Utruleg fint septemberver
Veret akkurat nå er bare nydeleg. Eg har hatt ein herleg dag som skribent og hundevakt. Me er så heldige at me får låna Oscar i helga, for Ingrid og Oddvar har reist til Oslo på konsert. Føremiddagen gjekk med til å jobba med det eg håpar skal bli ei ny diktsamling ein gong før jul, eg nyt å få sitja i fred og ro og skriva, bare med ein snartur innom internett av og til. I dag fann eg att Anne, som eg ikkje har hatt kontakt med på veldig mange år. Som eg har påstått før, i mine auge er sosiale medier på internett langt betre enn sitt rykte. Det å ha ein heil dag sett av til skriving, kjennest heilt fantastisk. Eg håper eg klarer å bruka desse dagane godt.
Klokka halv fem fann eg ut at det var på tide å koma seg ut i finveret og eg og Oscar spaserte ned til sentrum der det er potetfestival denne helga. Ikkje rart at jærbuen er godt i lag når dei kan kjøpa bøttevis med fine poteter på gata i strålande solskin. Det går og an å kjøpa dei ferdig bakte eller i form av komler i komleteltet. Nokre hadde teke med seg komlene og sat og åt dei ute i parken. På torget var det brn som opptrådde på ein scene og utanfor torgsenteret kunne ein senda barna sine nokre rundar i ein karusell for tretti kroner. Ryktet sa at dei hadde baccalao på kjøkkenet, og Jærbladet delte ut bombom til forbipasserande. Kanskje eg må ned ein tur i morgon og finna ut om dei sel heimesteikte potetkaker og lefser ein eller annan stad. Eg meiner dei gjorde det i fjor, eller var det kanskje året før.
Noko av det verkeleg koseleg med å vera lærar er at ein ofte treff tidlegare elevar på ein tur gjennom gata. I dag veksla eg eit par ord med Jane som gjekk i den første klassen min for sånn ca 26 år sidan. Eg møtte og to av dei nye førsteklassingane, begge i lag med besteforeldre. Det er så koseleg når elevane begeistra ropar namnet ditt og vil visa deg fram. Dagens kompliment må vera frå den eine farmora: «Han sa at han hadde så gilde lærarar, og då eg såg deg tenkte eg at du måtte vera ei av dei…
Det å driva handel med ein hund i band er ikkje det store, så etter ein tur gjennom gata gjekk me oss likegodt ein tur i Sandtangen. Blada begynner å bli haustfarga, raunbæra er oransje alt, og geiteramsen har fått ull nedover stilkane i staden for lilla blomar. Det lukta haust og våt jord. To timars vandring vart det på oss, og nå er prosjektet mitt å skriva litt til. Snart kjem kjærasten min heim frå Trondheim etter å ha vore student nokre dagar. I går såg eg og Halvard ein dokumentarfilm om Beethoven. Han er blitt så interessert i klassisk musikk innimellom alt det andre merkelege og kreative han driv på med, og det er spennande for meg og å læra meir om ting eg ikkje veit så veldig mykje om.
Sunniva melder at dei skal opp til eit eller anna høgt fjell, men denne gongen står ho over ativiteten «isklatring». Det er kanskje like bra. Sist helg datt ho av ein galopperande hest på vei ned ein fjellsti, men heldigvis kom ho frå det med nokre skrammer og var i stand til å ri tilbake til utgangspunktet. Alt i alt hadde viss turen vore ei fantastisk oppleving. Sjølv forstår eg ikkje heilt at nokon torer å melda seg på ein ridetur i fjella i Bolivia når dei ikkje kan ri. Kanskje eg lever med for mange begrensningar.
I november skal eg halda eit slags lite foredrag i Brynekyrkja om mellom anna det å skriva salmar. Foreløpig har eg ikkje begynt å skriva manus, men eg har tru på at det blir ein kjekk ting å gjera. Nå på sundag har eg ansvaret for ei bønevandring på kveldsgudetenesta, så me får ta den først. Eg har blitt spurt om å skriva ei pilgrimssalme, og fått forespørsel frå «Ung kirkesang» om å skriva songar som eignar seg for små barn. Alt høyrest kjekt ut, så arbeidsledig blir eg nok ikkje, men mest av alt har eg lyst til å få fasong på den nye diktboka, og kanskje skriva nokre biletbøker. Eg liker i grunnen å halda på med mange ting samtidig, så det blir det nok sjanse til.
Nå over til dikt som faktisk er blitt skrivne og står i bokhylla mi. I dag er turen komen til Skjalg Bye som har skrive lyrikksamlinga «Velkommen til krigen». Dikta er ganske mørke i tonen og romar mange kjensler rundt det som er vanskeleg i livet. Her kjem det ein smakebit:
Jeg lever med livet mot veggen
Alfabetet håner mine forsøk
Jeg prater meg inn i en dypere taushet
Lidenskapen min er rastløs og brutal
Jeg drikker isvann for å dempe ilden
Leppene mine slår sprekker
Du må være helt for å leve som en vulkan
Jeg kryper på knærne
Jeg har mistet korset jeg må bære
Maskene mishandler ansiktet
Smerten er åpen og universell
som gamle romerske blodårer
Jeg er blitt villedet
Jeg er forlatt
Jeg ber om
et språk som viser meg veien
til meg selv
Skjalg Bye
Det taslar av potar og klør inne i stova. Eg trur det er ein liten feriegjest der som gjerne vil ha selskap.
Heidi
LIknande innhald
From → Barna mine, Bøker, blomar, haust, Skriving
