Eg skulle heller skriva kjærleikssongar
Eg sit her og jobbar med den nye diktsamlinga mi, og fekk lyst til å dela litt. Det er spennande å la nye tekstar møta dagslyset…
EG SKULLE HELLER SKRIVA KJÆRLEIKSSONGAR
Eg skulle heller skriva kjærleikssongar.
Eg skulle ikkje gjera anna.
Eg skulle sitja ute i regnet
og skriva under ein stor paraply
medan sommaren lukta sommar.
Eg skulle sitja i ei solsikke
og liggja langflat i ein åker,
eg skulle ha ein gyngestol
på verandaen
i ein hage full av roser.
Eg skulle ha utsikt til det grønsvarte havet,
til den sommerblå himmelen
og dei himmelblå kornblomane.
Så skulle eg ha snakka sant
med så kjærleg stemme
at det ville bli bra igjen alt saman.
Og så skulle det bli kveld.
Heidi
Kommenter innlegget