Skip to content

Første posisjon

oktober 4, 2013

8704779911_d585657cab

Eg sit her med ullsokkar på føtene og panelomnane på og jobbar med den nye diktsamlinga mi. Det er eit krevjande, forvirrande og veldig kjekt arbeid. Klokka går så fort at eg rekk å registrera at det kanskje er på tide å bruka tida på litt andre ting og… Ingrid har vore innom med nydelege roser, og så åt me varm suppe på kjøkkenet for å feira at nå har me haustferie begge to. Ho har hatt travle veker med husoppussing, heimeeksamen og det å skulla laga eit eksperimentelt teaterstykke over Astrid Lindgren sine bøker om Madicken. Det siste er ei oppgåve ho har i samband med dramastudiene sine.  Det at det skal vera eksperimentelt har gruppa hennar kome fram til sjølv. Dei har fått utdelt Madicken og 1 stk whitebox, og så skal dei laga, øva inn og spela fem skuleforestillingar. Det høyrest så spennande ut at eg nesten får lyst til å bli dramastudent sjølv og.

Sunniva er i Bolivia og opplever at livet der er veldig ulikt det me har her heime, ho skriv i bloggen sin (utdrag) :

«Disse to verdene som eg no har ein tilhørighet til,  er så paradoksale. Så ulike. Det er rett og slett vanskelig og takle av og til. Eg håper sjølvsagt at eg aldri gløymer alt eg såg her. Eg håper at eg kan leve eit verdig liv når eg kjem heim til Noreg óg. Eg håper at eg aldri gløymer barneheimsbarna, og kva dei lærte meg. Eg vil ikkje komme heim og berre forsvinne inn i dei overfladiske tankane igjen, eg vil huske alt eg lærte. Men då må eg óg huske all smerten eg opplevde.
Eg saknar Noreg meir og meir, og mindre og mindre for kvar dag som går. »

Ho sluttar nå med å skriva om at ho gleder seg veldig til å koma heim fire dagar før julafta. Eg forstår at det ikkje er enkelt å sjå korleis andre har det og samalikna med den luksusen ein sjølv har vakse opp med. Og eg tenkjer at av og til veks ein av å måtta kjenna på andre si smerte og den verken det kan skapa inne i ein sjølv.

Og eg sit her og vasar og leikar med ting eg sjølv har skrive. Nokre gonger tenkjer eg at dette er bra, og nokre gonger tenkjer eg at dette er bare tull… Ein blir litt blind på eige arbeid, og må i alle fall ta pausar av og til. Eg spør meg sjølv kva eg vil formidla og korleis eg skal gjera det. Skal eg gå for det kvardagslege, fromme, folkelege, humoristiske eller surrealistiske. Svaret blir vel litt av alt for alt dette er på ein eller annan måte ein del av meg. Eg lurer og veldig på om eg skal gå for ei ganske tjukk diktsamling med bare tekstar, slik som den eg laga i fjor, eller skal eg gå for eit smalare utval og laga ein variant med mine dikt og Leif sine fotografi? Kanskje begge deler? Men det blir sjølvsagt dyrare enn å gå for det eine alternativet. Dersom nokon har synspunkt på det blir eg glad for å få dei…

Midt oppi arbeidet sit eg her og smugles litt på Henning Kramer Dahl sine dikt. I boka «Dansestykker for legeme og stillhet» har han laga små kapitteldikt som handlat om dikt og dans. Eg trur eg tar med desse. Framleis er det slik at dikta er skrivne av ein mann i tjueårsalderen. Eg trur alderen hans er det som imponerer meg aller mest.

1. posisjon

Født til å danse
Under en blekgul måne,
Født til å dø i gresset.

*

2. posisjon

Brød og vin; her er alt vi trenger.
Men sulten har forlatt oss,
Tørsten er ikke mer.

*

3 .posisjon

Ord som skal bli dikt,
I det minste skygger.

*

4. posisjon
Gjøglerne på torvet
I sommerstillheten.
Gi dem din blodfulle rose.

*

5. posisjon

Siste utvei: Berøringen

Henning Kramer Dahl

Eg hadde tenkt å la det bli med dette, men eg trur jammen eg tek med det siste diktet i denne lyrikksamlinga og. Det er eit tema som passar meg i dag.

Diktergjerning

Først dikter jeg en slette som aldri tar slutt.
Så dikter jeg et tre på denne sletten og med fugler i.
Så dikter jeg en slange av grus som bukter seg mot horisonten.
Så dikter jeg en by med hvite murer og med høye tårn
Som stanser slangen i dens streben mot denne horisonten.

*

Så dikter jeg et hus av glass og øde rom og lengsel.
Så dikter jeg i dette huset skapningen av henne jeg elsker
For å lege denne lengsel, disse åpne sår av savn.
Så dikter heg liv i epleplukkerskens bryst som om jeg var Gud.
Når mitt skaperverk bevrer av åndedrag, begynner jeg endelig

*

Å dikte det jeg kom hit for å dikte:
Kjærligheten Lidelsen og det nådeløse Fravær.
Så dikter jeg skyld det ikke finnes soning for,
Før døden denne sorte engel legger hånden på min penn:
Det er nok nå. Resten dikter jeg.

Henning Kramer Dahl.

Og eg for min del får ta ein prosaisk pause i diktninga, varma resten av spaghettien til middag og ta ein tur med Oscar som er her og held meg med selskap i dag.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: