Skip to content

Skal hanen gala frå potetskåla

september 21, 2013

Sunniva flyr

 

Liggja  bak ein stor stein

det gule graset frå i fjor

luktar våt jord

og kanskje er steinen ei gravstøtte,

kanskje det du skimtar

der bak den store tua

er hanken på ei skattekiste?

 

Du er barnet

som elskar gamle kyrkjegardar,

elskar dei rustne jernkorsa

med ville prestekragar

og skjelvande blåklokker

kvilande uryddig

mot uleseleg skrift.

 

Tankane er skålbrot

av gamle eventyr.

Resten diktar du sjølv,

det er den aller beste delen,

men du veit det framleis ikkje.

 

Til påske kanskje

skal hanen gala frå potetskåla

og du skal dyppa flatbrød

ned i den salte suppa

og eta bittersøte bitar

av neper og kålrabi

med skeia som er bare di.

 

Så skal du tetta holet i flaggstonga

med gammal fuktig mose.

Heidi

I dag ville bestemor ha vore 110 år om ho hadde levd. Det er rart å tenkja på et eit menneske som har vore så veldig levande store deler av livet mitt nå er over ei grense der det med all rimeleg tanke er nesten utelukka at ho kunne ha levd. Ho vart nitti år, så eg fekk behalda henne lenge. At det er gått tjue år etterpå er heilt ufatteleg, men likevel innser eg at det er sant for Sunniva var baby då ho kom på sjukeheimen. Eg hadde barselspermisjon, og eg og Sunniva besøkte henne mest kvar dag medan dei to store var på skulen og i barnehagen. Ho låg i eit seng og forsvann meir og meir inn i sjukdom og tankar om sin eigen barndom på Figgen. Likevel hadde ho stor glede av å sjå Sunniva driva krypeøvingar på golvet.

Det var rart å stå der med ei nesten nyfødd dotter på veg inn i livet og ei døyande bestemor på veg ut av livet. Eg var så glad i dei begge at det gjorde vondt. Den natta bestemor døydde var eg heime for å sova etter å ha sitte der utover kvelden. Då ho vart merkbart dårlegare kom bror min og henta meg. Eg tok med meg Sunniva slik at eg kunne vera der utover dagen om det trongst. Ei stjerne falt på himmelen, og bror min og eg tenkte på eventyret om «Piken med svovelstikkene», når eit menneske døyr fell det eit stjerneskot.

Då me kom fram kom mor i mot oss og fortalde at det var over. Snart fekk me koma inn, og bestemor låg i senga med haka bunden opp slik at ho såg ut som ei nonne laga av voks. Den skeive munnen etter slaget var blitt bein igjen, og rynkene var strokne ut. Eg kunne nesten sjå korleis ho hadde sett ut som ung, eller kanskje snarare korleis eit ansikt hadde sett ut om livet aldri var blitt skrive inn i det. Sunniva var tung og varm i armane mine. Eg fekk ei kjensle av å vera i nærleiken av noko heilag, samtidig hadde eg ei veldig vag kjensle av at «Nå besvimer eg kanskje». Det gjorde eg ikkje.

Eg var så heldig at dei første 5-6 åra budde eg saman med besteforeldra mine. Delvis budde me i same hus som dei og delvis i nabohuset. Det gjorde at eg alltid var heime når eg var hos dei, og at eg ofte var der lenge om gongen heilt til eg var nesten vaksen. På ein måte vaks eg opp med to mødrer, mor og bestemor. Det er ikkje sikkert det bare var lett for foreldra mine å bu så oppi foreldre og svigerforeldre, men for meg, og truleg for bror min og, var det heilt vidunderleg.

Diktet øverst i dette innlegget er eit tilbake-til-barndomen-dikt. Når eg kjenner ei bestemt lukt av rå jord, gammalt gras og til og med av potetgras, er eg tilbake der. På bestemor si potetskål var det bilete av ein hane og ein liten gard i bakgrunnen. Bestmor sa at det var hanen til Ole Berentsen, ein av naboane som heilt eigentleg heitte noko anna enn det ho kalte han. «Nå gjæle snart hanen te Ole Bærentsen,» sa ho og smilte tannlaust til meg. Eg venta, men han gol aldri. Ikkje for meg i alle fall.

Gratulerer med dagen, bestemor.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: