Gå til innhald

Det kvite romet

oktober 21, 2013

hender. Svigermor og svigerfar

Det er blitt skikkeleg haust ute. Det er kaldt og vått og blåsande. I helga har me jobba ganske mykje med å få ferdig både foto og manus til diktboka som nå blir eit fellesprosjekt for oss. Eg har landa på at boka skal heita «Det kvite romet.» Eg har organisert ho slik at det er seks ulike rom med tekstar. Den delen som vart størst heiter «Det kvite romet». Det siste året har som eg har skrive før vore prega av at me i løpet av ca 14 månadar mista fire personar i den nære familien. Tre av dei var gamle og sjuke, og me fekk på ein måte veldig nær innpå livet korleis det er å bli gammal og sjå livet sitt forsvinna. Sidan eg skriv ut i frå det eg lever og opplever, har eg skrive ganske mykje om akkurat dette det siste året. Boka me lagar skal ikkje vera alt for privat, derfor må me tenkja på at fotografia me brukar ikkje skal vera private heller. Me har funne ut at biletet over balanserar som eit allment fotografi. Det du ser er svigerfar som held svigermor i handa den siste dagen me hadde henne. Dette arbeidet gav oss på ein måte ei kjenning av sorga me har opplevd fleire gonger det siste året. Me har sitte med ein klump i halsen og sett bilete med sjukehussenger og konfektøskjer, med rullatorar og intravenøs-stativ. Av gode stunder og av ansikt der motet er svinnande. Leif er ein flink foto-journalist, synest eg. Me har og bilete av ulike kister med lys og kransar rundt og med helsingar på sløyfene. Dei fleste av desse bileta er bare for oss sjølve,men eg er glad for at me har dei. Eg tenkte eg ville dela ein tekst frå denne delen av boka. Det eg håpar er at dikta kanskje kan skapa trøyst og gjenkjenning hos andre som opplever noko av det same.

 

Bare dette tomromet

Tårene legg seg flate
og kjem ikkje ut.
Tankane flyt
heilt utan lyd
Bare dette
tomromet
og dirigenten
med løfta taktstokk.

*

Eit høyrbart knepp i låsen

 

Gyngande, susande,
duvande, voggande,
alt me gjorde
og ikkje gjorde.
Tankane ber oss til døra,
ho lukkar seg
med høyrbart knepp i låsen.

 
*

Henta av tida

Neste morgon henta tida deg.
Før nokon hadde tenkt det
låg du i ei seng på sjukehuset
og smilte beklagande
fordi du hadde falt,
og kunne vera til bry
både for den eine og den andre.
Du bad sjukepleiarane gjera alt
slik det var enklast for dei.

Mannen din med den svarte paraplyen
på venteromet og ved senga
var plutseleg ein rank riddar
som på ingen måte ville heim og kvila litt.

Me smilte til deg
og bad til gode makter
om å få ha deg her hos oss
bare litt til,
dersom det framleis var mogleg
med den brekte nakken.

Først fekk du sleppa nakkekragen,
så tok dei av deg oksygenmaska.

Du klemde sønene dine
kjærleg og heftig
Medan blikket vart bleikare
og hendene dine vart større.

Me fekk ta fylgje heilt til porten
medan barna våre gråt
i mobiltelefonar
ein annan stad i landet.

Då me slapp inn
til deg
ein time seinare
var alt blitt kvit fred.

Men sjølv hadde du reist frå oss.

*

Menneske treng menneske

 

Menneske treng menneske
til inngang
og til utgang.

Til å venta saman med

når romma blir for store

og orda blir for små.

Treng menneske
når dører skal opnast og lukkast,
til å pusta saman med,
til å venta saman med,

medan George Harrison sin gitar
græt stille og vennleg

ein stad ute på gangen.

 

Heidi

 

 

 

dlønn i oktober

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: