Watching the wheels go round and round…
Etter å ha vore sosial saman med veldig hyggelege menneske fire kveldar på rad, er det på tide å skriva litt her. Då gjeld det å finna ein tråd det kan passa å begynna med, og i dag vart det eit bilete av gryta mi i første fasen av eit suppekokingsprosjekt i går. Mørke novenberkveldar er som laga for varme supper, og dei siste fire kveldane har det blitt rykande varm suppe til kvelds. Me er blitt for lite flinke til å invitera gjester her i huset, vekene går i eitt og plutseleg er det helg utan at me har kome så langt som til å bestemma oss for å invitera gjester. I går hadde me for første gong på lenge invitert venner på lørdagsbesøk. Det var veldig hyggeleg og både indisk langkokt kyllingsuppe, varm eplekake og nysteikte rundstykke smakte som dei helst skal gjera. Kvelden gjekk alt for fort, og det samen gjorde dei tre foregåane kveldane saman med tre ulike gjengar med venninner. Av og til skjer det meste samtidig, og livet blir eit einaste langt selskap. Nå kjem det ei litt rolegare veke sånn sosialt sett, og det blir fint det og.
Det skjer veldig mykje spennande for tida. Me trudde me skulle fått den ferdige dikt- og- foto-boka før helga, men det vart ein liten forsinkelse med trykkeprosessen fordi dei ikkje hadde inne det papiret dei skulle bruka. Nå håpar eg at eg får ho i hendene ein av dei første dagane. Det er alltid kjempespennande å reint fysisk bla i og halda ei ny bok. Ein veit aldri heilt korleis ting blir før ein får kjenna og sjå. Det me veit nokså sikkert, er at omslaget kjem til å sjå slik ut:
Elles så er eg i full gang med å planlegga det som skjer neste sundagskveld. Då skal eg fortelja i kyrkja om det å skriva salmar, og om den nye salmeboka som eg er representert i med to eigne salmar og to omsetjingar. Slike oppdrag er alltid spennande, og eg kjenner at setningar og vendingar sviv omkring under topploket. Eg veit sånn ca kva eg skal seia, men må førebu meg endå grundigare i veka som kjem. Ein sundagskveld i desember skal eg vera sundagsgjest i Hinnakyrkja og snakka om adventtida og om det å skriva trur eg. Kanskje eg kan bruka litt av det same då og, det vil visa seg sånn etterkvart. kor tid som helst nå kjem det inn ein telefon, eg har sagt ja til å blir intervjua over telefon for eit menighetsblad i Stavanger om det å skriva salmar. Eg burde kanskje planlagd det og, men nå er planen min bare at eg skal ta den telefonen og seia det første som fell meg inn, og så får eg håpa det blir greitt… Eg ler litt av at eg av og til skal ta på meg salmediktarhatten og representera salmediktarane. Som ein venn av meg sa då eg møtte han på Bryne på fredag «Den litla jentå, og så kåma i salmebogjå mæ adle dei berømte salmediktarane… Det er vel litt slik eg føler meg, og eg takkar og bukkar for formuleringa «Den litla jentå», den setningen skal anvendast til innvortes bruk for alt han er verd i lengre framtid…
Men dagane byr på andre små utfordringar enn å springa rundt og leika salmediktar… På torsdag ettermiddag hadde eg svara ja til å sitja som «basarkåna» på ein av butikkane her i byen og selgja lodd til juelmessa. Som seg hør og bør, stilde eg med eit handkle eg broderer på som skal selgjast på julemessa og eit krus varm kaffi frå bakeriet like ved. Nokon aggressiv selgjar er eg på ingen måte, så eg velde å bare sitja der med kaffi, broderi, loddbøker og vekslepengar i tilfelle nokon av dei som kom inn for å handla hadde lyst til å kjøpa lodd heilt av seg sjølv då dei såg bordet med fin kunst og basardokke med masse klede. Ute regna og hagla det og det var behageleg avslappande å bare skulla sitja der i ro og fred i to og ein halv time,sjå menneske koma og gå, snakka med folk som kom bortom, selgja eit lodd og to og bare observera livet. Ein kan nærast beskriva det som i songen: «I´m just sitting here watching the wheels go round and round…»
Og der ringde telefonen, og eg har snakka og snakka om det å skriva salmar, Kampen menighetsblad skulle senda meg intervjuet til godkjenning og ville samtidig gjerne at eg sende med eit foto. Det var det då… Eg finn vel eit eller anna ein plass på harddisken…
Eit anna litt spennande prosjekt er at eg prøver å laga ein julesong saman med ein av sønene mine, som for første gongen prøver seg som komponist. Eg trur at teksten er sånn nokonlunde klar, men melodien og kanskje tekstrytmen og må finpussast litt til. Eg håpar at eg får leggja ut noter og lydfil når melodien er heilt ferdig, men nå har eg lyst til å leggja inn teksten slik han er. Melodien som er laga gjer at teksten nok er mindre stringent og minimalistisk enn han ville vore om teksten kom først. Kanskje det er meir ei julevise enn ein tradisjonell julesong. Teksten får to ulike melodiar slik at annankvar strofe er på melodistemmen og annankvar strofe er på refrengstemmen. Eg tek gjerne i mot gode råd om det ser noko som ser rart ut eller som ikkje fungerer. Ein god sundagskveld til dokke alle. Heilt til slutt vil eg ta med eit par tekstar av dagens diktar, som framleis er Arnold Eidslott.
Julefred
Vinterkvelden
han legg seg rundt husa,
det er mørkt,
og det er desember,
snart kjem natta,
ho pakkar inn fjell og tre,
men her inne er julefred.
ref
Lysa er tende,
me sit saman her,
ser eit bål flamma i peisen,
kjenner det store
kvila i alt smått,
alt er stille, – og det er godt.
Du som kom
som ein nyfødd i stallen
du som var
liten i det store,
kom med kjærleiken din ,
kom og finn oss att,
kom til oss, det er julenatt.
ref:
Natta er mørk,
og me sit saman her,
kom og finn oss,
for me lengtar,
tenn våre lys
midt i det store nå,
vis oss vegen som me skal gå.
Stjernenatta
har lagt seg rundt husa,
det er mørkt,
og det er desember,
sjå det lyser frå hus
og frå juletre,
det er natt, det er julefred.
ref:
Stjernene lyser
det er julenatt,
våre lys skin
nå i natta
lys i det store
tende i det små
møter lysa der oppe nå.
Heidi
Og så får Arnold Eidslott det siste ordet i kveld:
Den vise
Barnet kjenner svaret
Barnet vet hvor gåtene
finner sin løsning barnet
kjenner visdommens kilde
Barnet tviler aldri aldri
på at svarene må finnes
Barnet smiler trygt barnet
løfter blikket og sier far
far hvorfor hvorfor du far
Arnold Eidslott
De navnløses kor
Når gråten tar meg
uventet som en brottsjø
på den nattstille fjorden
da famler jeg etter en sjygge
ved min venstre hånd og hvisker
med salte lepper til ein åpenbaring
ved min høyre hånd til det eneste navn
i de navnløses kor navnet som bærer verden
Arnold Eidslott
🙂 Heidi
LIknande innhald
From → Barna mine, Bøker, Gode venner., haust, Kjærasten min, Mat, Poesi, Skriving, Tru



