Ett er nødvendig
Skulle jeg mot formodning
bli salig
og komme i de saliges boliger
da skal jeg si til erkeengelen:
-Jeg har sett noe
som er hvitere enn vingene dine, Gabriel!
Jeg har sett myrulla blømme
på Lomtjennmyrene
heime på jorda.
Hans Børlie
Nå når eg eg kome til Hans Børlie sine dikt, så innser eg at ein diktar kvar dag ikkje let seg gjennomføra. Eg fekk det ikkje til med Jan Magnus Bruheim, og endå mindre får eg det til nnå. Så me får ta tida til hjelp, for det er så mykje fint eg har lyst til å dela med meg.
Kveldsgudstenesta var fin. Det alle finaste var då eg teikna korsteikn i handflatene til andre menneske under bønevandringa og lukka handa deira forsiktig etterpå som eit teikn om at dette skulle dei bera med seg ut i det store livet. Det var nesten som om himmelen opna seg i små glimt. Det som var dumt var at eg fekk litt dårleg tid då eg skulle gå. Snille Leif Andenes lova å rydda stearinlysa for meg, og så gløymde eg heilt av at eg hadde eit bord med steinar på eit dekke av svart tøy over eit landskap bygd opp av slamebøker. Eg kom ikkje på det før eg hadde vore heime i ein halvtime, eg reiste ikkje tilbake, for eg rekna med at dei som rydda kyrkjeromet kanskje var gått og at dei hadde tatt det for meg. Har prøvd å senda dei sms, men har ikkje fått svar. Viss eg ikkje høyrer noko i morgon må eg kanskje bort og sjekka om rotet mitt ligg der framleis…
Eg må ta med eit dikt til. Det er eit av dei finaste dikta eg veit om av alt som er blitt skrive.
Ett er nødvendig- her
i denne vår vanskelige verden
av husville og heimløse:
Å ta bolig i seg selv.
Gå inn i mørketog pusse sotet av lampen.
Slik at mennesker på veiene
kan skimte lys
i dine bebodde øyne.
Hans Børlie
Så det blir den vesle utfordringa mi i kveld til alle som les: Hugs å ha bebodde øyne…
Heidi
«
