Skip to content

Storkar, sommar og Sopot

juli 14, 2014


image

For ein fin dag dette har vore. Første delen av dagen brukte me til ein ca tolv mil lang kjøretur langs polske landevegar, som tidvis såg ut omtrent som dette. Langs veldig mange av desse vegane veks det høge tre på begge sider av vegen slik at ein køyrer gjennom ein grøn alle. Nokre gonger slår trea dei øverste greinene saman over vegen slik at dei dannar ein tunnell.

image

Første gongen me såg eit storkereir i toppen av ein telefonstolpe, vart me heilt ville av fryd. Me stoppa bilen framfor ein liten butikk og sprang for å fotografera. Storkeungane stod på kanten av reiret og gjorde flygeøvingar ved å hoppa opp og ned og flaksa heftig med vengene. Nokre menn framfor butikken lurte på kva me såg, og ville gjerne snakka med oss. Dei snakka bare polsk, så det var ikkje så lett. Den eine mannen trudde at viss han bare snakka polsk seint nok så ville han forstå. Dessverre gjorde eg ikkje det, men han peika på storkane og peika bortover vegen, så eg forstod det var fleire av dei.

image

Det var mange fine skilt langs vegen, sjølv om me ikkje forstod så mykje av det som stod på dei, og det var mange storkar…

image

Me såg fem storkereir med ungar, og dei siste  to fotograferte me ikkje ein gong. Så fort blir ting ein vane. Ein gong måtte me stoppa for ein stork som stod midt i veien framfor bilen, men han flaug vekk før eg rakk å få opp kameraet.

imageEg kjenner ein person som er busett i Polen, Bente frå Kverneland. Det viste seg at ho heilt tilfeldigvis bur i Sopot, den vesle byen utanfor Gdansk der Leif tilfeldigvis hadde bestilt hotell til oss i to netter. Kva er oddsen for det? Av og til opplever eg så rare samantreff. Akkurat i dag var ho heime og hadde fri, og vårt første møte med Sopot var at me fekk kaffi og nysteikt eplekake på verandaen hennar med nydeleg havsutsikt.

image

Om om kvelden viste ho oss litt rundt i Sopot. Nede ved havet er det ein marina og ein utruleg lang molo. Ein kan rett og slett gå kveldsturen sin ut i havet.

image

Dette biletet  er teke i kveldslys frå moloen. Klokka halv ti, når det var blitt mørkt nok viste dei utekino der. Me vurderte litt å sjå på, men etter tittelen å dømma så kunne det sjå ut til å vera ein japansk dokumentarfilm med polske undertekstar, så me stod over. I staden møtte me ei veldig triveleg venninne av Bente som snakka godt norsk etter å ha budd og studert i Norge. Dei tok oss med til ein is-  og kaffebar der me sat ute og snakka medan kvelden langsomt vart til natt.

image

Heidi

One Comment
  1. Berit permalink

    Sopot er flott sjølv då eg var der i desember 2013. God tur vidare! Det er gildt å lesa det du skriv. Eg hadde forresten besøk av våre felles jenter i dag! Berit

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: