It´n Aksel, it´n Theodor, it´n Waldemar… åååå itte je…
… som dei syng, «Snikkersvekara», i Trost i Taklampa av Alf Prøysen… For ikkje eg…, ikkje det eine og ikkje det andre… Du verda så lett eg har sluppe unna, tenkte eg her ein dag då det vart diskutert ulike behandlingsmetodar hos fysioterapeutar og kiropraktorar, for aldri har eg vore hos nokon slike. Og eg har til og med vore så heldig at eg aldri ein einaste gong i løpet av mitt lange yrkesliv, har vore sjukmeld. Eg skryt ikkje, trur eg, eg har bare vore svineheldig til nå. Bank i bordet og ti kryss i taket, kanskje det er å utfordra skjebnen å skriva slikt? Eigentleg er det ein hån mot mine veltrente og hypersunne venner og slektningar at det er meg som nesten aldri har vondt nokon plass og aldri er sjuk. Takk til immunforsvaret mitt som har fungert heilt utmerka til nå.
Men det var ikkje det eg skulle skriva om, eigentleg. Det hender at eg har eit markant streif av kvalme, litt vondt i halsen og litt tett i hovudet, slik har eg hatt det dei to- tre siste dagane, og eg har vurdert om eg eigentleg er bittelitt sjuk. Sunniva har ikkje trengt å lura, for ho har lege strekk ut i senga si og kasta opp. I morgon hadde eg og far tenkt oss inn til farmor, men sidan eg ikkje kan få bestemt meg for om eg er smittefarleg eller ikkje, så let me det vera. Det hadde ikkje vore kjekt å smitta ei dame på 97 år med influensa eller omgangssjuke. Likevel får eg dårleg samvit, og blir litt lei meg, fordi eg hadde gleda meg til å sjå henne, og eigentleg synest eg ikkje at ein skal besøkja gamle folk bare når ein er sikker på at ein ikkje har eit streif av noko som helst, for då kunne dei sikkert blitt ganske einsame sånn midtvinters…
Men nå skal eg bruka helga på å bli skikkeleg frisk, så kjem det nok betre tider. Denne helga er ei stille og roleg helg, så det passar heilt utmerka. Døtrene mine fekk ein Københavnstur med mor i julegåve, og den skal me ta helga før påske. Det kjekke er at Eva Mari skal vera saman med oss halve opphaldet der nede. Eg gleder meg veldig. I dag har eg bestilt hotell til oss. I vinterferien skal eg ein tur til Trondheim, og så skal eg på seminar to helger i mars, det gler eg meg og til. Det siste seminaret reiser eg til utan eigentleg å kjenna nokon, det er litt spennande å utfordra seg sjølv. Eg er veldig glad i å gjera ting saman med nokon. Det å reisa rundt aleine med ryggsekk i Latinamerika eller andre stader i verda slik ein herverande mann gjer med stor reiselyst og utan å blunka.
Nesten utan at eg har lagt merke til det, har januar blitt til februar, og om to veker er det vinterferie. Det er ikkje klokt kor fort tida går. Dagens høgdepunkt i første klasse, har vore å laga steintroll. Elevane hadde med seg to steinar kvar, og me drog fram masse «nesten- gratismateriale» frå formingsavdelinga og varma opp eit par limpistolar til vaksen bruk. Eg sit igjen med bare ei einaste brannblemme på ein av fingrane. Det må vera ny rekord etter ein halv dag saman med limpistolen. Det andre høgdepunktet denne veka for elevane var at me fekk besøk av ein lys levande brannmann med ekte røykdykkarutstyr, som lærte oss om brannvern. Alle elevane fekk i lekse å gå heim og be foreldra sjekka batteria i røykvarslarane. Den leksa må eg hugsa å få gjort sjølv og… Og elles så boblar det rundt meg dette rare levande livet med alle sine innfall og eg står midt i det heile og lever.
Eg veit eg har sagt liknande ting før, men diktboka eg har ved sida av meg er ein av mine absolutte favorittar: «Haugtussa» av Arne Garborg. Nå skal eg sjå om an Aadne kunne ha noko som kunne passa for i dag… Ja, visst, her har me jo diktet om vindtrolla, det kunne ikkje ha passa betre, vel? Dikta minner om at det har blese før og her på Jæren, sjølv om det store samtaleemnet akkurat nå er at nå har me hatt storm og kuling nesten samanhangane i nesten to månadar i strekk, og ingen kan hugsa å ha opplevd liknande… It´n Aksel…
Vindtrolla
Tsjuh! buh! seier Nordankvitskjegg,
han hiver med mørke venger.
Det yler og kvin over nakne hei;
det kvitnar om ås og enger.
-Tsju!
Tsju-hu- huh! seier Nordvestistroll
det veltar skip og stamnar!
Havet rørest av djupe grunn
og bryt på femten famnar.
-Tsju!
Tsui-lu! seier Vestanhavmann,
han er så salt og våt.
Han lokkar med sol og blåning blide,
men helst det ender i gråt.
-Tsju!
Tsju-su seier Austanbergkall,
han er så kvass og klår.
Han kjem frå alle dei ljose tindar
med snøhatt om snøydde hår.
-Tsju!
Sulilu! seier Sunnanljosalv,
han susar i lauv og lyng.
blomar hev han i fløymde håret
og blæs på fløyte og syng.
-Tsju!
Sulilu seier Sunnanljosalv,
då er det godt å gjæta.
Då er det lognt under solvarm stein;
då vil mine lam seg kjæta.
-Tsju!
Sulilu! Å du sæle sommar
med sol i bakke og brot.
Då søv eg i lyngen mun beste blund
og vaknar utan gråt.
Tsju!
Arne Garborg.
Om nokon skulle lura, så er det denne gongen den godaste «Austanbergkall» som har «gitt sæg te sjå osse». Men me kan drøyma om dei tre siste versa og gle oss til det lir så langt.
Heidi
LIknande innhald
From → Ansvar for verda, Barna mine, Bøker, Farmor, Natur, Poesi, Reiser, veret, vinter



