Gå til innhald

Katt

mars 17, 2024

I nitten år har me hatt katt. Det begynte med at Sunniva kom heim og melde om ein kattunge som sprang rundt i gatene og som ingen eigde. Ho fekk lov til å ta han med seg heim,og så hengde me opp plakatar på alle butikkane i omegna med bilete og spørsmål om nokon sakna ein katt. Dette var i mindre digitale tider, så me gjekk der og venta på ein telefon eller at nokon ringde på døra og ville henta kattungen. Det var det ingen som gjorde, så kattungen fekk bli verande hos oss. Fordi me syntest ho såg litt fornem og egyptisk ut fekk ho namnet Cleopatra. Seinare same hausten kom Halvard heim i matfriminuttet med ein endå mindre kattunge som heldt seg rundt skulen hans og som nokon hadde kasta stein på. Så var det ein ny runde med plakatar, og plutseleg hadde me to kattar. Cleopatra, som hadde rukke å bli husvarm, og lille langhåra Venus som til å begynna med var så engsteleg at ho dei første dagane stod og skalv når me sette henne ned på golvet. Ho var så lita at ho måtte stå med framlabbane på matskåla for å rekkja opp til maten, ein vane ho fortsette med resten av livet.

Dei to vart vel forlikte kattesystrer. Dei likte å liggja tett inntil kvarandre og å eta samtidig av matskålene. Det var på den tida huset vårt vart fullt av dyr fordi spesielt dei to yngste barna var veldig mjukhjarta når det gjaldt alt som levde. Me hadde kaninar i bur, hamstarar, først to me kjøpte, og så ein heil syskenflokk Halvard kom heim med fordi nokon hadde slept dei ut i Sandtangen. Me hadde to undulatar, gullfisk i bolle, ein stareunge som Halvard trudde hadde ramla ut av reiret, rumpetroll som vart til små froskar og til og med ei flaggermus med spjæra venge som Halvard hadde planar om å helbreda. Enn så lenge budde ho i ei skoøskje og vart mata med slikt som flaggermus i fylgje informasjon på nettet likte å eta. Naturleg nok levde verken fuglen eller flaggermusa lenge i fangenskap. Alle desse dyra var nok ikkje hos oss samtidig, men i nokre år var det reine menasjeriet her i tillegg til ein stor syskjenflokk.

Dei siste 10-12 åra har me bare hatt Cleopatra, for Venus vart sjuk og måtte heilt uventa avlivast då eg og Ingrid tok henne til dyrlegen for noko me håpa var ein bagatell som forårsaka manglande matlyst og energi. Etter nokre år var det plutseleg bare to vaksne og ein katt som budde i det store blå huset vårt. Cleopatra har vore ein katt med personlegheit. Ho har vore kjærleg og kosete inntil det klengete og påtrengjande. Når eg skreiv på tastatur likte ho å liggja mellom tastaturet og skjermen, når eg strikka likte ho å liggja inntil kroppen min litt oppfor dei strikkande hendene. Ho ville gjerne bli kost med av alle som kom innom, spesielt dei som ikkje likte kattar, og sidan ho gjekk inn og ut av eiga katteluke var det eit skikkeleg spetakkel å halda henne ute når me hadde gjester som helst ville slippa unna henne. Då var det jamring og mjauing og forsøk på å smetta inn dører som ho til og med ved eit par anledningar klarte å opna sjølv. Ho var ei sprek og energisk kattedame som inntil det nesten siste balanserte på hustak, hoppa opp i vinduskarmar og kom heim med ein og annan fugl ho hadde fanga. Då ho for ei tid tilbake vart dårleg reiste me til dyrlege med gråten i halsen fordi me tenkte at ein så gammal katt får me sikkert ikkje levande med oss heim. Det viste det seg at me gjorde, med gode medisiner vart ho nesten som ny, og me var glade.

Dei siste fire- fem månadane har ho blitt merkbart eldre og slakkare. I jula trudde me nesten at ho skulle døy frå oss, men med ein ny runde medisin vart det betre. Dei siste tre-fire vekene har ho vore sutrete og ekstra klengete. Ho har som før elska å liggja på fanget, mala og bli kost med, men turane ut vart stadig kortare. Sist helg då eg var vekkreist hadde ho jamra ekstra mykje og Leif sende melding om at han hadde bestilt time hos veterinæren på fredag. Denne dyrlegetimen låg som ein tung klump i magen på oss begge denne veka. Eg håpa i det lengste at veterinæren skulle seia at dette kunne fiksast og at me fekk ny medisin som gjorde underverk. Leif tenkte nok meir at nå kunne me ikkje drøya prosessen lenger viss katten ikkje hadde det godt.

Eg grua så forferdeleg til dyrlegetimen at då Leif sa han kunne reisa aleine om eg bare hjalp til å få henne inn i buret slo eg til. Eg følte meg som ein svikar då eg ikkje var med, men visste at om eg skulle uttala meg så hadde eg ikkje klart å gå inn for avliving om det ikkje var heilt uunngåeleg. Cleopatra fekk laks til frokost på fredagen og klokka kvart over elleve reiste dei til dyrlegen. Det vanskelegaste var å senda henne i veg. Eg følte meg som ein mordar og ein bøddel. Eg veit alle seier det er humant å la dyr sleppa når dei er gamle og har det vondt, men eg klarer i beste fall bare å tru på det med forstanden. Følelsane tilseier at det å velgja livet av ein venn er noko ein bare ikkje gjer sjølv om denne har fire bein og lang hale.

Eg håpa i det lengste å få ein levande katt tilbake, men tenkte at det nok var det minst sannsynlege utfallet. Veterinæren sa at mange venta for lenge med å la gamle kattar sleppa å ha det vondt og støtta Leif i at det nok var den beste løysinga i dette tilfellet.

Nå er det tomt her heime sjølv om eg veit at mange ting blir meir praktisk. Me kan reisa heimefrå med godt samvit, me slepp å engsta oss for om ho har det vondt og me slepp å gå og grua for den uungåelege avskjeden. Eg har høyrt at det å klappa ein katt er ein av dei beste teknikkane for å slappa av og kvila. Nå får me prøva andre metodar, dei finst nok dei og. Så får me takka Cleopatra for fylgjet. Det har vore fint å ha deg her.

Sjølvsagt finst det spor av henne i dikta mine. Eg får ta med eit av dei her:

Katten

I det året dei spådde
dommedag
ligg katten og slikkar høgre labben sin
med ru og bleikrosa tunge.

Ho passar på å koma godt til
mellom klørne
tek seg ein tenkjepause

og vurderer
å gå over til
vesterlabben

ettertenksomt
malande
med halen krølla
rundt seg

på ei bunke dikt.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget