Gå til innhald

Så er livet på kvardagssporet att…

januar 5, 2014

Bryne ein januarmorgon

I alle fall nesten… For meg har juleferien på ein måte vart heilt til nå sidan ungane begynte på fredag, som er min skrivedag. Eg kjenner eit visst vemod ved at jula er over for denne gongen. Eg liker å ha ei julepynta stove med mange levande lys og juletre og med lysande adventstjerner i vindauga, og eg liker at det er romslege dagar med høgtid over, og betre sjansar til å vera saman med menneske ein ser alt for sjeldan.

I går klokka halv åtte kom eg inn i stova og såg til mi store forskrekking at mannen eg deler hus med stod der med ein stor plastkasse og akkurat hadde begynt å plukka pynten ned frå juletreet. «Kva for ein pynt var det du sa me måtte pakka forsiktig ned?», spurde han som om det å starta demontering av jula ein laurdagskveld var det mest sjølvsagde som tenkjast kunne… Heldigvis fekk eg stoppa han. Eg forklarte at det ikkje var tida for å ta vekk julepynt nå, at eg gjerne ville behalda pynten litt til, og at det ikkje gjekk an å rydda det vekk utan at me hadde diskutert det først.

Heldigvis vant eg , og bar letta plastkassen ned i kjellaren att. Eg sa til mitt forsvar at for meg var jula eit viktig rom i livet og at ingen fekk lov til å lukka døra til det romet utan at eg hadde sagt det var greitt. Det var heilt sikkert ein ganske barnsleg reaksjon, men eg bare kjende at det der takla eg ikkje utan å innstilla meg mentalt på det. Og på ein måte er eg litt forundra sjølv over kor tydeleg eg kjende at det er slik det er. Eg innser at det er ein bagatell, og innser at eg ikkje liker å bli pusha til ting før eg er klar for det sjølv. Det er utan tvil ein ting ganske mange menneske deler med meg, og avsolutt ein tanke å ta med seg når eg får lyst til å bestemma at andre menneske, små eller store, skal gjera eit eller anna akkurat nå, bare fordi at eg vil det…

Eg ser ikkje vekk i frå at julepynten skal pakkast vekk i morgon. Då er det kvardag att. I dag fekk eg alle resterande julekaker ut av huset, og det er ikkje lite bare det. Far fylde år og då passa det godt å koma dit med ein restrasjon risbollar og kai dekemenn, og krumkaker, krem og rørte bringebær og jordbær i tillegg til den nybakte gjærkringla eg hadde lova å ha med. Heldigvis liker eg både kvardagar og jobben min, så det er ikkje synd på meg i det heile tatt. Eg har bare litt problem med å gje slepp på ting…

Mange veit ikkje at dramatikaren Jon Fosse og skriv dikt. Sant å seia visste eg det ikkje sjølv heller, før eg fekk ei diktbok han hadde skrive i gåve. I dag er han dagens lyrikar her hos meg. Dikta hans er leikne, lette og humoristiske. – Eller kanskje bare tilsynelatande?

Du-song

Og høyrer du meg koma
ein dag til hjarta ditt
så lat meg berre koma

og lat meg
forsvinna att

i den lengsle vi vari den lengsle vi er
i den lengsle som gjer
at vi finst og er

og lat meg forsvinna
i den kjærleik vi har
og lat meg få syngja
om den kjærleik vi var
og lat meg få syngja
om den kjærleik vi er

der vi står og ser
der vi står og ber
der vi står
og ingenting forstår

Jon Fosse

*

Dumme oss-song

Du mi dumme dumme jente
som var og var og er

og eg din dumme dumme gut
som
aldri var der

men no no no
no er vi her

du mi dumme dumme jente
som alltid såg og ser

og eg din dumme dumme gut
som aldri var der

eg din dumme dumme gut
som sleit og sleit og sleit

men vi visste begge to
og vi veit og veit og veit

at visst er eg teit
og visst er du teit

men vi visste og vi veit

at du mi dumme dumme jente
og eg din dumme dumme gut

Jon Fosse

Og viss nokon lurer på det, så er biletet øverst eit morgonbilete frå nabolaget, teke av ein person som var tidleg oppe og ute for å trimma og fotografera. For ordens skuld, den personen var ikkje meg…

Og for å halda bittelitt til på jula, avsluttar eg med eit frokostbilete frå i dag morges. Legg merke til servietten. Me fant ein pakke med slike i ei skuffe heime hos svigermor då me rydda. Ut frå dessignet og papiret, som eigentleg er heilt ueigna både til å tørka opp og av med, kunne dei godt ha vore frå syttitalet, eller kanskje til og med frå sekstitalet. Korfor dei har blitt liggjande ubrukte i ei skuffe veit eg ikkje, men nå har me brukt halvparten av dei denne jula. Kanskje dei har ein historie me aldri får vita om…

image

Heidi

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget