Det sommarfarga romet
Eit av roma i boka mi er sommarfarga. For at ingen skal tru at heile diktsamlinga handlar om sorg og død, tek eg med eit par av sommardikta til å varma seg på-
Sommarnatt
Juninatta
går over streken
og blir til juli.
Sommaren legg seg
over på ryggen
snur seg
frå barn til mogen kvinne,
og let myggane forsyna seg
med siste drope blond uskuld.
Sommaren opnar famna si
mot mørkare netter,
mot moge mangfald.
Rabarbraen blygnar
og strekkjer forvaksne armar
drøymande fram
mot stikkelsbær og mjuke plommer.
*
Dekka bord
Me dekkjer bord midt i alle luktene
oppvarma grillkol og jasmin
villroser og nyslått høy.
Dekkjer bord med fenikkel,
med sukkererterbelgar,
fulle av fullkomne grasgrøne perler.
Dekkjer bord
med raude løkringar,
og olivenfarga auberginer
som sprengjer mot
det mørke skalet sitt.
Midt i det heile
legg me valnøttkjerner
og heller over salt og olje.
Me tenner mygglys
og takkar for natta,
for at ho ikkje har tenkt
å leggja seg på lenge.
Så fint at du kom hit,
seier du,
eg svarer med å smila
eit sommardikt
eller noko liknande.
Ein hund spring gjennom graset
og lograr mot det heilage.
Heidi

