Gå til innhald

Kristi kropp- Amore

januar 4, 2014

trekroner og fuglar 2

I går kveld sette me oss ned for å sjå ein film me fekk av bror min til Jul, «-Amore». Eg hadde høyrd at det var ein tankevekkjande, sterk og fin film.  Eg hadde likevel ikkje vore førebudd på kor sterkt og gjennomtrengjande denne filmen skulle trengja seg gjennom forsvarsverket på oss begge to. Filmen handlar om eit ressurssterkt eldre ektepar, som får livet snudd opp ned på grunn av sjukdom.  Det minde oss om ting me har opplevd veldig nær innpå kroppen dei siste åra. Det fekk meg til å tenkja gjennom på ny kor sårbart og skjørt livet er, og kor lite me kan vita om alt som koma skal. Det fekk meg og til å tenkja ein gong til over korleis ein kan førebu seg mentalt på den siste fasen i livet. Eg trur som sagt før at det ligg mange utfordringar i det å bli gammal, ein skal takla at kroppen ikkje fungerer som før, at folk rundt ein blir gamle og døyr, at ein blir nøydt til å vera open for å vera den svake som treng å ta i mot alle moglege former  for hjelp. Det går an å håpa og be om at ein når tida er inne blir i stand til å leva med desse utfordringane og framleis klara å ta i mot det gode i livet. Og ikkje minst at ein har att nok av både humor og sjølvironi, så det held når det verkeleg knip. Eg trur det går an å ha eit godt liv på trass av sjukdom og høg alder, men på mange måter trur eg at verdigrunnlaget ein har verkeleg blir stilt på prøve. Kva betyr noko i livet, og kva går livsverdet ut på.

Eg fekk tankar om både å ta vare på liv og helse så godt ein kan, og om å la seg utfordra til å gå inn i nye rom i livet når det trengst. Ekteparet i filmen hadde nok vore tente med å vera opnare og ærlegare om situasjonen sin, og med å innvolvera dei pårørande i mykje større grad når dei vanskelege tinga i livet verkeleg røynte på.

Då eg gjekk og la meg hadde eg filmen veldig med meg i heile kroppen. Om natta drøymde eg ein draum som var så tydeleg for meg då eg vakna at eg må skriva han ned her. I draumen var eg ein slags vikarprest i ei kyrkje. Eg stod inne i kyrkja og førebudde ein slags form for høgmesse. Eg hadde funne fram oblatar til nattverden. Då sa ei venninne til meg: «Nå utfordrar eg deg til å dela ut Kristi kropp til dei som ikkje ventar det.» Eg tok med meg oblatane på eit stort trefat, først gjekk eg mellom benkjene i kyrkja og delte ut til folk som var der og venta på gudstenesten. Så gjekk eg ut på gata og delte ut. Det var ikkje alle som ville ha, men mange tok i mot, og eg sa med låg og varm stemme til dei som fekk «Kristi kropp, gjeven for deg.!

Då eg kom innatt var fatet tomt, og gudstenesten skulle begynna. Eg skulle halda tale og reiste meg opp framfor kyrkjelyden som ikkje sat i benkjer lenger, men i ein stor sirkel der eg og hadde ein stol eg reiste meg opp i frå. Eg visste at eg hadde noko fint å seia til folk, og gledde meg til å få lov til å seia det. Då kom eg på at eg ikkje hadde meir nattverdbrød, og kviskra til venninna mi at det måtte ho prøva å få tak i medan eg talte. Ho sa at det skulle ho prøva å få til. Eg starta på talen min heilt utan frykt for at eg ikkje skulle få meir brød.

Der ein plass vart eg vekt, for då var det blitt morgon og vel så det. Eg ser jo symbolikken i draumen, men eg synest likevel at det er ei vakker historie som kom til meg. Eg trur på at draumar kan snakka til oss, om ikkje anna så i alle fall fordi dei er oppstått frå tankar som ligg og jobber i kroppen medan kroppen er gått i kvilemodus. Heilt frå eg var lita har eg forresten lurt på korfor i all verda alle menneske må bruka så mykje tid på å sova. At me kvar einaste kveld må setja oss i ein sårbar tilstand av å vera utan medvit, og så må me i fleire timar la livet forsvinna frå oss. Kanskje det har med det å gjera at eg som ekte B-menneske aldri er klar for å gje slepp på dagen når klokka seier at det hadde vore fornuftig å gjera det…

I dag har eg og kjærasten min vore på tur. Heldigvis hadde han med seg kamera, for han tek veldig mykje finare bilete enn eg gjer sjølv. Til mitt forsvar har han og mykje betre og dyrare utstyr. Slik ser det altså ofte ut på Jæren i januar, – gulbrunt landskap og høg vassføring. Då eg vaks opp kjendest det nesten litt feil når me hadde desse snøfrie vintrane, som det kanskje er aller flest av på desse kantar av landet. Som ekte nordmenn burde me kunna visa fram store mengder snø og klinkande blank skøyteis. Men som vaksen gjekk det opp for meg at; det er jo vinter dette og, ein form for vinter som og har ein eigenarta skjønnhet om ein bare er open for å sjå det.

rennende vann

Eg veit ikkje om det blir eit apropos eller eit malapropos, men sidan det kapittelet i boka eg starta på i dag heiter «Mot strømmen», og dermed har med dette biletet å gjera,  sluttar eg innlegget med det som stod der som «kapittelprolog».

Åndeleg vekst er altså ingen jevn vei,
som fører direkte til større tilfredshet i livet.
Veksten skjer langs troens vei, langs risikable stier
gjennom tøffe beslutninger

Charles Ringma

Heidi

One Comment
  1. Vacker bild! Jag har faktiskt funderat över om du brukar ha snö hos dig om vintrarna. Nu vet jag 🙂
    Den övriga texten ska jag låta smälta in lite.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: