Luke 7b Kråker og svaner og andre vesen.
Tusen kråker
Novemberlyset drøyer, og alt er mørkt og stille,
for alle tankar teier om alt som snart skal skje.
Det einaste som hender er at tett i tett i saman,
med mørke kroppar, sit det tusen kråker i eit tre.
Det er i slike mørke og hemmelege timar,
at alt blir bare skuggar av mjuk, vemodig fred.
Det einaste som lever, det sit tett i tett i saman,
med svarte nebb og sitrar, tusen kråker i eit tre.
Det går i gjennom mørket eit streif av dag som demrar,
der lyset maler gløden så gullglansen kjem med.
Det einaste som flaksar, det sit tett i tett i saman,
og tenkjer på å letta, tusen kråker i eit tre.
Sjå treet strekkjer greiner, som lange tynne armar,
med opne, tome hender for lyset som kjem ned,
mot dagen som skal vakna, og tankar som får venger
og lettar slik som tusen svarte kråker frå eit tre.
Heidi
I går då eg la ut songen om dei tusen kråkene, beklaga eg meg over at eg ikkje hadde eit skikkeleg bilete av kråkene, min eiegode mann av ein husfotograf stod opp grytidleg og reiste ut i blålysninga for å prøva å gje meg det biletet eg så gjerne ville hatt, og visst fann han kråketreet. Det skal seiast at fullt så mange kråker var det ikkje i treet som den dagen eg prøvde meg som fotograf, då sat dei så tett at treet såg ut som om det hadde lauv og frukter. På dei skarpe fotografia med god linse såg eg at desse kråkene hadde gråsvarte nebb og ikkje gule, som eg først skreiv i songen. Det måtte med andre ord endrast på i namna åt vitenskapen og ærlegdomen, så nå står det svarte nebb. Eg har begynt å lura på om det er bare svarttrostar og ikkje kråker som har gule nebb.
Her er det eit til fint kråkebilete…

Og etter gudstenesta la me ut på ein ny fuglesafari. Ein av oss hadde så frykteleg lyst til å fotografera fleire svaner, så då måtte me på leit ved Orrestranda. Me fann ein stor flokk, og det vart mange fine bilete.
Er ikkje dette biletet fantastisk? Du ser at svana sparkar i frå så jorda skvett i det ho skal til å letta.
Og det ser jo flott ut å kunna fly… Luftig, liksom…
Det er ikkje bare Leif som har hobbyar, mine er ofte hakket barnslegare, det skal seiast. I haust har eg kost meg med å finna opp fargerike heklevesen, og i gårkveld kunne apekatten slutta seg til flokken. Eg finn nok nokon som kan få dei til jul.
Heidi



