Framme i Polen…
Området mot den polske grensa er eit vakkert stykke Tyskland. Kornåkrane stod gule med moge korn allereie. Nokre gonger hadde kornet eit blått skjær av kornblomar i åkeren, andre gonger eit raudt skjær av ville valmuer. Litt før grensa kom me over ein loppemarknad. Det stoppa me sjølvsagt.
Og Leif forstod at om ein skulle oppføra seg som tyskar i Tyskland, så måtte det Bratwurst til.
Og her er litt av det eg kjøpte:
Nei, eg kunne nok hatt lyst tilmålte kjøpa, men klarte å beherska meg. Me har lang veg heim… Men det var kjekt å sjå.
Så var me plutseleg i Polen. Me har kjørt langt i dag. GPS-en vår viste seg å ikkje virka i Aust- Europa, og Google-maps er ikkje heilt til å stola på. Me kjøpte oss eit polsk kart, men eg er dessverre ein ganske dårleg kartlesar, spesielt når kartet for oss er fullt av ukjende og nesten uleselege stadnamn skrivne med bittelita skrift. Dette gjorde at me rota litt, men til slutt fann me hotellet i feriebyen Ustka, som ligg ytterst mot havet heilt i nord.
Bortsett frå at det var litt vanskeleg å navigera, så har Polen så langt vore eit veldig kjekt land å kjøra i. Vegane er stort sett med norsk landevegsstandard, og for sånne som meg kjennest det mykje tryggare å kjøra i sytti på ein ganske humpete tofeltsveg enn desse tyske motorvegane utan fartsgrense… Her er det mykje å sjå som er ganske annleis enn det meste me er vane med.
Det mest uvante er å vera ein stad der me verken kan snakka, lesa eller forstå språket. Dei polske orda eg kan kan eg sikkert telja på to hender. Til nå har folk vore veldig greie og imøtekomande. Dei som vågar seg i samtale med oss, gjer det på ganske stotrande tysk eller engelsk, og me har allereie opplevd fleire gonger på hotell og kafear at dei hentar «nokon som kan litt utanlandsk».
Me leitte lenge etter hotellet som var i ei smal, kronglete og einvegskjørd gate. Då me kom, kom ei søt jente frå resepsjonen ut for å dirigera oss opp på fortauet på ein plass der det eigentleg ikkje var plass til fleire bilar. Eg var sjeleglad for ikkje å vera sjåføren…
Slik er er utsikten frå balkongen utanfor hotellvindauget vårt.
Og det at dei har leikekrok på gangen er for meg veldig sympatisk. Slike stadar får eg lyst til å bu.
Me bur i ein badeby med strandpromenade . Det minner om å vera i Syden. Langs strandpromenaden er det mange boder, små butikkar og kafear. Her er det mange glade sommarturistar, og alle virkar som dei snakkar polsk bortsett frå
oss. Nå passerer akkurat ein gjeng syngande, nærmast brølande mannfolk ute på gata. Kanskje dei feirer at fotball-VM er over?
Eg må fortelja at me har sett fleire storkereir og to storkar langs vegen. Dei var flotte. Vegskilt ber oss sjå opp for hjort og villsvin, men dei har me ikkje sett til nå. Eg får ta kvelden. Morgendagen ligg an til å bli innhaldsrik den og.
Heidi







