Gå til innhald

La oss få sleppa

januar 16, 2015

16253682211_219cdca799_o

Eg har ein idé til eit dikt formulert som ei bøn. Eg kan framleis koma til å forandra på det meste, men tek det med likevel. Ein klok person har sagt at synd er det å bli innkrøkt i seg sjølv. Det er ikkje alltid me finn vegen ut…

La oss få sleppa

Gud, la oss få sleppa
å bli så så skjeløygde
at me bare ser vår eigen nasetipp.
La oss få sleppa å bli så små
at me ikkje finn vegen ut
av vår eigen navle.
La øyrene mine høyra meir
enn orda på fjernsynsreklamen,
og la hjartet mitt dunka
for meir enn golvteppet og barna mine.
La meg sleppa å bare pusta
i ein lomme voven av alt mitt eige,
og lat meg kjenna meir
enn min eigen stive nakke.
La huda mi vera naken nok
tl å kjenna varmen
frå andre sine kroppar,
og la tankane mine få sleppa
å bli innestengde
i kaloritabellar,
pensjonsavtalar og renteføter.

La fuglane i meg
få sterke nok venger til å fly
ut av mitt eigen avgrensa kropp,
og la varmen mine
få varma fleire enn meg sjølv.

Opne mine dører Gud,
mine dører og mine vindauge
så eg slepp ut for å sjå,
opne det hemmelege blikket mitt
så eg ser eldsøyla og støvskya,
så eg ser den kvite dua
og finn vegen ut og heim.

Heidi

 

 

 

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: