I dag såg me sola
og etter alt regnet me har hatt dei siste vekene, kjendest det i seg sjølv heilt nydeleg. Eg og Eva Mari var på tur til Vollen i Asker, eit lite sentrum heilt nede ved sjøen.

Etterpå reiste me heim til Eva Mari sin gourmetmiddag, sprøsteikte andefileter med ovnssteikte småpoteter, brokkolisalat med rista mandlar, mangosalat med granateple og sjampinjongsaus med raudvin. Det smakte akkurat så godt som det høyrest ut som. All ære til kokken.
Om kvelden fekk me vera med til Persbråten videregående skole på elevrevy, der nevø Oscar var innleigd musikar saman med bandet han er kapellmeister for. Det var veldig kjekt å få høyra han spela og interessant å sjå ei elevforestilling eg ikkje har noko som helst ansvar for og der eg ikkje kjenner verken skodespelarar, instruktører eller publikum. Eg synest også det er spennande å føla på stemninga før ei forestilling og høyra kva folk snakkar om umiddelbart etterpå. Eg liker og å sjå ansikta på glade skodespelarar som kjem fram for å ta applaus.
Nå er me heime att i stova i Kirkeveien. Dei andre halvsøv eller ser på Kveldsnytt, der dei melder at det som ei midlertidig ordning kan bli slik at to og to må dela fengselscelle i norske fengsel på grunn av for dårleg kapasitet. I stova her er det framleis julepynta slik at eg fekk med meg ein ekstra smak av jul… Slikt kan eg lika.
Heidi





