Tango med livet
1.mai 2024

Då er me klare for ein ny runde med maiblogg. Viss eg ikkje tek feil, så er det det tjuande året eg skriv innlegg kvar dag i mai, så det må vel vera utelukka å svikta nå i jubileumsåret. Dette blir ein form for dokumentering av liv, kanskje aller mest interessant for meg sjølv, men eg håpar jo at nokre fleire og kan synast det er fint å lesa. I dag tenkte eg at eg kunne by på ein tango. Saman med Bjarte Lending og Ernst Th Monsen har eg delteke i ein salmekonkurranse i samband med Stavanger bispedømme sitt 900- årsjubileum til neste år.
På måndag fekk me vita at me ikkje har vunne konkurransen med nokre av dei tre bidraga våre, og det er jo på ein måte litt synd, men det fine er at då har me lov til å bruka dei som me sjølve vil. Eg har gått lenge og tenkt på at det å leva er omtrent som å dansa tango, og sidan eg nesten har gitt opp å bli ein habil tangodansar, fann eg ut at det kunne eg heller skriva ein salme om. Sidan eg lever med eit levande Gudsbilete tenkjer meg at når eg dansar tango med livet, så gjer eg det hos Gud. Eg liker melodien til Bjarte og arrangementet til Ernst veldig godt. Kanskje dette ikkje passar så godt i eit kyrkjejubileum, men på bloggen min passar det veldig godt. Eg byr derfor på tekst og lydfil. Det siste har eg fått lov til av generøse Bjarte som har vore ein av samarbeidspartnarane mine gjennom mange år.
Fyll meg med din tillit
(Ein tango med livet hos Gud)
Når gleda i meg boblar, syng og dansar,
når sorga riv i meg og bryt meg ned.
Når eg blir redd og vaklar rundt og tviler
på alt eg trur om kjærleik, håp og fred.
Når alle mine tankar flyg som fuglar,
i vide ringar sirklar dei og sviv,
forvirra rundt som støv i universet,
og blir til eit fortvila rop om liv.
ref:
Kom du Guds kraft og full meg med din tillit,
la kjærleiken få bera meg,
så dansar eg på bare føter,
eg dansar tango, min Gud, for livet her hos deg.
Når høge, kalde bølgjer bryt mot livet,
eg snublar og kan nesten ikkje stå:
Når vindar nesten riv meg over ende,
og hjartet nesten ikkje vågar slå,
då kjem du stilt og rører meg forsiktig,
eg kjenner eg får fotfeste og tru.
Eg kjenner at nå vågar eg å dansa,
eg kjenner eg får mot nok til å snu.
ref
Du Gud som elskar alt som finst og lever,
du Gud som lar meg koma, snu og gå,
du Gud som alltid lar meg finna vegen
tilbake til deg, ventar på meg nå.
Du held meg, du står fast i all mi vakling,
du varmar meg med kjærleik du som er.
Eg lenar meg mot deg som alltid er der,
i dansen min med livet er du nær.
ref
Mai månad er med i dag opna på finast mogleg måte. Veret som har vore ganske kaldt og hustrig store deler av april har slått til med over 20 varme grader, og folk har kome vinterbleike og våryre ut i gatar og hagar i sommarkjolar, shorts og sigletar. Eg og Leif har vore på biltur med mor og far. Det gir ein jo nesten eit slags ungdomsalibi å seia at i dag tok mor og far meg med på tur for å sjå på grøne bjørker og kvitveis og for å spandera middag på Byrkjedalstunet. Far køyrde bilen med oss alle ein lang runde gjennom Gjesdalbygda, gjennom Oltedal til Dirdal, Frafjord, Byrkjedal og over til Høle medan han helste på folk han kjende og fortalde oss om stdane me køyrde forbi. Eg lar meg imponera over alt han veit om alt og alle og alle stadar.
På heimvegen var me innom syster sin hage på Figgjo der dei grilla i hagen med barnebarn og barnebarns foreldre medan dei venta på at eit nytt lite menneske skal bli fødd kor tid som helst nå. Me håpar på god bør og godt og tenleg ver for den vesle jenta som snart skal fødast.
Mai er ein av mine absolutte favorittmånadar. Velkomen, me har lengta etter grøne tre, blomar, sol og sommarvindar.
Heidi