Små og store sistekveldstankar med plass til Jon Fosse og Levi Fragell
Sistekveldskjenslene er her. Nå renn siste rest av ferien vekk som sand mellom fingrane mine. Eg er seinare ute enn nokon gong med å skifta ut innmaten i lærarkalendaren, men nå skal eg gjera det. Det er alltid ein stor overgang å gå frå det frie uorganiserte livet utan klokke på armen til å ta steget inn i universet med timeplanar og ringeklokker. Det går alltid bra, men det gjeld å trekkja pusten djupt og ettertenksamt. Oppstarten er alltid noko av det aller travlaste i eit skuleår. Eit nytt univers skal på beina og nye byar skal byggjast. Det aller viktigste er å gje alle ungane ein god start på eit nytt skuleår, dei skal bli sett og bekrefta og bli losa inn i eit stramt regime dei og etter at dei forhåpentlegvis har hatt tid til å virra fritt omkring og gjera seg erfaringar om livet både i lag med andre barn og i lag med vaksne med litt betre tid enn vanleg.
Og attpåtil har me fått sommar den siste feriedagen. Det har vore ein av dei finaste sommardagane me har hatt her på desse traktene på denne sida av jul. Sommaren er velkommen. Me kan godt få mykje av han framover, det gjer ikkje noko om det blir sommar i september og. Eg vil påstå at eg har brukt dagen ganske godt. Eg har gått ein tur og sykla ein tur. Eg har vore ute nesten heile dagen og til og med klart å bli solbrent på ryggen medan eg låg flatt på magen med den nye diktsamlinga flagrande på lausark rundt meg medan eg prøvde å bestemma meg for rekkefylgja på dikta. Eg vurderer om eg skal ta med ei avdeling for songtekstar og. Det er mange som spør etter songane mine. Kan eg trykkja dei utan noter med ei fotnote om kven som har laga musikken, mon tru? Eg får grubla litt på det. Det å trykkja noter blir meir komplisert, for dei er det jo andre enn meg som har opphavsrett til, og ein del av dei er melde inn til Tono.
Dei siste dagane har eg og teke meg god tid til å lesa. Eg har lese ferdig to interessante og veldig ulike bøker med den fellesnevnaren at dei mellom anna handlar om menneske si trusreise. Sidan menneskeliv interesserer meg og tru interesserer meg, så er dette eit felt eg gjerne les om. Bøkene eg har lese denne veka er «Vi som elsket Jesus» av Levi Fragell, og «Mysteriet i trua» av Jon Fosse. Bøkene er veldig ulike. Fragell si bok handlar om guten som var han som vaks opp med eit omflakkande liv på grunn av at faren var predikant i pinserørsla. Han fortel om guten som ville gjera alt rett, som engsteleg irettesette vaksne som røykte, fordi røyking var synd og som alltid ville vera snillare, flinkare og meir rettruande. Denne guten vart sjølv vekkjelsespredikant og hengde opp plakatar med bilete av seg sjølv på. Han predika mange til både tårer og omvending, men var bekymra fordi det viste seg vanskeleg for han å få tak på tungetalen sin gave. Han fortel om den unge mannen som opplevde at det han hadde trudd på og stått for rakna, han orienterte seg etterkvart vekk frå trua og strevde med å finna formelen for eit liv utan Gud. Sjølv om foreldra var varme og gode menneske med lite anlegg for fanatisme, så følte han seg både lurt og skada av å ha vakse opp med ein Gud han ikkje lenger kunne tru på, som sentrum i livet. Så problematisk opplevde han dette at det etterkvart vart hans hovudtema i livet å avsløra for menneske at Gud ikkje finnest. Han vart leiar for Human-etisk- forbund i Norge og det er vel slik han er best kjend for dei fleste.
Kanskje nokon ville tru at eg las med forakt og engstelse om Levi Fragell. Slik er det ikkje. Eg fekk gode kjensler for den unge mannen med ærlegdom som livsprosjekt. Og eg forstår betre enn før korfor han er så sint på kristendommen. Eg forstår og på ein måte korleis verda ser ut utan Gud. For meg ville det å mista trua vera ei stor sorg. Eg tolkar Levi Fragell dit hen at for hans del så var denne sorga blanda med ein stor andel lettelse. Den Guden han hadde trudd på var streng og uforsonleg. Han var oppdrogen i ei kristendomsforståing der alt som ikkje var «kristeleg» kunne vera farleg og skadeleg. Fotballkampar, kino, «verdsleg» musikk, teater og «verdslege» bøker var farleg alt saman.
Jon Fosse har eit heilt anna utgangspunkt og ei heilt anna tilnærming. Han har nærma seg det heilage og mysteriefylde som for han var ukjend og uforståeleg. Etterkvart har han end opp i den katolske kyrkja 0g opplever der å kunna leva mysteria. Han seier noko som eg tolkar omtrent dit hen at Gud skal ein ikkje snakka så mykje om, for han forsvinn når ein prøver å fanga han med ord. For han er Gud uforståeleg, det er det som gjer han til Gud. Jon Fosse seier og at for han er det eit prosjekt å ikkje skriva det han skriv ut frå eigne erfaringar. Det han skriv er kunstutøving, den skal ikkje begrensast av hans begrensa og trivielle erfaringar. Han har heller ingen tankar om å skriva om Gud i det han skriv. Den boka eg har lese er skriven av Eskil Skjeldal og byggjer på samtalar med Jon Fosse. Eg tek alle atterhald for at eg kan ha misforstått både Jon Fosse og Levi Fragell. Dette blir mine tolkningar. Begge bøkene har skapt ettertanke i meg. Begge bøkene har skapt sympati for mannen bak dei, og dei viser meg kor utruleg forskjellig me erfarer, tenkjer, reflekterer og trur. Eg kan kjenna meg litt att i dei begge, men samtidig ser eg at på same måten som deira historiar er heilt ulike, så er min eigen historie heilt annleis.
Boka til Fragell minner meg om kor farleg det er å begrensa Gud til det ein sjølv forstår, og kor farleg det kan vera å leggja sterke føringar på korleis andre menneske, og ikkje minst barna dine skal tru, tenkja og meina. Han fortel at alle fem brørne, det vil seia heile syskenflokken ende opp med å bli erklærte ateistar, og at foreldra mjukna mykje i standpunkta sine når dei vart eldre. Det må ha vore ei stor sorg for foreldra at dei to brørne som reiste rundt saman som vekkjelsespredikant og songevangelist begge mista trua heilt.
I forhold til Jon Fosse innser eg kor forskjellig me tenkjer om det å skriva. Eg vil ikkje drøyma om å setja det eg skriv opp mot hans store internasjonale forfattarkarriere, det er meg fjernt. Likevel registrerer eg at mine prosjekt delvis går ut på det han meiner er smått og nesten umogleg, nemleg det å bruka eigne ord og eigne erfaringar som utgangspunkt for det å skriva. Jon Fosse har forresten fått ei salme med i salmeboka og har bidradd til boka med bibeldikt, så heilt konsekvent er det ikkje at han ikkje skriv om Gud. Han seier forresten at han trur han er ferdig med å skriva skodespel. Men framleis er det forfattar han kjem til å vera.
Same kor gode intensjonar ein har, så risikerer ein å skada og såra andre menneske. Det tenkjer eg etter å ha lese boka til Levi Fragell. Eg trur at eg har godt av å lesa slike bøker på same måte som eg har godt av å lesa bøker av Martin Lönnebo, Mor Theresa og Desmond Tutu. Same kor ein står sjølv i det store landskapet av tvil og tru der me vel flyt litt rundt omkring fleire av oss, så tenkjer eg at me må passa på å ha ein grunnleggjande respekt for andre menneske. Me veit knapt nok korleis livet ser ut sett frå våre eigne auge, så me risikerer å gjera andre djup urett når me vil definera korleis verda bør sjå ut for dei. Det betyr ikkje at me ikkje har lov til å ha meiningar eller sterke meiningar.
Det står i bibelen at kjærleiken dekkjer over mange synder. Heldigvis…
Heidi