Luke 13- Luciadagen

I dag hadde eg to jenter på julebakst. Det er tydeleg at dei har gått fram i alder og visdom det siste året, og ikkje minst i tålmod når det gjeld kakebaking. I år klarde dei dei to-tre første bretta heilt aleine, med bare minimal mental støtte frå mormor, som faktisk kunne utføra enkel kjøkkenrydding parallelt med bakinga.

Sidan det var Luciadagen måtte me synga litt Luciasong medan me jobba. I tillegg til den tradisjonelle songen blei det og den frå «Jul i svingen» : «Når natten er mørkest…», og så vart det «En stjerne skinner i natt» og «Vi tenner våre lykter når det mørkner». » I små glimt vart kjøkkenet og rotet til ein katedral, barnesongen til eit englekor og det etter kvart litt klissete kjøkkengulvet til noko som kunne bera heilage sekund.
Tradisjonen tru måtte mormor baka dei siste bretta sjølv, men det vart peparkaker og kvite kakemenn til boksar både her og heime hos dei yngste bakarane. Mormor har omsider lært at ein ikkje treng å laga dobbel eller trippel deig fordi at «Når ein først er i gang…»
Me var så heldige at me fekk besøk av Torun som kom innom på ein snarvisitt og måtte få smaka baksten vår til kaffien.
Overgangen til neste aktivitet, vart travel, men me rakk det akkurat. Klokka halv seks var me inviterte til julesongkveld i Gamle Stavanger hos Linn og Karleif som bur i eit over hundre år gammalt hus i ei av Strandgatene. Dei er nokre av dei mest gjestfrie menneska eg veit om, og inviterer med glede 40 personar til songkveld. Linn kokar rømmegraut og risgraut og så tek alle med litt mat kvar til eit stort bord. Så blir det song og prat og god musikk. Sidan det var Luciadagen vart gjestene på eit tidspunkt invitert med på å gå i Luciaprosesjon gjennom nabogatene, synga Luciasongen på italiensk og dela ut nybakte lussekattar frå ei stor korg.
I invitasjonen vart me og inviterte til å ta med noko kulturelt viss me hadde noko me ville dela. Eg fann ut at eg kunne vidareføra stuntet med salmevisa eg skreiv natt til torsdag. Ti minutt etter eg hadde lagt teksten ut på nettet fekk eg ei lydfil frå Arne Martin der han nynna ein melodi han hadde laga samtidig med at han las teksten i ein liten pause mellom to skulegudstenestar. Arne Martin er eit raust og gavmildt.menneske, som saman med notarket eg fekk seinare på dagen skreiv ei melding om at dette kunne eg bruka akkurat som eg ville, dela med andre eller leggja ut på nett om eg hadde lyst til det. I kveld song me denne teksten for første gongen. Det var fint. Sidan eg har begynt å dela legg eg ut her og.

Eg seier som Arne Martin. Bruk viss dokker har lyst. 🕊️✨
Heidi