Sundagsskulen

Då eg var fire-fem år gammal vart eg kjend med Svein Reigem som var naboen vår og litt yngre enn meg og Jan. Familien hans var pinsevenner. Eg fekk ein draum oppfyld, eg og Jan fekk begynna på sundagsskulen i lag med Svein og systera hans Unni, som var stor jente og kunne passa på oss andre. Sundagsskulen var på Tu skule, så det var nesten rett over vegen. Eg hadde høyrd om sundagsskulen og syntest at det var stor stas at det var blitt min tur. Så var det på med kjole og kvit strømpebukse og sløyfer i håret. I handa hadde me kvart vårt kronestykke som me la i eit tannglas i plastikk når me kom fram. Eg hadde ei forestilling om at pengane skulle gå til fattige barn i Afrika, og syntest at det var gode greier. På sundagsskulen song dei og spelte gitar, og me fekk sjå historier om slikt Jesus gjorde framstilt på noko så høgteknisk som flanellograf. Eg lurer på om eg kan ha vore noko tilnærma ein liten møteplagar, for eg hugsa at eg retta opp handa kvar gong dei spurde om noko, og spesielt dersom dei spurde om nokon hadde noko å spørja om eller ville fortelja noko. Eg hugsar at Anny, eller ei av dei andre unge damene sa at Jesus ikkje gjorde noko gale i heile sitt liv. Eg bestemde meg straks for at det ville ikkje eg heller gjera frå nå av, og bestemminga gjekk som ei frydefull iling nedover ryggrada. Sjølv med ein fire-femårings vaklande sjølvinnsikt, så trur eg at eg innsåg nokså raskt at løftet var i overkant stort.
Vel heime att var det kjøttkaker og ertestuing til sundagsmiddag, og eg dikta historiar om fattige og sjuke barn, helst i Afrika, for det var ekstra dramatisk, som bad til Gud og fekk alle sine problem løyste før dei rakk å seia amen. Av og til lurer eg på om nokre menneske er fødde med eit litt ekstra stort rom for indre religiøsitet. I så fall trur eg eg må ha vore eitt av dei, for eg kom ikkje frå ein familie som var spesielt opptekne av slike ting.
Då me flytta til Ålgård, var heldigvis foreldra til Grethe Iren, nabojenta vår, baptistar slik at eg fekk slenga meg med på sundagsskule i baptistkyrkja. Der gjekk forresten nesten alle barn frå Ålgård trur eg, sjølv om nokon gjekk på sundagsskule på Bethel og. Etterkvart fekk baptistmenigheten ein eigen buss som dei reiste rundt med og henta barn frå heile Ålgård, slik at alle fekk koma på sundagsskulen. Slik eg hugsar det var me hundrevis av barn som først sat samla på stolar og benkjer nede, og så «gjekk i klassane». Då gjekk me i aldersskilde grupper og hadde kvar vår lærar. Tante Anny, ja ho heitte faktisk det ho på Ålgård og, men denne var eldre, brukte hatt og hadde med seg mor si, leia samlinga nede. Me song dei same songane som på sundagsskulen på Bryne, så der var eg på heimebane. «Min båt er så liten», «Gud vil jeg skal være et solskinnsbarn», «Jeg vet en deilig have» og «Vær forsiktig lille øye hva du ser».
Det var forresten ein song der som eg sleit med å forstå innhaldet av:
«Å, jeg er så glad,
å jeg er så glad.
Tenk at jeg har visshet om at jeg er frelst i dag.
Det er ingen innbildning, nei det er evig sant,
dertil har jeg fått Den hellig ånd til pant!»
Det med å vera glad var greitt nok, men «»visshet om at jeg er frelst i dag», og «dertil har jeg fått Den hellig ånd som pant», nei det var som gresk for meg, og eg måtte jo forstå kva eg song. Eg forstod at her måtte eg gå rett til kjelda som kunne ha greie på slikt og spurde Ruth Irene, mor til Grete Iren ein gong eg var inne hos dei. Ho prøvde å fortelja meg kva visshet om å vera frelst betydde, men det var vanskelege greier. Då me kom til «Den hellig ånd til pant» smilte ho oppgitt og oppmuntrande og sa at eg kom til å forstå det når eg vart vaksen.
Eg tenkte ikkje over det då, men nå er eg mektig imponert over det sundagsskulekorpset som baptistmenigheten Emmaus klarte å stilla med. Dei må ha vore usedvanleg opptekne av barne- og ungdomsarbeid. Store deler av menigheten må ha stilt kvar sundag klokka ti og hatt «klassar», køyrd bussen, og så vidare. Takk til Anni og «u mor», Olga Skurve, Kari og Finn Matre, Gjermund, pastorane, Konrad Øhrn, som eg hugsar fordi han ein gong sa til oss at han var så «stolt over klassen!» Godt jobba heile gjengen. Dokker gav himmel over hovuda til ungane på Ålgård. Både Kari og Finn og Olga bad oss heim på kveldstid og. Hos Olga fekk me saft og skiver, og hos Kari og Finn fekk me pølser, potetgull og trøffelsjokolade. Stor stas!
Og ja, eg innser når eg skriv dette at eg er oppvaksen midt i bibelbeltet i ei veldig kristeleg tid. Eg let meg framleis forbausa når vaksne folk blir intervjua på gata og ikkje veit korfor me har fri på Langfredag. Takka vera naboar og andre vaksne fekk eg og ein veldig eukumenisk oppvekst med Yngres på Saron, Junior i baptistkyrkja, Misjonskyrkja med tante Solfrid og onkel Åge og adventistkyrkja saman med familien til Sissel. Så var det farfar som av og til tok meg med i den kyrkja eg vart døypt inn i som liten og har forblitt i. Farfar hadde ein høg og fin songstemme, og når eg syng eit par av salmane våre synest eg framleis eg høyrer stemmen hans på sida av meg: «I jubelkor de priser Herren stor» og «Eg veit i himmelrik ei borg, ho skin som soli klåre…»
Seksten år gammal fekk eg prøva meg som sundagsskulelærar i lag med Torhild som var femten. Eg forstår nesten ikkje at me fekk tilliten til å ha desse samlingane heilt aleine. Og sidan har eg hatt sansen for sundagsskule og vore i veldig mange år med pausar sånn av og til. Sjølv var eg så heldig at eg gjekk der ytterst frivillig og med stor lærelyst, ungane mine var der nok ikkje heilt like frivillig, men eg håpar jo at dei fekk med seg noko fint likevel.
Nå er mange ringar slutta. Hella og Iben er med meg på sundagsskulen i kyrkja på sundagane. Av og til er dei hjelparar for mormor, men mange gonger er det andre som er lærarar. I kyrkjekjellaren, der sunddagsskulen er under preika, har dei aller fleste barna med seg foreldre eller besteforeldre, så det blir eit fint møtepunkt for fleire generasjonar. I dag var det rett og slett den gode gamle flanellograftavla som var framme. Det er nesten litt nostalgisk kvar gong det skjer, og for ungane er det annleis og eksotisk i forhold til skjerm. Passande nok song me og gamle gode «Min båt er så liten». Nokre av dei andre er nok utgått på data…
Eg har framleis eit varmt hjarte for sundagsskulen. Bibelforteljingane er dei same, sjølv om me har lagt vekk frammøtekort med gullfiskar i garn og raude eple på epletre. Opplegget vårt går mykje i forming, dramatisering og leik i forhold til det eg hugsar for seksti år sidan. Eg blir litt imponert ved tanken på at då kom barna i store flokkar utan fylgje av vaksne, og så vidt eg kan hugsa var det dei same vaksne som stod på kvar einaste sundag i år etter år.
Same korleis ein ser på bibelhistoriane, så er dei ein stor del av kulturarven vår, og eg er glad for å vera med og bera dei vidare til nye generasjonar barn. Eg reknar med at nokon ser på sundagsskulen som nokså motlulturelle greier. I og for seg er det ikkje noko gale i det motkulturelle. Det er mykje spennande å finna om ein går motstraums av og til.
Om morgonen veit eg aldri kva eg skal skriva om i maibloggar og adventbloggar. Det dukkar opp i løpet av dagen, og nokre gonger veit eg det ikkje før eg set meg ned like før midnatt. Det er med andre ord ein spennande sport å skriva blogg. I dag vart det klart for meg nokså tidleg at dagens tekst måtte handla om mitt gamle kjærleiksforhold til sundagsskulen…
Nå skal eg røra saman ei kanelkake til open kyrkjekafé som skal vera klokka 18.00 i kjellarstova i kyrkja. Det er eit lågterskeltilbod til alle som har lyst til å drikka ein kopp kaffi og slå av ein prat i godt selskap. Velkomen.
Heidi