Gå til innhald

Helgelandskysten

Alstahaug og Dønna

Etter startvanskane, (bokstaveleg talt), i går klarte me å innhenta vår eigen timeplan. Utpå kvelden, litt seinare enn tenkt, kom me fram til Mosjøen og vart varmt mottekne av Arild, nevøen vår, og kona Hege. Dei hadde gjort i stand eit bugnande kveldsmåltid til oss. Dette er tredje gongen eg besøkjer dei i Mosjøen, ein veldig vakker plass der det denne gongen bare vart ei overnatting utan at me fekk sett oss meir om. Etter ein lang og hyggeleg frokost med Arild, der me fekk ringt opp Ingrid på facetime og sunge bursdagssongen for ho som feirar 35-årsdagen sin i dag. Tenk at barna våre er så vaksne, og ikkje er ho eldste barnet vårt ein gong…

Første planlagde aktivitet i dag var Alstahaug, staden der Petter Dass budde, hadde sitt presteembete og utøvde sin barokke salmekunst. Kyrkja er den same som då, ho er bare blitt utvida og restaurert, men det blei oppdaga for nokre år sidan at prestegarden som det heitte seg at han hadde budd på, truleg vart reist sytti år etter hans død.

Det var eit nytt og stilig museum der teikna av «Snøhetta» der eit utbygg gjekk ut over sjøen. Der kunne ein sitja i øverste etasjen og lytta seg gjennom veldig mange Petter Dass salmar medan ein såg utover havet. Me fekk veldig grundig guiding av ein engasjert guide som kunne oppdatere oss om at det me veit mest om når det gjeld Petter Dass, er salmene hans. Det portrettet ein kjenner som Petter Dass, og som er utgangspunktet for andre maler og skulpturst, kan godt vera av ein heilt annan prest.

Det danna seg og ein eigen mytologi rundt mannen. Han skal i fylgje mytene ha lurt djevelen slik at han fekk same makt og kunnskap som han utan å selja sjela si, noko som elles var prisen for desse privilegia. I staden hadde han betalt med skuggen sin, så Petter Dass kasta aldri skugge same kor sterk sol han fekk på seg.

Ei anna myte fortel at han rei på ryggen til djevelen ein julaftan for å rekkja fram for å halda julemorgongudsteneste i København. Til gjengjeld skulle djevelen få sjelene til alle dei som sovna under preika, men hr Dass talte så levande og godt at ingen sovna sjølv om djevelen hadde øydelagd manuskriptet hans.

Om folk for tre hundre år sidan tok desse mytene på ramme alvor skal eg ikkje ha sterke meiningar om, men han levde i eit hundreår prega av krigar, hunger og pest og i eit miljø der folk rett som det var vart borte på havet i kampen for å få mat på bordet. Kanskje eit liv i den grad utan sikkerhetsnett gjorde at folk levde tettare på både dødskrefter og livskrefter og var opne på ein heilt annan måte for alt ein ikkje kan forstå.

Sjølv har eg lenge beundra Petter Dass for at salmane hans er så fulle av det verkelege livet, av naturen og av det ekte menneskelege. Eg har opplevd dette som ein inspirasjon når eg sjølv skriv salmetekstar. Eg har tru på å skildra livet slik eg kjenner det på kroppen og med sansane mine meir enn å koma med stiliserte glansbilete.

Etter Alstahaug stille me oss i ferjekø for å ta ferja over til Herøy. Der i frå har me via bruer kome oss til den store øya Dønna der me er akkurat nå. Me er innlosjerte på ei «underavdeling» av staselige Dønnes gard, og bur i eit nedlagd skulehus på andre sida av vegen. Det er klasseromma omgjorde til gjesterom og gymsalen til ei lita daglegstove og eit lite kjøkken me kan bruka. Me kunne kjøpt fin middag oppe på garden, men valde å laga oss litt enkel mat her på kjøkkenet.

Dette huset er bemanna av eit veldig hyggeleg skotsk ektepar som bur i overetasjen. Dei har flytta hit fordi dottera er gift med ein frå Dønna. Her er det så reint og ryddig at eg får prestasjonsangst når eg brukar kjøkkenet. Vil eg klara å halda standarden oppe, eller vil eg vera til stor forargelse?

Det er kaldt ute, men stort sett er det opphaldsver og låge skoddeflak legg seg rundt fjella. Det er utruleg vakker natur her. Dessverre har eg veldig begrensa plass til foto her på bloggen. Eg ville likt å leggja ut mange bilete på kvart einaste innlegg. Dei som får lyst til å sjå med eigne auge får finna bileta på Instagramkontoen min

Leif har lagt seg for å kvila litt. Planen er ein fototur ut i det fine kveldslyset. I morgon må me opp grytidlig for å ta ei tidleg morgonferge over til fastlandet.

Heidi

På hjul

Etterkvart dukka bilbergaren opp og sette ein batteristartar inntil bilbatteriet vårt. (Det batteriet som er i alle bilar og som ikkje har med el-bilbatteriet å gjera). Så starta bilen.

Den joviale bilbergaren meinte at problemet var løyst, og at me trygt kunne køyra vidare. Sjåføren min forstår ikke korfor det batteriet skulle vera flatt sidan me har køyrd i dagevis og det då burde vera godt lada. Men… me liker å tru på under og er glade i enkle løysingar, så me satsar på at lagnaden har laga seg.

Nå ladar me bil på Berkåk. Sidan me ligg tre timar bak opprinneleg tidsskjema, fann me ut at me måtte bruka ladepausen til å få oss mat. På ladetomta var det ei vegkro der trailersjåfører får seg litt mat og ein dusj før dei kjører vidare. Her har me bestilt henholdsvis karbonadesmørbrød med løk, speilegg og ertestuing og hamburgar med pommes frites, for som det står i songen «Det kan bli lange timer bakom rattet (i Alpene om natta når det snør)». Snør gjer det ikkje, men det regnar og på Oppdal var det 7 grader ute. Det hender at ei ullstrømpebukse under sommarkjolen med tjukk strikkejakke og regncape utanpå er den rette «outfiten» som det så fint heiter på bloggespråket.

Nå skal me få med oss kaffi i pappkrus og så skal me håpa av heile vårt hjarte og all vår forstand at «Soulen» altså bilen vår er klar til normal start etter ladinga .

Her på Berkåk hadde eg i mange år i barndommen ei brevvenninne ved namn Turid Gjelsvik.Eg trur eg fann adresse hennar i Norsk Barneblad. Viss det ikkje var for at me ikkje har hatt kontakt dei siste førtiåtte åra, kunne eg ha vurdert å kontakta henne dersom det blir meir tull med bilen.

Ein eldre mann får høyra at det er lenge sidan dei har sett han her. Han svarer med eit sjarmerande smil at » Ja, deitte e det største comebacket siq Lasarus.» Sidan eg samlar på gode replikkar, noterer eg denne akkurat her. Eit av austlandske barnebarna hans, som truleg er her på ferie kviskrar: «Du farfar er litt rar i hodet.»

Nå får eg tusla meg til bilen der sjåføren ventar og håpa at kaffien framleis er varm.

Heidi

Meir spenning enn me ønska oss

Morgonen i miniatyrhytta var rask og effektiv, me rydda, gjekk og dusja og vaskar oss ut, noko som går fort når rommet er på sånn omtrent fem kvadratmeter. Så ville ikkje bilen starta…

Den elektroniske nøkkelen virka ikkje. Etter å ha prøvd og prøvd ringde me forhandleren heime og fekk gode råd og videoguiding som heller ikkje hjalp. Etter diverse rundar sit me her på campingplassen og ventar på ein bergingsbil. Me snakka med sjåføren for nesten ein time sidan, og hans trøyst var at «det skjer så mykje rart med nye biler, dei gamle er mykje enklare og greiare.»

Så nå kryssar me iskalde fingrar, det er kaldt både ute og i bilen, for at problemet skal løysa seg. Trøysta er at ingen er skada eller sjuke… Det er bare bilen som ikkje vil. Ein har då bøker, mobilar og strikketøy… Og eit blogglesande publikum å underhalda…

Eg oppdaterer når me veit meir. Bergarten skulle vera her om ein «harrtime» eller litt meir, men let venta på seg…

Heidi

1.juli

Sommardag i Rondane. For dei som bare delvis tek referansen, så kan eg opplysa om at eg på biletet står på same plassen som Harald Sohlberg stod då han malte, eller i det minste laga skisser til det mest berømte maleriet sitt: «Vinternatt i Rondane». Me har og køyrd over Dovre utan å møta moskusar.

På ladestoppet i Gjøvik gjekk eg inn på eit kjøpesenter for å handla litt, eg fann ut at verdas hyggelegaste befolkning må bu på Gjøvik. Alle eg møtte og snakka med, både i og utanfor butikkane var heilt usedvanleg snille, pratsomme og hjelpsomme. Kanskje inntrykket blir forsterka av den koselege dialekta i Mjøstraktene.

Heldigvis ser det ut som om villblomar i grøftekantane får leva eit friare liv enn for nokre år sidan meir forskåna frå grøfteklipping og giftspraying. Me køyrde forbi milevis med utruleg vakre grøftekantar som eg gjerne skulle ha fotografert til seinare oppbyggelse, men det var ikkje så lett å få stoppa dei stadane eg helst ville gjort det.

Turen over fjellet var veldig vakker, og me fekk og besøkt ei open pilgrims kyrkje, Eysteinskyrkja der me fekk sett oss ned og kjend på stilla og tend eit lys i lysgloben. Timane i bilen er veldig fine til strikking for den av oss som ikkje er sjåfør. Mer har og høyrd på lydbok «Og bakom synger skogene», av Trygve Gulbranssen. Det er ei av dei mange bøkene eg har tenkt at eg sikkert burde lesa ein gong. Nå viser det seg at det burde eg, for boka er så fin at me nesten ikkje får skrudd av for å høyra nyheitene og sjekka ut om verda framleis kan seiast å vera nokonlunde på hengslene. Det siste skal eg forøvrig ikkje bruka meir plass på akkurat i dag, for det er eit langt og mangslunge kapittel.

Me har sjekka inn på ein campingplass i Oppdal der me har leigd den minste hytta dei hadde, eit lite stabbur med tårn på. Trappa er eit slags campingbord med ei glipe mellom hytta og trappa. Nokon synest det er litt absurd at eg får høgdeskrekk av å gå ned dit utan noko å halda meg i, men eg trøyster meg med at mor mi ville ha forstått meg…

Det er kaldt her, så me er glade for panelomnen som me har stild på 22 grader. Me har ete rømmegraut og Rørosflatbrød med spekeskinke. Det smakte godt. Det er veldig stille her på campingplassen, men med jamne mellomrom for det eit tog forbi, og det virkar som om alle bles i fløyta når dei passerer. Eg går ut i frå at det må vera Dovrebanen som går rett ved sida av oss.

Nå har me for alvor starta turen vår som skal vara nesten tre veker. Det er deilig å reisa med bil og ikkje med tog eller fly, for nå har me plass til ein forenkla utgåve av heimen vår ute i bilen. Dersom nokon lurer på kva sånne som oss pakkar i bilen i slike anledningar, så kan eg røpa at me har med ein bokkasse med sikkert 20 bøker + nokre tidsskrift me lenge har hatt lyst til å lesa. Eg har med eit stort nett med garn i mange fargar, diverse strikkepinner, målbandt saks og nåler pluss eit oppskriftshefte. Så har eg med meg tre skrivebøker med blanke linjer og eit pennal med pennar og blyantar. Eg har med vilje latt vera å ta med andre digitale reiskapar enn mobilen, men i går angra eg litt fordi det var frykteleg vanskeleg å logga inn med ny mobil på bloggen min. Eg fekk litt hjelp til å knekka koden, så nå er alt bare velstand.

Me har med badetøy og sommarklede, men akkurat nå er eg glad for at eg var realistisk nok til å ha med regnklede, langbukser, ullstillongs, ullgenser og varm strikkekofte. Eg lot lue, gummistøvlar og vottar liggja att heime, så får det visa seg om eg får grunn til å angra på det.

Campingutstyr har me og med oss, og eit fjelltelt. Ein av oss vil gjerne bruka sistnemnde mest mogleg, den andre er takknemleg for kvar kveld det ikkje er bruk for det…

Eg har forresten alltid likt kjensla av å setja seg i bilen og reisa med den lettsindige tanken at det eg har gløymd nå får forbli gløymd. Det er noko befriende med å leva eit veldig enkelt liv for ei stund. Det meste klarer ein seg utan, og det meste går det an å få tak i om det skulle knipa.

Opprinneleg hadde me sett for oss at denne natta skulle vera på pilgrimsgarden i Trondheim, men der var det ikkje rom i herberget. Det er litt synd at me går glipp av Trondheim, for det er ein by eg er glad i å vera i. Eg skulle gjerne hatt nokre timar i Nidarosdomen, men det kjem nok nye sjansar til det. Nå skal eg sjå om eg får innvia den eine nye skriveboka.

Heidi

Sommarblogg

Juni har nesten gått forbi som ein fullpakka og fin sommarmånad. Då eg avslutta maibloggen var eg på veg til ein fantastisk sørlandshelg med lærarskulevenninner med sydentemperaturar og korfestival.

Så bar det til Evjetun på leirskule. Veka før lova yr oss at me skulle få tjuefem grader og sol under opphaldet, men i løpet av helga blei det nedgradert til ti grader og regn. Men leirskule blei det, og me hadde det kjempefint. Det er flott å oppleva noko som er heilt annleis enn vanleg skule saman med elevane. Dei neste vekene var det øving til forestillingar og forestillingar i skule og kulturskule + årsrapporter, evaluering av iop-ar, skriving av nye iop-ar, rydding, avslutningar og avrundingar og alt som høyrer til avrundingar av eit skuleår. Skikkeleg full fart det og, men alt gjekk fint.

Etter avslutninga feira me st. Hans i hagen til Odd Christian og Sonja, og fekk fotografert småjentene med sommarkjolar og blomsterkransar i håret før me pakka oss inn i tepper. For oss vestlendinger er det forresten nesten eit fast element i jonsokfeiringa å frysa litt.

Dagen etter fekk me fint feriebesøk av Sunniva, Trygve og vesle Tage, så nå har me kost oss med det yngste barnebarnet i nesten ei heil veke. I dag sette me oss i bilen for å starta på neste kapittel i sommareventyret vårt. Første etappe har gått frå Bryne til Haslum. Planen var å reisa over fjellet, men på grunn av vegarbeid ved Dalen vart det Sørlandet i staden. Me ankom Henrik og Eva Mari i sekstida og fekk heimebakt foccacciabrød, pasta med reker og italiensk is med jordbær til. Me har det godt.

Me har ein spennande tur framfor oss der me etter nokre dagar når Helgelandskysten, Lofoten og Vesterålen. Med slike planar kan eg ikkje la vera å ferieblogga. Dette har eg gleda meg til.

Heidi

31.mai

Nå sit eg på toget retning Kristiansand. Alltid godt å vera så langt. Det er sjeldan det ikkje er ein viss dramatikk rundt togreiser, og denne gongen var ikkje unntaket frå regelen. I går fekk eg beskjed om at det var buss for tog frå Kristiansand til Oslo, det var utan betydning for meg sidan eg skal til Kristiansand, men det stod at det kunne bli forsinkingar.

Då det var to minutt til toget skulle koma vart det opplyst over høgtalaren på norsk og engelsk at det var buss for tog. Folk såg forvirra på kvarandre. Skulle me springa ned og finna ein buss. Eg håpar alle tenkte som meg at me fekk sjå om det kom eit tog om to minutt før me gjekk ned. Det gjorde det… Men ring situasjon å ikkje vita om ein skal gå ned for å ta buss og risikera å mista toget eller venta på toget og risikera å mista buss for tog. Det gjekk bra, me valgte rett denne gongen…

Eg hadde haka av for å henta billetten på toget, og det var eit dumt val, for det eg fekk opp var ein hentekode og ikkje plassbillett. Eg fekk til slutt plassen min som viste seg å vera inneklemt i ein gjeng militærgutar på veg til perm. Det er forsåvidt alltid interresant å få prøva ut nye miljø, og med tre gutar og meg på slike sete som står mot kvarandre kunne det absolutt sjåast på som ein antropologisk studie.

Etter ei stund var eg i grunnen klar for ein pause frå «gutta—stemninga», og sidan eg var litt svolten tenkte eg at ein liten time i kafévogna kunne gjera susen. Der var lyset slukka og den søte og hyggelege billettøren sa at toget dessverre var utan kafépersonale i dag.

Så nå har eg satt meg ned i noko som liknar på ein lenestol og håpar på å ikkje bli jaga frå ei ubetjent kafévogn. Beste plassen på heile toget det… Bra eg fekk kjøpt med meg ei flaske vatn.

Vanlegvis jobbar eg heime på fredagar. I dag var eg på jobb på grunn av forestillinga me jobbar med. Dei som veit kva eg snakkar om veit kor intenst hektisk det er med første fulle gjennomkøyring med lyd, kortrapper, kostyme, rekvisittar, scenelys og inn og utgangar. Men det er veldig kjekt på same tida. Ein kjenner at ein lever og at ein har ein jobb der ein både skal ta vare på andre menneske og ta vare på andre menneske. For nokre elevar er slike dagar ganske krevande, for andre er dei dei beste av alle skuledagar.

Sidan me må juksa litt og vera i forkant stolte me på vermeldinga og skreiv song om sommar og som på Evjetun. Nå ser det dessverre ut som om dei kanskje må skrivast om, for Yr har ombestemt seg og melder ein del regn og temperaturar som ligg ganske godt under det dei gjekk ut med tidlegare i veka. Det blir nok bra sjølv om veret blir nedgradert. Me rullar inn på Sira stasjon, og kanskje eg skal postå årets siste maiblogg før me køyrer ut av dekning og eg mistar teksten min. Mission completed, som eg trur dei seier på den andre sida av dammen.

Heidiø

Og når netter er ljose som dagar…

Klokka er kvart over elleve om kvelden, og ute er det lyst. Det er så vakkert. Desse lyse nettene er noko av det finaste me har i Norge. Eg gler meg til å reisa nordover om ein månads tid og verkeleg få nyta nattelyset. Om mindre enn ein time tippar me inn i det siste døgnet i mai, og så blir det juni og heilt ekte sommar.

I dag har eg øvd med elevane heile skuledagen. Det er fantastisk å jobba i lag med ungane på denne måten. Eg hadde ei dansegruppe den eine timen der ei lita gruppe elevar har fått i oppgåve å laga ein dans som dei etterpå skal læra vekk til ei stor gruppe elevar. Det var fascinerande å sjå både engasjement, pedagogisk frustrasjon og stor danseglede. Eg haldt meg veldig i kulissane og tenkte at dette lærer dei kjempemykje av. Så bra at det finst elevar som er reelt kjempeflinke til noko eg sjølv ikkje er flink til i det heile tatt.

Eg er imponert over å ha elevar som verkeleg tek ansvar når dei er utfordra på det. Foreløpig er forestillinga eit salig kaos, men det kjem til å bli bra. I tillegg til flinke ungar så er eg på lag med dyktige vaksne, så dette skal me ro i land.

I kveld har eg vore på sommarkonsert med barnekoret og så har eg pakka kofferten og køyrd han bort til skulen. I morgon rett etter skulen skal eg på helgetur til Kristiansand med dei fine kærarskulevenninnene mine. Det skal nytast.

På sundag er det rett heim og pakka om for på måndag morgon pakkar me oss og elevane inn i ein buss eller to og reiser på leirskule til Evjetun.

Det kan fort bli ei fin og travel veke. Dei har lova oss godt ver både då og i helga.

Heidi

Onsdag

I dag blir det eit kort innlegg etter ein lang dag. På onsdagar varer arbeidsdagen min i nesten tolv timar, rett nok med ein liten innlagd matpause. Ofte går det endå ein time før eg kjem meg heim.

I dag sykla eg rett frå jobb til planleggingsmøte i sundagsskulen. Det har vore ein intens, men fin dag. Me jobbar med ei forestilling me skal ha rett etter leirskulen, så det er eit hurtigskapande prosjekt.

Det er kjekt å jobba saman med elevane om å få til ei forestilling, og fint å observera kor godt mange elevar trivst med denne måten å jobba på og kor seriøst dei tek det. Me har liksom noko «ekte» å jobba med, ikkje bare noko me gjer «på liksom» for å læra. «Kor tid er det vår tur til å øva, Heidi? «Nokre blir plukka ut for å øva teater, nokre øver på solosong, eller lagar dansar i friminutta. Det største ønsket for mange er å få ein større rolle, og det er eit luksusproblem.

Etter at eg fylde året har eg blitt feira dagleg med konfetti, ballongar, hjartevarmande kort med gode ord, godteri, konfekt, klemmar og små presangar. Eg har sagt til dei at det er heilt unødvendig, men må innrømma at det varmar med så mykje godleik og omsorg. Lærarlivet er intenst og krevande, men det er og ispedd utruleg mange sjelevarmande episodar.

Noko av det mindre sjarmerande er all teknologien som kan svikta. Det er slitsamt når du i full fart skal kopiera noko, og det plutseleg blir krevd ein brukernamn og eit passord du ikkje heilt klarer å finna ut av. Så blir det utallige mislykka forsøk, mail tul kommunen, nye mislykka forsøk, og så løysinga å senda over til nokon som kan kopiera ut frå sin konto, plutselege spørsmål om ei innlogging med googlepassord du ikkje er i stand til å hugsa kva er òg kopimaskinar med papirstopp. Elektriske tavler du ikkje får til å logga deg på er og ein klassikar.

Salig biskop Martin Lönnebo sa at han hadde bestemd seg for å vera glad for å stå i kø for då fekk han trent tålmodsmusklane sine. For nokre tålmodsmusklar ein burde ha etter nesten førti år i skulen med så mange eminente daglege treningsarenaer.

Heidi

Pyser bak rattet

I teorien er det litt fint og veldig akseptabelt at alle menneske har ting dei ikkje er så flinke til. Det gir oss jo moglegheitar til å hjelpa kvarandre, prisa mangfaldet, og ha den gode kjensla av å få til ting nokon andre kan ha glede av å få hjelp til.

Å gleda seg over slikt ein ikkje er flink til sjølv, er kanskje ein større kunst. Sjølv kunne eg, sikkert i likskap med mange andre, fylla ut lange lister med den slags, men nokre manglande ferdigheitar er verre enn andre. Eg lever godt med å ikkje vera flink til å synga, eller vera flink til å byggja hus, reparera syklar og mura murar. Verre er det at eg er ei skikkeleg pyse bak rattet, og unngår bilkjøring så sant det lar seg gjera.

Det fine med det er jo at bilkjøring er noko verda treng mindre av, og som eit innspel i det grøne skiftet er det veldig ofte fint, og dessutan politisk korrekt å bruka sykkel, buss og tog. Det gir heilt sikkert helsegevinst og at eg aldri er frista til å ta bilen viss eg skal ut eit ærend, men at det er upraktisk kan eg ikkje snika meg unna.

