Luke 11- Ei ny julesalmevise dukka opp

Eg er normalt ikkje ein slik diktar som står opp om nettene for å skriva. Det hender det dukkar opp ein setning eller eit tema når eg har lagt meg, men då reknar eg med at eg hugsar det om det er viktig.
I går då eg hadde lagt meg og det var ganske seint, begynte det å sviva eit heilt vers i hovudet mitt.
Eg tenkte at det hugsar eg sikkert i morgon, men då det eine verset var blitt til tre, fann eg ut at eg kanskje burde ta vare på det. Utan å skru på lyset, for ikkje å vekkja han som sov på sida av meg, skreiv eg fem vers ned på messenger og sende dei til meg sjølv. I dag tidleg var eg spend på om versa tolde dagslyset, det er det og alltid spennande å finna ut. Det er ein slags julesong, kanskje ei salmevise, som er eit fint ord Ingrid Brækken Melve bruker om tekstar i skjeringspunktet mellom salmar og viser.
Kanskje det er eit svakheitsteikn for teksten at eg kjenner behov for å forklara litt meir. Denne teksten er ein tekst om alle glimta av håp og lys og kjærleik som møter oss ein vanleg dag og som me kanskje ikkje ser. To kvinner og ei lita jente har fått eit vers kvar. Den eine heklar englevenger, den andre tiggar på gata og velsignar folk som går forbi, den tredje er ei lita jente som dansar gjennom gata medan ho syng ein julesong ho nettopp har lærd. Her kjem teksten, kanskje det kjem ein melodi til nokon like lett som teksten kom til meg? Slikt veit ein aldri på førehand…

Ho heklar englevenger i silke og i ull,
Ho heklar heile dagen, og snart er korga full.
Då skal ho gi dei kroppar, og gloriar av gull.
På gata sit ei kvinne på teppet, det er kaldt,
har sjalet tett rundt kroppen, men manglar nesten alt,
ho lyser ei velsigning, er jordas lys og salt.
Ho ser ei lite jente som hoppar opp og ned,
og syng ein song ho lærde om kjærleik, jul og fred,
Ein song du kanskje hugsar, og du får synga med.
Gi kraft til englevenger, til barnesong som sviv,
mot vaksne, stive øyre med himmelsk perspektiv,
Gi mot til dei som heklar, og som velsignar liv.
Eg skreiv eit femte vers og, men er usikker på om det skal vera med. Er songen betre utan?
Gud, sjå til oss som lengtar, og hjelp oss sjølve sjå
at jorda vår som tumlar i mørke natta nå
er full av lys og kjærleik, av håp å byggja på.

Heidi