Skip to content

Kampen om tida – luke åtte

desember 8, 2014

image<//

I dag har eg hatt god tid, det har eg ikkje kvar dag. Eg er grådig på tid. Eg vil halda ho fast med klør og tenner og tyna kvar einaste drope av liv ut av ho. Eg er livredd for at tida skal springa i frå meg, at tida skal forsvinna, at tida skal ta slutt. Det betyr at eg er glad i tida. Eg vil ha mest mogleg av ho. Spesielt om kveldane smakar ho så godt at eg ofte vegrar meg for å leggja meg. Då veit eg jo at eg skal skli inn i ein tilstand der formemmelsen av tid er borte, og at eg kjem til å vera der heilt til vekkjarklokka ubarmhjertig innhentar meg klokka ti på halv sju, og akkurat då kjennest det som om det er tida som styrer meg og ikkje omvendt… Min første vakne tanke kvar dag er "Kor mykje er klokka?", og min neste vakne tanke er " I kveld skal eg leggja meg veldig tidleg". Innerst inne veit eg nok at eg kjem til å ombestemma meg i god tid…

I dag vil eg derfor minna meg sjøv om noko lurt ei dame ved namn Eileen Caddy har sagt:

" Gi slipp på følelsen av å være fanget av tiden. Flyt med den, så vil du være på rett sted til rett tid, og du vil gjøre det rette.»

Dette kan fint kombinerast med ei ganske pietistisk, i ordets beste forstand, som av og til står for meg som ein enkel og grei livsfilosofi: "Dersom eg klarer å bu i minutta og timane mine med heile meg til ei kvar tid, så er eg på rett plass." Det er det same eg har skrive om i eit dikt: " Blås på meg, Heilage Ande, ver vinden som bles meg over gata…»

Biletet øverst er frå då me besøkte Oddvar og Ingrid i går kveld.

image

Eg er imponert over at Oddvar, som har rekna om måla frå huset til mindre målestokk og laga eit tilsvarande peparkakehus. For å vera brutalt ærleg, så har me i ei årrekkje prøvd å laga peparkakehus med ungane med sånn ferdig byggesett frå Rema. Eg trur ikkje det er eit einaste år ikkje ein eller fleire av delane har knekt under monteringa, og kvart einaste år har eg hatt brannblemmer på fingrar og hender etter uforsiktig omgang med smelta sukker… Til mitt forsvar så er fyren ingeniør, det er ikkje eg, og eg treng vel strengt tatt ikkje nemna akkurat her at eg er utdanna formingslærar…

Eg har forresten hatt to gilde kulturopplevingar dei siste dagane:

image

I går var eg på Torgsenteret og såg Jan Ivar og Frank Robert spela forestillinga » Okse og esel.» Det var ei kjempefin forestilling, som passar like godt til vaksne som til barn. Dei spelar neste helg og, så grip sjansen.

image

I dag var me i Storstova med andreklassingane våre og såg «Fantefylgje» spela «Jungelboka». Det var og ei imponerande forestilling som eg tek av meg hatten for. Det er så fint når ein kan laga skuleforestillingar, i tillegg til at skodespelarane får masse publikum, så får elevane ei kjekk teaterforestilling. Det klør litt i fingrane når eg ser andre setja opp barneteaterforestillingar, men det er ikkje meir synd på meg enn at eg er i full gang med ei stor forestilling for kulturskuleelevane i tiande klasse i lag med dei flinke kollegene mine der. Siste veka før påske er det vår tur til å erobra scenen i Storstova. Men før det har me framleis ein ganske stor jobb å gjera…

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: