Sundag og solskin i Lofoten

Då me reiste nordover, sa nokon at me ikkje måtte ta vermeldingane alt for bokstaveleg, fordi veret skifta så fort at me sikkert kom til å få oppleva mange slags ver i løpet av turen. Det ser ut til å stemma. I går lova dei regn i dag og, og så viser det seg at dagen har bada i sol. Det er me veldig takknemlege for. Sjølv om det var vakkert her i går og, så gjer det ganske mykje med sol og varme. For oss vestlendinger er 18 grader og sol i kategorien fint sommarver.
Nokon av det som gjer det kjekt å reisa med Leif er at han er veldig flink til å snusa opp spennande ting me kan gjera. I tillegg er han flink til å ta kontakt med folk me ikkje kjenner, og å starta samtalar med folk sjølv om me må slå over på engelsk, tysk eller spansk for å gjera oss forstått. Sjølv om eg nok i det lange løp er langt meir ekstrovert enn han, så er eg litt sjenert og litt redd for å trenga meg på. Kanskje dette er litt typisk for innfødde jærbuar?
Me har lagt merke til at det er skilta veg til eit katolsk kloster ikkje langt frå her me bur i Stamsund. Leif hadde funne ut at der var det messe kvar sundag klokka elleve, så det var planen for i føremiddag å dra dit. Klosteret hadde ei fin kyrkje med ein nydeleg hage som de ser på biletet. Då me kom dit klokka ti på elleve var det nesten ingen der, men rett før messa skulle begynna kom det masse menneske slik at kyrkja vart nesten full.
På ei glassdør inn til kyrkjesalen stod det skilt om at ein kunne få skriftemål kvar dag. Plutseleg oppdaga eg at det var nokon der til skriftemål. Mellom presten og den som skrifta var det ein lettvegg med holmønster. Presten sat på den eine sidan og lytta mens han såg ned. Den som skrifta snakka inn mot lettveggen.
Eg vart litt fascinert av synet, og var overraska over at skriftemål gjekk føre seg på ein så lite diskret måte. Alle andre sat forresten og såg veloppdrage rett fram mens dei venta på at messa skulle begynna, så eg stramma meg opp og besinna meg eg og…
Nonnene som bur der glitra med sitt fråver utan at eg veit korfor. Presten var polsk, og mange av deltakarane var og polske. Nokre snakka tysk, og nokre såg afrikanske ut. Eg lurer faktisk på om me kanskje var dei einaste «etnisk norske» der. Altertavla var derimot veldig lokal, og viste den korsfesta Jesus med Lofotfjella og norske hus i bakgrunnen.
Messa gjekk føre seg på norsk, men det meste vart omsett til polsk undervegs. Ein måtte konsentrere seg litt for å få med innhaldet i både liturgi og skriftlesing og preik. Norsk var tydelegvis ikkje morsmålet til nokre av dei som hadde ordet. I tillegg høyrde eg dei koselege drikkelydane frå bakerste benk, der ein baby som fekk mjølk frå tåteflaske og i tillegg tok pausar frå maten med å le og pludra. Presten formante oss til å visa nestekjærleik og å vera barmhjertige med kvarandre. «Det er så lite tru for tida her i verda.» sa han.
På katolske messer synest eg alltid det er litt trist å ikkje kunna delta i nattverden på grunn av at den katolske kyrkja ikkje anerkjenner nattverdfellesskap med lutheranarar. Me gjekk likevel fram og viste med teikn at me bare skulle motta velsigning og ikkje nattverd. Den polske presten utstrålte ein varme som gjorde at eg verkeleg følte meg velsigna.
Etter nattverden tok ein av afrikanarane fram ei jente (stor afrikansk handtromme), og så vart det sunge ein afrikansk lovsong med mange vers og mykje rytme.
Leif har eit søskenbarn som bur i Lofoten, men som av er på ferie sørpå akkurat nå. Han ringte oss for å fortelja at han var veldig lei seg for at han ikkje fekk møta oss når me endeleg var i Lofoten, og at me bare måtte låsa oss inn i hytta hans og bu der så lenge me ville. Slikt kallar eg gjestfridom i praksis. Me måtte og besøkja son hans sidan han ikkje var heime sjølv.
I dag hadde me ein avtale med denne sonen som er politibeyjent og småbarnsfar til tvillingar på to og eit halvt år. Han tok varmt og vennleg i mot oss, sjølv om me fram til nå bare hadde høyrd namnet hans. Me helste på barna hans, hadde ein koseleg prat og åt nysteikte vaflar. Det var fint å møta han.
Så var me klare for å sjå oss meir om. Me reiste mellom anna til ei strand som vart omtalt som ei av dei finaste i landet vårt, og fint var det verkeleg, sjølv for oss som er skikkeleg bortskjemde når det gjeld strender. Me hadde ingen ambisjonar om å bada, så badetøyet låg att heime, men eg tok meg ein vassetur og hadde havet i knehøgde. Til mi overrasking så kjendest ikkje vatnet kaldare ut enn sjøen heime. Hadde eg hatt badedrakt så er det godt mogleg eg hadde vald å bada. Vatnet var krystallklart. Det var masse folk på stranda, og ein del bada. Nokre bada i våtdrakt, og det er kanskje eit greitt badeantrekk i kjølege farvatn…

I ettermiddag har eg site og ligge på ei trebryggje og lese. Det kjendest fantastisk. Eg elskar å liggja på magen på solvarme trebryggjer som luktar av tre og tjære og salt sjø. Eg har lurt på kor tid ein blir for gammal til å leggja seg flat på den måten med ei god bok? Kanskje ein må ta ein heimetest først og sjekka at ein faktisk kjem seg opp i ståande att på er ein nokonlunde elegant måte etter å ha ligge flat i timesvis? Eg kom meg heldigvis opp utan å måtta krabba til nærmaste benk for å ha noko å halda seg fast i… Etterpå gjekk me ein tur og tok mange fine bilete før me avslutta med å setja oss på ein benk og eta is i sola.
I morgontidleg reiser Leif til KIA-dokteren for å finna ut om pasienten vår bør få nytt startbatteri før me køyrer vidare. Eit alternativ er kanskje å kjøpa ein batteristartar slik at me kan gi førstehjelp sjølv og slepp å venta i timesvis på bilbergarar. Etterpå er planen å reisa vidare til Sortland. Herberget her i Stamsund har alt i alt vore ein veldig fin plass å bu fordi naturen her er så vakker og fordi folk her er positive og fornøgde. Då kan ein leva godt med at det er litt skakt og rart og ikkje veldig nyoppussa.
Heidi