Gå til innhald

Banken min og meg…

april 15, 2026

Frå mitt lettare skambelagde liv som kreativ kaotikar.

I går skulle eg innom nettbanken for å sjekka noko. Då fekk eg beskjed om at bankID-en min måtte revitaliserast. For å koma dit måtte eg først bruka brikka, som eg heldigvis fann i rett skuffe, så langt alt bra. Men så var neste steg at eg skulle skriva inn det personlege passordet mitt. Det viste seg at det personlege passordet ikkje fungerte. Ja, nei, jo, det var viss sant… Eg måtte få nytt passord for eit halvt års tid sidan, og då fekk eg ikkje bruka det gamle som eg alltid har brukt… Kva var det for eit passord, igjen?
Var det …..? Nei, det var viss det nye google-passordet. Ikkje var det koden på bankkortet mitt heller… Då må det kanskje vera…? Eller var det det siste passordet på PC-en på jobb…? Ein får prøva…

Ja visst ja, eller Nei visst, nei. Det var feil, og i tilegg får eg opp ei melding om at eg ikkje får fleire forsøk fordi eg har tasta inn for mange feil passord… Av og til lækjer tida alle sår, så då eg prøvde igjen i dag hadde eg eit håp om å få det til, men nei, tilgangen var framleis sperra…

Då var det bare å bita i det sure eplet og ringa kundeservice… Først måtte eg svara på spørsmål om kva det gjaldt.
-Gjeld det kontoar i DNB?
-Eh, ja…

Så får eg får litt panikk, eg har konto i Sbanken, men den er jo gått saman med DNB. Svarte eg feil? Eg legg på før eg får nye spørsmål. Eg får høyra med økonomen min, som eg forøvrig deler husvere med. Han meinte at eit ja, til den automatiske samtalepartnaren som spurde om det gjaldt konto i NSB måtte vera korrekt svar…

Eg kjenner meg litt stressa. Korfor får det å ringa kundeservice i ein bank gjer meg meir nervøs enn å snakka til ei stor forsamling kan forklarast med at når det gjeld økonomi føler eg meg alltid på bortebane. Dei kan fort koma til å spørja om ting eg ikkje kan svara på. I tilfelle jernteppe når dei spør om personnummeret mitt, så skriv eg det ned og har det framfor meg på bordet. Eg legg og fram bankkort og kodebrikke, ein veit aldri heilt kva ein kan trengja.

Så slår eg nummeret igjen, og automaten stiller eit litt strengt spørsmål:
-Eg ser at du nettopp ringde, gjeld det det same?
– Ja. (litt nølande):
– Svarte du ja eller nei?
– Ja, eg svarte ja!

Så er det uendeleg lang venting med ein mild stemme ca annankvart minutt som fortel at det er stor tilgang på linja i dag, og at eit alternativ kanskje kan vera å chatta med ein automatisk rådgjevar?

Eg ventar med høgtalar på. Prøver å rydda litt, men det gjeld å vera klar i tankane det sekundet eg kjem gjennom.

Endeleg ein tålmodig damestemme som sikkert er van med å bli ringd opp av rotekoppar som har gløymd passorda sine. Ho forsikrar meg om at ho skal hjelpa meg, og at ho håpar eg forstår at ho bare må stilla meg nokre kontrollspørsmål. Eg hugsar det som har vore kontrollspørsmål før, namna på to av onklane mine, og namnet på den første katten min, men i dag skulle det ikkje vera så enkelt.

– Da spør jeg deg: Hvor mye penger, sånn ca er det på sparekontoen din.
– Eh… Nå må eg innrømma at eg vart veldig usikker.
– Ok, jeg kan spørre om noe annet. Hvor mye har du på brukskontoen din?
– Oj, nei, det vart eg usikker på og. (Ler litt nervøst.) Uff, eg må bare innrømma at eg er under middels interessert i økonomi.
– Jeg forstår.
(Stemmen er tålmodig, men det forsåt ho heilt sikkert ikkje. Folk som jobbar i kundeservice i ein bank har nok full kontroll på eigne kontoar.)

Nå er eg skikkeleg stressa. Kanskje eg framstår som mindre begava, dement eller som ein svindlar?

– Men du husker kanskje hvilken butikk du brukte bankkortet ditt i sist?
– Ehh, nå må eg tenkja meg om… Jo, eg trur det var Kiwi Rosseland på Bryne.

Heldigvis er ho nøgd med svaret, og heldigvis hugsar eg at eg har fast overføring til Redd Barna, og kva adresse eg budde på før.
Eg er innvilga tilgang til eigen konto, takk og lov for det… Nå må eg bare prøva å klekka ut ein god og trygg plan for å hugsa det nye passordet eg må laga meg…

Fortel meg, ein eller annan at eg ikkje er aleine med å koma i slike situasjonar med jamne mellomrom. Eg lovar meg sjølv bot og betring, eg skal prøva å hugsa kva eg har på kontoane mine i tilfelle eg må ringa banken…

Eg trur me treng tusen år til med evolusjon før slike hjernar som min har stålkontroll på å hugsa passord. Det er jo så uoverkomeleg mange av dei…

Først var eg fortvila over å bruka så lang tid på å finna ut av dette, og likevel set eg meg ned og brukar like lang tid på eit blogginnlegg. Eg har vel ei slags tru på at slike situasjonar må skrivast ned… For å skapa forståing for andre med same eventuelt framleis ikkje oppdaga diagnose som meg.

Eg får melding på mobilen at eg skal evaluera samtalen eg hadde med banken på ein skala frå 1-6 der seks er høgast. Raust trykkjar eg eit sekstal. Det er sikkert utruleg irriterande å ha ein jobb som dei har. Kanskje dei akkurat nå sit i matpausen og diskuterer engasjert kor sjokkerte dei er over økonomikompetansen i det norske folket. Det unnar eg dei…

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget