Eit vemodsstreif av barndom


Så har me brukt teltet. Eg må innrømma at campingplassen på Moskenes låg veldig idyllisk til nede i havgapet med utsikt rett til havs og nydeleg kveldssol. Den tre timar lange fergeturen frå Bodø til Moskenes var og ei oppleving.
Då me hadde kokt suppe på stormkjøkken og skulle prøva å finna kvile i teltet, oppdaga me at startbatteriet til bilen var flatt igjen. Det gjekk ikkje å starta han, og det gjekk ikkje ein gong å låsa bildøra. Me måtte bare prøva å ikkje tenkja på det, for me orka ikkje sitja i bilen og passa på heile natta.
Mi største bekymring var om ungar kunne klara å koma seg inn og løysa handbrekket slik at bilen begynte å trilla, men reisefølget mitt meinte at det var heilt umogleg og at bilen i tillegg stod veldig stabilt plassert. Eg har aldri sove i telt før i sollys, det var uvant. Campingentusiasten min måtte henta seg både sovemaske (sånn frå nsb) og øyrepropp. I tråd med yr sine spådomar vakna me i regn, men teltet haldt oss tørre. Me fekk og pakka oss inn i bilen mellom bygene utan å bli våte.
Så var det bare å prøva igjen å starta bilen og konstatere at det ikkje gjekk. Me rekna med at det var det same som sist, at det bare var å setja på hjartestartaren for bilbatteri nokre sekund, og så skulle det ordna seg… Så var det å setja seg i bilen for andre gongen denne veka og venta på bilbergaren. Ute høljeregna det, og i bilen vart det kaldt, så me breidde over oss badehandkle og ekstra ullgensarar. Eg hadde interessant lesing i ein artikkel samling om Petter Dass som eg kjøpte på Alstahaug, så dei bortimot to timane me måtte venta gjekk ganske fort.
Bilbergaren var denne gongen ein veldig sjarmerande og blid ung lofotværing «Hei, der e dokker jo!» Akkurat som me hadde trudd og håpa, fekk han liv i startmotoren på sekund. Han sa at dette av og til var eit problem på KIA-bilar. Her er det ein KIA-forhandlar, så på måndag skal me forhøyra oss om kor vidt me bør få eit nytt startbatteri, eller om me bør kjøpa oss ein slik batteristartar og ha i bilen. Me fekk og råd om å ikkje bruka straum (lys osv) når bilen stod stille, og å vera litt forsiktige med å lada mobilar og sånn i bilen. Sidan me trur me har kontrollen på problemet, stressar det oss ikkje så mykje, men det er jo kjekkast når alt går som det skal.
Regnet fortsatte å sila medan me navigerte oss mot Stamsund som var neste stopp. Det er ufatteleg fint her sjølv i regn. Fargane på blomar og vegetasjon er så intense. Eg høyrde at det skuldast at dei får lys heile døgnet, og så veit eg jo heimefrå og at i gråver er det ekstra fint å fotografera naturen fordi alt får så fine fargar.
Me hadde ikkje fått i oss verken mat eller kaffi, og me hadde ikkje våga å stansa bilen fordi me måtte lada startbatteriet. Nå var me klare for mat litt fort, me var langt ute på dagen alt… Var det ein kafe her? Det var det ikkje.
Me fann ein matvarebutikk og pakka litt ubevisst oppi det me fann til eit veldig enkelt måltid. Jordbær, rosinbollar, ein minipakke smør, oppskoren ost og makrell i tomat… Kaffi og knekkebrød hadde me i bilen.
Vandrarheimen der me bur har ein nydeleg beliggenhet. Ut frå det bittelille tomannsromet vårt med køyesenger og ein stol ser me rett ut på ei brygge med fiskebåtar. Det er ei vedfyrt badstue utanfor som me kan bruka og hoppa i havet etterpå, og me kan låna oss robåt om me vil. Me trur at staden må ha blitt bygd på 60- eller 70-talet og aldri blitt oppussa etterpå. Kanskje eit urbant reisebyrå ville ha sagt at det hadde ein viss rustikk sjarme?
Ting her er nedslitt og heng og sleng litt. Dusjen på gangen må ein stappa ein femmar på for å få varmt vatn. Den hyggelege unge mannen som driv staden deler ut ein gratis femmar pr dag. Eg rekna med at det var ein knapp inne i dusjen, så eg tok meg god tid, for å oppdaga at vatnet i dusjen var så kaldt som om det kom rett frå havet. Det vart ei frisk avrivning. Det var eit baderom av den typen der ein nesten må vera akrobat for å få på seg kleda att utan at dei blir våte.
På kjøkkenet var det sånne skap som bestemor hadde på sitt kjøkken, respateksbordet var slitt og dei lyseblå stålrørsstolane var slitte og blomstrete. Med gamle, mønstra asjettar, rosinbollar, smør og jordbær på bordet, fekk eg eit slags møte med 60/70-talet og eigen barndom. Det var ei nostalgisk oppleving. Eg var på ein måte på kjøkkenet til farmor eller mormor, sjølv om ingen av dei nokon gong hadde fiskebåtar og hav like utanfor kjøkkenvindauget.
Dette fekk meg til å tenkja på noko Edvard Hoem skreiv i ein av artiklane eg las om Petter Dass i dag: «Petter Dass har lært meg at songen skal forsone oss med tilveret… vi ser at vi er av same slag som dei andre… Vi kan ikkje fange det flyktige ved tilveret på anna vis enn i songen og forteljinga om menneskeliv. Songen kan fange det flyktige, ei stemning, ein ange, blomsterduft og fuglefløyt, og gjere det til ein varig skatt inne i oss… Songen til Petter Dass er ein gjenklang frå ein tapt, felles heimland som han skimtar på ny som vaksen mann. Den songen byggjer bruer mellom generasjonane, fordi den ser vi er av same slag som dei før oss…» Kanskje dette gir meining til fleire enn meg, sjølv om sitata her vart litt fragmentariske… Edvard Hoem fortel at det gjekk kalde ilingar nedover ryggen hans då han sat i klasserommet og song «Gud er Gud om alle mann var døde.» Den følelsen trur eg at eg kan relatere til.
Etter veldig innhaldsrike dagar var det godt å ta det med ro og kvila litt nokre timar i ettermiddag. I kveld tok me bilen halvanna mil til tettstaden Leknes der me fann ein koseleg liten restaurant. Me hadde lova oss ein skikkeleg middag ein dag i Lofoten, og det vart i dag. Bacalao og steikt klippfisk med bacon og omnsteikte grønnsaker smakte kjempegodt. Me kan anbefala «Makalaus» på Leknes med tradisjonsmat som klippfisk, bacalao og kvalbiff. Etterkvart vart det fullt av andre gjester og på restauranten. Ironisk nok snakka ingen av dei hyggelege kelnarane norsk.
Nå sit me her på vandrarheimen, som forresten har skifta namn til det meir internasjonale ordet «hostel», på eit felles opphaldsrom der ein kan slappa av eller eta maten sin. Dei fleste gjestene er på alder med barna våre eller yngre, og dei færraste snakkar norsk. Utanfor luktar det godt av bål frå den vedfyrte tønneforma badstua, og me har sett folk hoppa hylande ut i det iskalde vatnet.
Atmosfæren her er avslappa og vennleg. På romet vårt heng innhaldet av ein vaskemaskin til tørk. Det var for dårleg kapasitet på tørketromlane og ikkje noko tørkerom her, men me fekk låna eit gammalt hengestativ som me har hengt i gardinstanga. Det blir ikkje eg som skal sova i overkøya utan sengehest, men det knirkar såpass i sponplatene som erstattar sengebotnen i senga over meg at eg nesten blir litt redd for å få nokon i hodet mens eg søv. I går låg eg i teltet og var litt engstelig for å bli påkjørt av vår eigen bil i løpet av natta… Alltid skal det vera noko…
Heidi