Eit smertefritt liv
Med eit bilete frå det fine morgonlyset på arbeidsplassen min, har eg lyst til å skriva om noko eg nettopp høyrde som tema i eit program eg tilfeldigvis fekk med meg litt av på radioen. Eg trur han som sa det var psykiater, men dessverre hugsar eg ikkje heilt kven det var. Han meinte at eit av dei store problema med å veksa opp var at mange ungdomar trudde dei hadde rett til, og nærast var forplikta til å prestera eit smertefritt liv. Ein av konsekvensane av denne misforståinga, var at medikamentbruken blant ungdomar var skremmande høg. Ikkje bare det at me straks tyr til smertestillande om me har vondt i hovudet eller ryggen, men for mange er det og slik at me gjerne vil ha ein pille for alt som gjer vondt inni oss. Psykiataren meinte at me svikta dei som veks opp om me ikkje fortalde dei at det fantest smerte i alle menneskeliv, både fysisk og mental smerte. I periodar av livet ville dei fleste til og med oppleva mykje smerte både på den eine og den andre måten. For å bli eit sterkt og robust menneske må ein rett og slett læra seg til å leva med tanken på at ganske mange ting gjer vondt, og at det faktisk er ein del av det å vera menneske å våga å kjenna på smerte utan å få panikk.
Eg har tenkt ein del på dette etterpå. Eg trur han har mykje rett i det han seier. Den som nektar for at det vanskeleg finst, vil få eit forklaringsproblem overfor seg sjølv. Det er ein lang veg frå å erkjenna at det finst ein del som gjer vondt til å dyrka det triste og vonde. Gjer me barn og ungdomar urealistiske forventningar til korleis eit godt liv skal vera? Vil unge menneske kjenna seg mislukka dersom dei ikkje får til det perfekte, friksjonsfrie og lukkelege livet dei møter i colareklamane? Korleis lærer me barna og ungane, og forsåvidt og oss sjølve, å ta i mot livet som kjem på ein god måte sjølv om deler av det gjer vondt?
I morgon skal eg fortelja elevane i første klasse om Sidharta Gautama, den nordindiske prinsen som vaks opp i eit beskytta liv på slottet, der far hans ville skåna han frå å vita at sjukdom, alderdom, svolt og død finst. Då han i vaksen alder oppdaga sanninga om livet braut han med alt og prøvde seg både som tiggarmunk og asket før han etter å ha fasta i og meditert i førtini dagar før han opplevde ei såkalla oppvakning og vart til Buddha. Dette skjedde for to og eit halvt tusen år sidan om ein skal tru historia, då eg sat og førebudde RLE-timen min, fekk eg ei ny påminning om psykiataren eg høyrde på radio og blogginnlegget eg akkurat då tenkte eg skulle skriva.
Dei fleste gamle historier inneheld viktige sanningar av livet. Det er det som er grunnen til at ein del av dei får eit så langt liv. Dei gamle segna og eventyra blir forma ved at folk fortel dei omatt og omatt, og dei viktige menneskelege erfaringane blir hengande fast i forteljinga, medan det overflødige blir slipt vekk. Då eg studerte forteljarteknikk las eg ein artikkel som heitte «Når dragen blir sosialklient». Det var skrive som eit slags apropos til tidsånda ein gong på syttitalet då sosialrealismen rådde grunnen i forteljingar for barn. Dersom det fantest nokon som oppførde seg dumt eller ondskapsfullt, som for eksempel ein eldsprutande drage, så skuldast det bare at ragen var trist og einsam og trong ein venn for å bli snill. Eg er på ein måte ein del av dette, slike forteljingar kunne eg og ha skrive. Artikkelforfattaren meinte at alle barn visste at vondskapen finst og det å møta det vonde i eventyr og forteljingar, fekk dei bekrefta eksistensen av det vonde, og fekk hjelp til å bearbeida det. Eg hugsar sjølv kor fascinert eg var av skikkeleg groteske historiar. I ein alder av fem år var eg lidenskapleg oppteken av HC Andersen sine djevlar, troll og demonar. At dei skulle hjelpa meg å handtera livet på eit seinare stadium tenkte eg sjølvsagt ikkje på.
Eg har høyrt ordtaket «Snakk sant om livet», og eg trur verkeleg det har noko for seg. Det har noko for seg når ein snakkar med barn og. Så kan ein alltid seia som Pilatus «Kva er sanning?» Det vil variera frå person til person kva me trur er sanning, men la oss likevel våga å snakka sant om livet. For min eigen del kan eg melda at eg sit relativt varmt og lyst på arbeisdsromet mitt med ullsokkar på føtene, varm te og fyr i peisen. Utanfor er det eit hemningslaust novemberaktig ver. Stupmørkt, blåsande og regnfullt. At slikt ver finst er ein del av sanninga om livet som barn som veks opp på Jæren oppdagar relativt tidleg. Men i morgon på utedagen vår lovar dei så langt opphaldsver. Eg vil slutta med nokre dikt av Arnold Eidslott i dag og. Eg er sikker på at han er oppteken av å snakka sant om livet.
VII
Et øye og en hånd
tapt til kronen
Revet ut, hugget av
Så skal jeg også miste
veggene i mitt hus,
men beholde ildstedet
Arnold Eidslott
XLI
Gi kjærlighet
Gi varme hender
Duvende på din mors bryst
mottok du gjeldsbrevet
Gi av de første kyss
Av manndommens seire
gi vennskaps vin
og kjærlighets ambra
Arnold Eidslott
EL GRECO
Den angrende Peter
Som brukne vinger
lå Herrens øyne på ham
og Peter dro seg inn i mørket
og hyllet seg i taushetens kappe
og verden sluknet rundt ham og asken
fylte hans rådville hånd og han gråt
sine øyne rene for å se ham som han var.
Arnold Eidslott
Heidi
