Den store musikken
Nå er eg nettopp heimkomen frå ein nydeleg tur i Njåskogen saman med Torun og Torbjørn og med Oscar i band. Dei var heime på Jæren ein snartur for å feira ein familiegebursdag, og eg var så heldig å få ein tur saman med dei. Eg trur eg har den finaste buketten med venner som tenkjast kan, og det er eg utruleg takknemleg for. Eg hadde ikkje snakka med Torun sidan i sommar, og Torbjørn hadde eg ikkje sett sidan i mai, så det var veldig fint å vera i lag. Eg gløymde dessverre den fine i-phonen som eg har arva etter at ein annan her i huset oppdaterte sitt utstyr, så eg fekk ikkje fotografert dei fine haustfargane i skogen. Nokre år bles blada av trea nesten før dei har fått haustfargar, men i år har det vore mykje fint ver. I skogen gløda det i solgult, raudt, oker og oransje, kanskje eg må dit i morgon igjen. Me kom oss litt ut av stien og ende med å måtta gå over eit jorde, og krypa under eit par gjerde, men fram kom me til slutt.
I dag er det ein merkedag i heimen. Det er nøyaktig nitten år sidan Halvard vart fødd, og eg går inn i mitt aller siste år som tenåringsmor, og eg må vel innsjå at nå er dei faktisk vaksne heile gjengen. Jubilanten melde at han ikkje ønska stort oppstuss om gebursdagen, men det vart nå litt kake til frokost og ein familiemiddag i morgon. For eit par dagar sidan kjøpte han seg keyboard og ville gjerne ha deler av det som gebursdagspresang. Han har ein stor samling instrument nå, men eg trur det blir mest kosespeling på pianoet. Halvard er kanskje det aller mest kreative menneske eg kjenner, og eg er spent på kor han skal hen med kreativiteten sin. Dessverre er ikkje det å vera skapande noko veldig mange kan klara å leva av, men har ein mange kreative idear så blir det ikkje kjedeleg å ha fri heller. Sjølv er eg inne i ein fase der eg aller helst vil skriva, skriva og skriva. Om eg ville likt å leva av det om eg kunne, er eg likevel ikkje sikker på. Eg er utruleg glad i å vera lærar, og blir veldig knytta til elevane mine. Den store balansekunsten er å få plass til alt saman i eit vanleg liv og samtidig klara å prioritera fysisk aktivititet, gode venner og mykje ro og ettertanke. Det går ikkje heilt i hop, men det er kanskje like bra. Levande vanlege menneske er langt frå perfekte og langt frå maskinar, og det kan me sikkert prisa oss lukkelege for.
Sjølv er eg ei stor pyse på nokre felt i livet. Eit av dei er sjukdom. Akkurat nå er eg supernervøs kvar gong eg opnar postkassen fordi eg ventar på dette brevet frå mammografvesenet om korvidt alt er i orden etter rutinescanninga, eller om det skrur seg til med nye undersøkjingar. Det er sikkert menneskeleg det og, men eg trur eg er verre enn dei fleste. Fantasien er heilt i orden for å seia det slik og me hr alle vår tur til å koma på tynnare is enn vanleg. Livet er som ein stor komposisjon der rytmane og mønstera i musikken er skiftande heile tida. Likevel er det ikkje tvil om at nokre menneske ser ut til å ha ein lysare grunntone i musikken sin enn mange andre. Me kallar det vel å ha eit lyst sinn, men korfor nokre menneske er velsigna med det medan andre slit heile livet med tungsinn er ikkje godt å vita. Det må vera ei stor belastning å gå rundt å vera sur heile tida, og det er vel all grunn for oss som ser lysare på det å ver ekstra vennlege når me møter sure folk. Dei må ha det fælt.
Halvard spelar musikk. Han liker det meste, men i det siste har han høyrt på mykje klassisk. Eg liker å høyra på klassisk musikk som bakgrunnsmusikk frå radioen når eg held på med andre ting, men eg må innrømma at viss eg set på musikk for å lytta, så blir det sjeldan klassisk musikk eg lyttar til. Det er framleis mange rom å oppdaga, mange med musikk i, og mange som rommar heilt andre ting. Akkurat nå gir det meg veldig stor glede med systematisk diktlesing. I bokhylla mi hadde eg ei tredje bok av Henning Kramer Dahl. Denne kom ut i 1995, og det var altså ikkje lenger den purunge lyrikaren som hadde skrive. Eg var litt spent på korleis han skreiv då han var nokon og tretti år gammal. Boka heiter «Værhårmusikk» og viste seg å vera dikt skrivne til ulike komponistar. Eg tek med nokre av dei her.
Ein musikarkollega av meg i kulturskulen kommenterte at det var så mykje musikk i dikta mine. Det er heilt rett, dette med musikk er som eit slags motiv. Det står og mykje om ulike musikkinstrument. Eg har alltid drøymt om å verkeleg kunna spela på eit eller anna instrument. Eg har fleire venner som er dyktige musikarar. Dessverre har det aldri blitt min veg. Eg har prøvd meg litt med piano, gitar og fløyte, men eg er nok rett og slett ikkje veldig musikalsk i den instrumentale betydningen av ordet. Eg veit at eg ville hatt utruleg stor glede av å kunna spela, men eg har vel forsona meg med at det kjem eg nok aldri til å oppnå. Eg får gleda meg over å høyra på dei som heilt opplagt har fått gavar som ikkje er utdelte til meg. Men nå over til Kramer Dahl og komponistane.
Wolfgang Amadeus Mozart
Utslettet i desember… til
jubelsorg fra mindre hjerters
grådige slag. Det som var
overdådig gaverikt og sykere
og slitnere enn noen ante, har
stilt sin fremtids toneverden
til tjeneste hos en ukjent
uviss, kanskje diktet, og vi
står lykkelige igjen med
gårsdagens skyggemusikk, som
får oss til å gløde lik
sankthansormer kastet over
sommeren, lukt i armene på en
viner han har sluppet unna.
Vi som fulgte kisten til det
tomme feltet bak kirjen, til
det første hullet mellom
røtter nylig avskåret fra
lyset, kunne få oss til å
tenke: han er død, men
musikken spiller videre. Så
tok vi feil, som trøsten har
for vane. Det vi trenger, har
forstummet. Det vi hører, er
vår egen såre gråt.
Henning Kramer Dahl
*
Johann Sebastian Bach
Korallene slår gnister i
verdens natt, men de stanser
ikke snikskytterens kule på
vei mot syvåringens ansikt.
Preludiene bender mørkets
harde hender tilbake, men de
hinderer ikke moren i å fordøye
sønnens død før også hun forblør
på fortauet blant ivrige TV-team.
Fugene sprenger åpent eg hull
mot dagen, men selv ikke den
siste ulvens skinnmagre skrott
klarer å klemme seg gjennom.
Toccataene flammer som fakler,
mrn de nyfødtes antall vender
det myke underet til ondskap.
Pastoralens ro demper ikke
lyden av motorsager som eter
seg gjennom regnskogen.
Suitene følger deg til graven,
men ikke lenger.
Henning Kramer Dahl
I kveld skal eg på premieren på «I blanke messingen», der Jan Ivar spiller en arbeidsledig fabrikkarbeider som sammen med kameratene vil prøve seg som stripper i et siste håp om å finne en måte å tjene penger og å gjenvinne sjølvrespekten på… Det er ein musikal bygd på den meir kjende filmen. Eg såg ein prøveforestilling, og veit at nå kan eg bare gleda meg. Jan Ivar kjem til å ha ein stor gjeng kolleger på første rad, så nå har han bare med å innfri… Og før det så er det eit og anna å henga fingrane i her i huset , ja… Bare i tilfelle nokon lurde.
Heidi
LIknande innhald
From → Barna mine, Bøker, Filosofi, Gode venner., haust, Livet og alt ein burde ;-), Musikk, Poesi, Skriving

«Sankthansorm» – där har jag lärt mig något nytt 🙂
Och… den sista gillade jag bäst.
Kva heiter sankthansormar på svensk? 🙂
🙂
Lysmask