Tar livet med ro

Leif var tidleg på farten for å vera klar til å klora på døra hos KIA-forhandlaren då dei opna klokka halv åtte. Det fine var at dei hadde rett type bilbatteri på lager, og at dei meinte dette var ei reklamasjonssak. Det fine var og at dei kunne ta seg tid til å skifta det for oss, men ikkje før klokka tre i ettermiddag.
Me er glade og letta, og skal vera endå meir letta når me ser at nytt bilbatteri er på plass, og at me kan kjøra vidare med frisk bil. Me veit nå at residerande bilbergar på Leknes heiter Ole Johan og er ein veldig hyggeleg fyr. Dette er ei yrkesgruppe eg tidlegare har befatta meg lite med, så ein lærer stadig noko nytt. Eg må likevel innrømma at eg håpar me er ferdige med bilberging for ei stund.
Det å venta på å få klar bilen betyr at me må venta med turen til Sortland, som me hadde tenkt å begynna på i dag morges, nå blir det ein ettermiddags/ kveldstur i staden. Det går heilt fint. Det er ikkje veldig langt dit, og her er det jo lyst og fint heile døgnet, så det er ikkje noko problem. Eg er vel meir uroleg for om dei finn noko meir som er gale, eller om dei ikkje blir ferdige i dag likevel, men det får me og i tilfelle ta som det kjem.
Nå har me laga oss litt kaffi og sit på opphaldsromet her på hostellet for å lesa og skriva litt før neste runde på verkstaden.
Då Leif feira det som vel må ha vore femtiårsdagen sa Odd Christian i talen sin at han som vaksen forstod at det å knipa ned på overnattingsstandard og luksus var eit slags prosjekt når me reiste på lange sommarturar med fire ungar. Han hadde ikkje reflektert over at lavvo og ungdomsherberge ikkje var normen før han var på reise med den folkehøgskulen han var elev på og høyrde dei andre klaga over standarden på hotella…
Eg må innrømma at eg kan nyta hotell-luksus med nyoppreidde senger, eige bad og god frokost, men eg ser og det Leif seier at dette er ein meir avslappa måte å bu på. Folk er vennlege og snakkar saman meir enn det er vanleg på hotell, og dei byr kvarandre morgonkaffi viss dei har kokt meir enn dei treng sjølv. Dei ventar tålmodig på ei ledig kokeplate og lagar lite oppstyr av at det er kaldt vatn i dusjen. (I det minste gjorde eg det, eg skreiv bare om det på bloggen…)
Her er eit skap med matvarer, mjøl, sukker, krydder, muffinsformer osv ein kan forsyna seg med viss ein vil fordi nokon har sett det igjen, og her er det gratis vaskepulver til vaskemaskinene.
I tillegg er bokhyllene fulle av bøker eg går ut i frå at folk har sett igjen her fordi dei hadde lese dei ut.
Eg vel å ikkje tenkja for mykje over at alle bruker same tallerknane og same bestikk og vaskar opp etter seg i ein kjøkkenvask der det ein trur er kaldt vatn viser seg å vera varmt vatn og motsatt. Tanken på at det då er fort gjort å vaska opp i kaldt vatn har streifa meg… Eg veit og at restriksjonane, for eksempel i kyrkja er at viss me serverar nokon kaffi må koppane stimast. I den store samanhengen er alt dette ilandsproblematikk og luksustenking, og eg veit me er bortskjemde.
Det bur nokre få andre nordmenn her, men ut frå det eg tek på øyret når det gjeld lyden av språket, så er det tyskarar, italienarar, finnar, polakkar og nokre engelsktalende her. Dei fleste er nok innom ei natt eller to før dei tek fjellsko, motorsyklar og ryggsekker med seg og reiser vidare.
Noko av det fine med å vera på tur er å vera fristilt frå alt ein burde gjera. Når ein sit i Stamsund med ein koffert, ei skrivebok, eit strikketøy og ein kasse bøker forventar ingen at ein skal rydda loft, stella hage eller alle dei andre tinga som ropar på ein heime. Ein får meir tid til å tenkja tankane sine heilt ut, det trur eg må vera bra.
Biletet av valmuene tok eg i går i hagen utanfor den katolske klosterkyrkja. Eg liker valmuer så godt. Så får me leva denne dagen og etter Askeladd metoden og vera nysgjerrige på kva han ber med seg i hendene.
Heidi