Brød og honning
At honning og honning kunne vera to forskjellige ting, fekk eg vita ved frokosten i dag om eg ikkje visste det frå før. Dei serverte sju forskjellige typar honning til nydeleg heimebakt grovbrød og ulike typar rundstykke. Dei som svergar til andre typar pålegg fekk dekt det behovet og.
I tillegg til å vera eit hotell, så var staden ein stor honningfarm, og bikuber frå ulike tidsepokar vart brukte som dekorasjonar.
Etter frokosten såg me deler av ein tysk friluftsgudsteneste på fjernsynet. Gudstjenesten var i «korsveiånd» og hadde tema brød. Altaret var laga av høyballar og under seremonien stod det barn og bakte surdeigsbrød saman med ein bakar. Eg tenkte at brøda kanskje skulle brukast under nattverden. Miljøvern var ein slags raud tråd i det som skjedde. Det gjorde det en stra sterkt at det silregna der gudstjenesten vart halden.
Det er nyttig å bli minna om at verken reint vatn eit robust økosystem eller brød for verda er sjølvsagt. Måtte Gud hjelpa oss å vera kloke nok til å ta gode val.
Heidi



