Gå til innhald

Eg hadde heilt gløymt å hugsa…

februar 7, 2014

image

… at OL begynte i dag. Endeleg kunne det passa å visa biletet av denne fantastiske buksa som eg såg i København før jul. Du kunne bokstaveleg talt ta ho med i lomma i tilfelle det kunne vera greitt med eit bukseskift, garantert var ho heilt krøllfri, og dermed ein grei parallell til plagget «bilbukse», som eg kjøpte veldig mange av til onkelen min. Eit par månadar før han døydde kjøpte eg opp restopplaget i hans storleik i butikken, fordi dei skulle slutta å laga slike bukser eller var det bare at dei skulle slutta å selgja dei på butikken der me alltid hadde kjøpt dei?

Men eigentleg vart dette ei avsporing, ser eg. Poenget var at eg hadde tenkt å skriva i ettermiddag, og så var det plutseleg ein opningssermoni på fjernsynet. Der havna me heile den herverande familien, med salatmiddag frå kjøkkenet som Sunniva kjørde ut og kjøpte. Me hadde lyst alle saman til å sjå korleis dei hadde fått til den mest spektakulære delen av eit OL. Det var ein flott sermoni, var me vel einige om, og plutseleg kjende eg at eg lett kunne koma til å bruka ein del timar framfor fjernsynet dei komande vekene… Eg kan godt la vera å sjå sport, men set eg meg ned, så kan eg og bli veldig fenga.

Vintersport var viktig i heimen der eg vaks opp. Eg har gode minne om at me sat i stova og åt tomatsuppemiddag med ferskt franskbrød for ikkje å gå glipp av ein einaste runde på titusenmeter på skøyter. Eg har heia fram både Fred Anton Maier og dei fire S-ane, og sett Kees Verkerk, både på ein campingplass på sørlandet og på Heradshuset heime på Ålgård. Eg har minne om Gjermund Eggen og Harald Grønningen på ski i dårlege svart-kvitt- sendingar i fjernsynet sin barndom, og hugsar bestemor si fortviling då Per Ivar Moe sklei på eit såpestykke og datt. Eg kan heilt tydeleg hugsa Ole Ellefsæter synga «I Grenåbel ska vi slå dæm, i Grenåbel ska vi flå dæm, i Grenåbel sæt vi alle kluter til for å tenne en olympisk ild»… eller noko liknande. Og saman med bror min har eg brølt på «Bisletts spesial» om at «nå i vinter, skal Maier bli sprinter, for han åt så mye julegrøt» og om «te med no godt i,» og «Vi frøys og nøys og drakk, og skåla for ære og for makt,» utan å fatta heilt kva det dreia seg om.

Eg kan framleis få kriblingar på ryggen av å høyra eurovisjons-musikken som eg forbind med skøyteløp, og sjå for meg den lyskransen som glitra ut og inn medan melodien vart spela. Eg forbind det veldig med skøyteløp, og trudde lenge at melodien var laga akkurat til det formålet. Eg låg på sofaen med feber og høyrde på det skirennet som resulterte i Bjørge Lillelien sitt legendariske fistelutbrot om at saken var biff, pannekaker og ertersuppe, eller kva de nå var. Då Oddvar Brå brakk staven, såg eg stafetten i ein butikk på Sandnes, og visst har eg snakka med Ivar Formo. Då han var på Ålgård for å kasta glans over eit rulleskirenn, kom han bort og spurde om eg kunne gå litt bakover fordi eg stod langt ute i løypa. Eg smilte og flytta meg, litt mållaus av å verkeleg ha blitt snakka til av sjølvaste Ivar Formo. Seinast i dag var eg bortimot sjokkert over at han eg deler hus og heim med aldri kunne hugsa å ha høyrd om Vjatjeslav Vedenin…

Men det var lenge sidan, eg innrømmar det. Ein gong imponerte eg skikkeleg i ein quiz fordi eg hugsa så mange gamle idrettsheltar, men for å vera ærleg så veit eg vel meir om dei som gjekk for førti år sidan enn om dei som er med i dag. Er det fleire enn meg som hugsar idrettskorta som eg trur fylde med Donaldblada, sånne der ein såg eit bilete av Magnar Solberg på framsida og kunne lesa på baksida at han i privatlivet var politi og at han hadde så og så mange medaljar frå ulike meisterskap i skiskyting… Eg har gløymt kor mange det var, om nokon måtte lura…

Og sommar OL, – det må vel ha vore det som var i 1968 i Mexico. Då stod far opp i femtida om morgonen for å sjå på boksing og fekting og slikt, og av alle ting så bad eg om å bli vekka for å sjå saman med han. Det var koseleg å sitja der og eta brødskiver med kvitost og sjå på fjernsyn før resten av verda vakna. Slike opplevingar har mine ungar måtta klara seg uten. Om ein skal vera brutalt ærleg, så har det blitt fint lite skigåing på dei og. Eg oppdaga til mi glede for ein ti-femten år sidan at ein ikkje er meir forplikta til å gå på ski enn til å driva med bueskyting eller bølgesurfing fordi ein tilfeldigvis er fødd som nordmann. Litt synd for ungane er det vel sikkert, men me får satsa på at oppdraginga har halde mål på ein del andre felt. Etter å ha vore på skitur med studiekameratar trua rett nok eldstemann med å forlanga skadeerstatning for «tapt norsk allmennoppdragelse». Men sjå det er ein annan sak… Dersom eg nå skulle koma til å bli hekta på sport ei tid framover, så får eg i alle fall koma meg i seng og få litt søvnoverskot slik at eg rekk andre ting og…

napoleon

Heid

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget