Skip to content

Midt i honningkrukka

juli 12, 2014

image

 

 

imageMe har akkurat funne oss rom for natta på eit honninghotell, «Hofladen und Hofcafe zum Honigdieb». Det er utforma med tema honning, og er veldig fint.

 

Me held til ute på landsbygda, og skal nå ut for å utforska landskapet. Ein kilometer før me kom hit måtte me bråbremsa for ikkje å kjøra i hel ein grevling… Det var ein i overkant spennande opplevelse.

Dagen i dag starta tidleg med å pakka oss ut av huset og få tre av ungane på flyet heim. Ingrid og Oddvar kjørte heim i eigen bil, og i skrivande stund får me bekrefta at alle er trygt heime. Då me var aleine i bilen, sette me kursen mot Tyskland. Eg hadde tenkt å leggja ut ein del bilete egn har teke på turen, men det ser ut som om det er vanskeleg å få mobilen på nett her på hotellet, så det er ikkje sikkert eg får det til.

Det ser ut som om skuleferien i Nord -Tyskland begynte i dag, så dei første timane var det ein del kø, men det løyste seg heldigvis opp. I tretida stoppa me i Bad Segeberg, som viste seg å vera ein veldig idyllisk småby. Me gjekk til og med innom eit lite hotell i sentrum for å høyra om dei hadde rom for oss til natta. Det hadde dei ikkje, men uoppfordra hadde den svært hjelpsame resepsjonsdama, som forøvrig ikkje virka heilt edru, bestilt hotell til oss i ein skog eit stykke unna. Det var ikkje det me hadde tenkt, så me reiste ikkje dit. I staden valde me å eta litt på ein av fleire greske fortausrestaurantar. Eg åt god fiskefilet, med litt ris, masse tsaziki med mykje kvitlauk og salat på tysk vis med godhjarta mengder eddik over.

image

image

Neste stopp vart Rostock, ein Hansaby i tidlegare DDR. Byen viste seg å vera heilt nydeleg, og me fann ut at her ville me bu i natt. Dessverre vart lærdommen etter å ha kjørt opp og ned i einvegskjørde smale gamle bygatene, at dersom ein vil til Rostock ein laurdagskveld i juli med innlagd hotellovernatting, så bør ein bestilla hotell på førehand. Alle hotella viste seg å ha «alles belegt», eller så var dei nedlagde. Til slutt måtte me nøya oss med ein kopp kaffi på ein fortausrestaurant i hovudgata, det var idyllisk det og. Så sette me GPS- en på ein av fleire småbyar heilt ute ved kysten med hav på begge sider.

image

Etter nesten å ha kjørt ned grevlingen, kom me til honninghotellet for å stoppa og høyra om det var plass til oss her. Det var det, sjølv om det var litt dyrare enn det me eigentleg hadde tenkt oss.

Etterpå kjørte me opp til småbyane me først hadde tenkt oss til. Det var veldig idyllisk der med hotell med havsutsikt og ein slags voll mot havet med sykkelsti og skog på. Med tysk presisjon så var det nummererte havnedgangar ein kunne gå ned til sjøen på. Det var mykje som var heilt forbode, mellom anna å trø i sanddynene, som og var delvis innegjerda. Nede på stranda me var på kunne ein leia seg ein stor korgstol og sitja og sjå utover havet. Det såg i grunnen ganske hyggeleg ut. Eg kan ikkje la vera å tenkja at det er ein viss forskjell på dette og på strendene me var på i går der danskane jolla rundt i bilane sine…

image

Nå er me framme på det fine honninghotellet vårt. Me har kikka litt på bronsefinalen. Det einaste problemet vårt er at me i grunnen er ganske svoltne, for me fant ingen plass å kjøpa mat her i nærleiken. Det fekk bli litt sjokolade i staden, og så har me trøysta oss med kvar vår plastinnepakka honningdrops som låg på nattbordet. Me får gleda oss til frokosten i morgon, eg tippar dei serverer honning til brødet og te med honning i…

Og i morgon har me tenkt oss til Polen. Det gleder me oss til.

Heidi

From → Natur, Skriving, sommar

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: