Tusen kråker – luke seks
I heile november har eg hatt lyst til å skriva ei vise om kråkene i trea utanfor skulen. I dag fekk eg sjansen. Eg har sitte på «julemarknad» på Bryne torgsenter, og seld og signert bøker, og då vart det litt tid til skriving innimellom. Eg bestemmer her og nå at det er heilt på sin plass med ei rykande fersk novembervise i dagens adventluke :
Tusen kråker
Novemberlyset drøyer, og alt er mørkt og stille,
for alle tankar teier om alt som snart skal skje.
Det einaste som hender er at tett i tett i saman,
med mørke kroppar, sit det tusen kråker i eit tre.
Det er i slike mørke og hemmelege timar,
at alt blir bare skuggar av mjuk, vemodig fred.
Det einaste som lever, det sit tett i tett i saman,
med gule nebb og sitrar, tusen kråker i eit tre.
Det går i gjennom mørket eit streif av dag som demrar,
der lyset maler gløden så gullglansen kjem med.
Det einaste som flaksar, det sit tett i tett i saman,
og tenkjer på å letta, tusen kråker i eit tre.
Sjå treet strekkjer greiner, som lange tynne armar,
med opne, tome hender for lyset som kjem ned,
mot dagen som skal vakna, og tankar som får venger
og lettar slik som tusen svarte kråker frå eit tre.
Heidi
