Godt selskap
Etter ei god arbeidsøkt kostar eg på meg å stikka innom her igjen. Eg hadde nemleg så veldig lyst til å publisera dette biletet frå Ingrid si nye stove der Oscar får spela rollen som modell. Stova er framleis ryddig og minimalistisk i skarp kontrast frå alt ho har vakse opp med i barndomsheimen… Eg er glad på deira vegne for at dei snart kan senka skuldrene og pusta ut etter ein lang og hektisk periode med husrenovering i tillegg til jobb og diverse eksamenar.
Og her hos meg er eg og velsigna med godt selskap. Arbeidskrafta skal eg ikkje skryta opp i veret, men kanskje ein malande katt stimulerer til kreativitet? I alle fall må eg finna kreative løysingar på at musematta er oppteken. Ho er nemleg mjuk og varm å liggja på…
Eg lova eit til dikt frå Anne Karin Fonneland, og medan eg hugsar det: Det øverste biletet er ikkje mitt, der er det Ingrid som er fotografen.
Om ein ikkje orkar, er det kanskje nok
å ta imot ingenting
leggje armane inn i natta
som ein vilje til å eksistere
og gripe svarte himmelflekker
mørket som slår og slår
lysstøyt i hendene
merkje til å halde i
trykket som samlar seg til ein stad å gå utifrå.
Anne Karin Fonneland
Eg liker dikta hennar, og kjenner at det er bra for meg å lesa mykje lyrikk. Både med tanke på at eg sjølv skal skriva lyrikk, og med tanke på at eg skal leva.
Og nå er det snart rett tid til å seia god helg på ramme alvor.
Heidi
LIknande innhald
From → Barna mine, Kattar, Oscar Otto, Poesi


Väldigt fin bild på Oscar!
Och jag längtar efter katt, jag som ingen har längre.
Ja, eg likte og biletet av Oscar, og ja, det er kjempefint å ha katt, sjølv om Cleopatra ikkje let seg avvisa og er relativt klengete når ho er i nærleiken, så ynskjer eg meg ein katt til, me hadde to i mange år, og det var veldig koseleg.