått heile åtti ark med vårrulldeig. Denne gongen droppa eg rekene som skulle hakkast og hast i saman med kjøttdeig, kål, gulrot, løk, kvitløk, chili, soyasaus og ingefær. Etter erfaringane frå dagen før, skar eg litt ned på chili og kvitløk, i staden hadde eg i meir løk. Nå hadde eg litt meir teken på det, og denne gongen såg dei heilt ok ut i tillegg til at dei smakte godt, og eit måltid det hadde teke tre timar å førebu forsvann rimeleg fort. Med alle ungane minus Sunniva i nærmaste nærleik og Oddvar og Oscar som bonus, får me heldigvis ikkje sjanse til å gløyma korleis det er å vera ein stor familie. Restane frå rispisen forsvann i rekordfard den og.
Og plutseleg var dagen gått. Eg fekk med meg både Eli og Carl Ivar Hagen som dansa på skal vi danse, og bortimot ein times spasertur, halvparten saman med Oscar og Ingrid vart det og tid til. Nå når eg har strekt dagen inn i natta, har eg og fått chatta ein halvtimes tid med Sunniva og rukke å slriva litt blogg. Sunniva fortalde glad og fornøgd at i morgon skulle dei ri på hestar opp i fjellet og derifrå skulle dei gå opp på ein topp. «Men Sunniva, du kan jo ikkje ri, sa eg. Ho svarte roleg at ho hadde sitte på ein hest eit par gonger før, og at det ikkje akkurat var galloppering dei skulle bedriva… Det går vel bra det og, og blir sikkert ei oppleving. Sjølv hadde eg ikkje i min villaste fantasi sett meg på ein hest for å ri på fjelltur i Bolivia… Men som tidlegare sitert: «Kjeften og motet har hjulpe så mange…»
Det er framleis mildt og fint haustver. Dersom det blir nokonlunde ver i morgon skal eg hausta inn dei siste ripsa og stikkelsbæra hos mor og far i morgon. I dag har me kost oss med store mengdar gode plommer frå onkel sin hage. Plommehagen høyrer ikkje til den delen av tomta som Ingrid og Oddvar skal kjøpa, så den eig me alle i lag inntil vidare. Ein minidose lyrikk heilt til slutt:
Frå 1000 meters høgd
slapp du spegelen.
Tusen kristallar
av det som var jag.
Ingrid Bråtveit og Cecilia Hansson ( Ei norsk og ei svensk dame som har skrive ei bok med kjærleiksdikt saman, det svenske og norske er filtra inn i einannan. Boka heiter «Loveprosjekt» og kom ut på Oktober forlag i 2009)
Nå har det teknisk sett vore sundag i meir enn to timar, så det er vel kanskje på tide å sova litt…
Heidi
LIknande innhald
From → Barna mine, Bøker, Kjærasten min, Livet og alt ein burde ;-), Mat
