Skip to content

Ordet går til Hans igjen

september 23, 2013

Heidi med Osci og Cleo

For han har så mange fine haustdikt. Nå når eg har lese mange dikt av Hans Børlie, legg eg merke til at han er veldig oppteken av dette med livet og døden og av dette med å nærma seg ein Gud ein ikkje veit kven er. Eg lurer på om dette vemodet i mykje av det han skriv er noko av det som appellerer så sterkt til meg.  I dag vil eg dela nokre slike dikt, bare fordi eg synest han skriv så fint at flest mogleg må få lesa. Eg har hatt ein fin ettermiddag og kveld i lag med tidlegare kollega og venninne Tove, som eg ein gong reiste til Afrika i lag med. Ho er på alder med mor mi, men det betyr ingenting. Først hadde me eit langt og koseleg måltid på kinarestaurant som ho insisterte på å spandera. Så fortsette me samtalen heime i sofaen min med plommer og stearinlys. Nå har eg akkurat vinka farvel, og her kjem Hans Børlie.

Høstkveld

Jeg sitter inne i et fugleskrik…

I dette sære lyset av kvit lyd
ser jeg min sjel i et syn.

Den har auger som en skremt fugl
og det later ikke til at den
kjenner meg.

Den stirrer på meg. Stirrer på meg
med det sugende svartblikket

Fullt av undring og angst.

Hans Børlie

*

Noe

Vi byttet bort Gud mot et gudløst savn,
men noe er helg for oss alle.
Noe- vi veit ikke navn.

Noe er hellig hevet
over et lavland av tvil.
Vend deg mot vest når sola
synker bak trøtte mil.

Da skal du ordløst ane
vingeslag gjennom ditt bryst.
Bak blåfjella hvisker noe

bortenfor sorg og lyst.

Hans Børlie

Septemberskål

Lufta er gyllen
som klostervin, klar og kald.
September-
en klang son i tynt krystall:
Døden klinker med Gud.

Hans Børlie

I går opplevde eg noko litt merkeleg. Eg sat og jobba med eit dikt eg skreiv då me mista Morten, nevøen min som døydde bare litt over tretti år gammal for halvanna år sidan. Samtidig fekk eg sms av ei venninne som lurde på om eg hadde eit dikt som handla om å mista nokon som blir riven vekk brått og brutalt og alt for tidleg. Då sende eg det diktet eg akkurat var i ferd med å skriva feerdig og lurde på om ho kunne bruka det. Eg tek det med her og når eg først er i gang.

 

Til ein som skulle vore her lenger

Sorga

etter deg

ei pute av ordløyse i strupen

ein svart liten fugl bak ribbeina.

 

Kvalme som fyller halsen

eit veksande tomrom

rundt hjartet ein stad

der tonane skjelv

frå strenger i moll

mjuke, men utan stemme.

 

For kva skulle ein vel seia?

Kva skulle kunna bera meining?

Bare kviskra  ei ordlaus bøn.

Miskunna deg over oss.

 

I morgon melder dei fint ver når me skal gå på tur. Då slepp me kanskje å ha på regntøy. Det skal bli kjekt. Så skal eg ha forteljarstund for alle elevane på første trinn. Det skal og bli kjekt.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: