Så fin plass me bur på
Framleis er det skikkeleg spektakulært ute langs strendene etter uveret. I dag var me ute på den fine plassen me oppdaga for ei veke sidan som ligg mellom Nærland og Obrestad med eit par hus og ei fyrlykt. Me har prøvd å finna ut kva det heiter der, og me trur me har funne ut at det heiter «Vågen», eller «Våjen» på dialekt. Framleis kokte det godt der ute, store tarevasar og store steinar var blitt kasta langt opp på land. Me hadde med oss Oscar i band, og eg var nesten litt nervøs for at ein kastevind eller ei stor bølgje skulle ta tak i han, så me var veldig forsiktige. Det kvite på steinane er ikkje is eller snø, men rett og slett skum. Eg har aldri sett havskum bli liggjande på den måten før, kanskje er det blitt piska opp med ekstra mykje salt? Store flak med havskum flaug som enorme snøfiller inn mot land.

Me såg både skarv og ender som sat fjøresteinane og som flaug lågt over havflata.
Og lenger inne fann svaneflokken framleis mat på eit jorde.
Og er det ikkje ein fin plass me bur på, så veit ikkje eg. Etter turen inviterte Ingrid på deilig thai-middag. Nå sit eg her og skriv litt med ein malande katt mellom meg og datamaskinen. Eg har oppdaga at eg har mange dikt eg nesten hadde gløymt av liggjande på datamaskinen. Eg trur eg kan vera på full fart mot ei ny bok, men nå skal eg ha litt sundagsfri. … Trur eg.
Heidi