Eg har aldri likt å kjøra bil og aldri vore flink til det, så for meg har det aldri vore lystbetont å ta bilen. På den tida eg tok lappen, var det til stor underhaldning i vennekretsen å observera kor mange kjøretimar eg ende opp med å måtta ha. På den tida klarte mange seg med 10-12 timar. Så flytta eg vekk og kjørte ikkje bil på mange år. Likevel, før hende det rett som det var at eg var sjåfør. Med fire barn var det praktisk å vera i stand til å sitja i førarsetet på caravellen ein gong av og til. Eg har til og med minne om at eg har henta folk på Sola flyplass og besøkt ei venninne i Stavanger kommune som sjåfør i eigen bil, men det var lenge sidan.

I dei siste åra har eg ein og annan gong kjørt bilen til kyrkja viss eg skal ha mykje med meg, og kanskje kjørt utanfor kommunegrensene 3-4 gonger kvart år. Dei gongene eg har følt at eg har måtta ta bilen og kjøra ut av mine snevre komfortsoner, har eg grua meg i dagevis og kjørt bilen med høge skuldre og høg puls. Kvar gong det har vore «utbetring» på ein vegstrekning, eller kome ei ny rundkjøring ein plass, blir det mindre fristande å kjøra den vegen. Det gjer at kjørekartet mitt har skrumpa inn.

Barna mine kan vitna om at dei gongene det var vår tur til å kjøra til ei handballturnering på Nærbø, og Leif var bortreist slik at eg måtte steppa inn, så kom deler av laget for seint til kampen fordi eg var blitt liggjande bak ein traktor eller ikkje fann Nærbøhallen. Eldstejenta hugsar og sikkert med ein framleis merkbar frustrasjon den gongen me var på grilltur med klassen hennar og foreldra deira på Holmavatn. Eg møtte opp kjempetidleg for å kjøra dit i kolonne med dei andre, men før me nådde Timekyrkja hadde alle kjørt forbi oss… Me strevde så lenge med å finna vegen at grillane var kalde før me kom fram. Dette var før mobilar og gps…

Det er fint å vera idealist og reisa kollektivt, men eg har vridd meg som ein orm av og til når ein kollega seier: «Viss me lærarar kjører kvar vår bil, treng me ikkje mange foreldre med bil for å koma oss dit». Etterkvart har eg klart å gi beskjed om at dei nok ikkje kan rekna med min bil på slike turar. Eg reknar med at eg framleis har elevar som kan fortelja om den gongen me var på Jærmuseet og dei som sat i bilen min fekk ein ganske lang omveg, fordi me måtte finna eit alternativ til at eg skulle kjøra forbi den traktoren med tilhengar som eg på ingen måte våga å kjøra forbi med andre sine barn i bilen. Ein annan kinkig situasjon er at eg ikkje har lyst til å kjøra til festar sjølv om eg ikkje har tenkt å drikka alkohol. Eg innser at det av mange blir sett på som skikkeleg sløsing av ressursar at klink edru festdeltakarar ikkje har tenkt å kjøra heim frå festen…

Her skal det ikkje svartmalast. Dei fleste som kjenner meg aksepterer dei trafikkmessige funksjonshemningane eg lever med. Sjølv er eg supertakknemleg kvar gong eg får lov til å sitja på med andre når det skal kjørast til eitt eller anna mål, samtidig må eg innrømma at eg føler meg litt som ein snyltar, sjølv om eg prøver å vera nøye på å betala for meg.

Mest av alt innser eg at det er upraktisk å ikkje kunna henta barnebarn med bil i barnehagen når det trengst, ikkje kunna besøkja foreldra mine utan å få haik med andre familiemedlemmar, ikkje kunna spontanbesøkja venner som bur eit stykke frå toglinjer og bussruter, ikkje kunna kjøra inn til sjukehuset når det måtte trengst, og so burtetter som det heitte på gammalt landsmål. Eg innser og at eg er gammal nok til å ha ein slags rest av kjønnsimmunitet. Det ville sannsynlegvis vera langt meir oppsiktsvekkjande å vera ein mann på alder med meg sjølv som ikkje våga å kjøra bil. Då ville eg kanskje aldri tillete meg å bli så pysete som eg er nå.

Dette er delvis ei bekjenning for å visa resten av verda korleis det kjennest å vera ein ukomfortabel sjåfør. Eg kjenner menneskerasen godt nok til å vita kor mange som slit med ein for meg uforståeleg aggresjon over dårlege sjåførar. Truleg får dei utløp for eit eller anna når dei sit i bilen sin og kjefter over at nokon ligg i 68 i 70-sona eller ventar femten sekund for lenge i eit vegkryss. I mitt hovud er det ikkje nok med at eg er ein farleg sjåfør fordi eg er redd, men dei som ligg bak meg blir og farlege sjåførar fordi dei mellom banninga og utskjellinga til slutt kjem til å koka over og foreta ei kjempefarleg forbikjøring… Eg prøver å sleppa forbi alle irriterte bilførarar som eg har i bilspegelen, men på smale vegar kan det godt vera eit stykke til neste eigna forbikjøringsplass, som for eksempel ein busslomme eller ein rasteplass…

For å koma til det som kan likna litt på ei happy ending, så kan eg fortelja at eg har alliert meg med mi gode venninne Astrid som slit med liknande symptom, og har kjørt lite dei siste åra. Me har lova kvarandre å ta tak og prøva å koma oss ut av uføret. Eg kan skryta av at i løpet av dei siste tre kveldane har me vore på to rehabiliteringsturar for skremte sjåførar. På sundag kjørte Astrid til den gamle kyrkjegarden på Varhaug der me var inne i kapellet, las på gamle gravsteinar, fotograferte utsikten, og sat på ein benk og åt jordbær. I dag kjørte eg til Borestranda der me gjekk tur, drakk kaffi og åt kvart vårt sjokoladehjarte frå Freia med ei sanddyne mot ryggen. Eg imponerte til og med meg sjølv med å kjøra vidare til Verdalen og Bore og ta hovudvegen heim gjennom Kleppekrossen med mange skumle rundkjøringar. Me er litt stolte av oss sjølve, og synest at nå er me i gang med noko. Eg synest framleis det er litt miljømessig tvilsomt at eg skal kjøra bil kvar dag i sommar for å bli i stand til å kjøra meir bil, men det er kanskje slik det må vera.

Ja, ja, det får vera dagens skriftemål og dagens porsjon med sjølvskryt. Ein har trass alt ein blogg å passa… Så er det på tide å få hengd opp innhaldet i trommelen på vaskemaskinen, og samla tankane i ei bøn for verda, som for tida er nesten av hengslene. I den store samanhengen er i-landsproblema våre ganske små.

Heidi

Ein måne bak ei sommarsky, eit skip langt ut frå land, eit gammalt eventyr du kan, ein melodi du kan

Akkurat nå skjer det så mykje spennande. Eg treng ikkje ein gong å finna melodiar, dei kjem til meg på mailar.

I går fekk eg ein nydeleg melodi frå Trond Akerø-Kleven. Han hadde laga melodi til teksten under som eg la ut for bare to dagar sidan. Lydfil fekk eg og. Eg er superimponert over desse generøse komponistane som let meg dela materialet deira. Trond gir meg lov til å dela både lydfil og noter og eg er så glad. Eg gler meg til å høyra dette framført av ein songar. Trond Akerø-Kleven er mannen bak melodien som vann salmekonkurransen til jubileet i Stavanger, så han kjem sikkert fleire til å bli nærare kjende med i samband med det.

Eg har fått inn endå fleire ting å dela, så heng med i svingane. For eit priviligert menneske eg er som bare får desse melodiane i hendene når eg ønskjer meg dei. Eg er utruleg glad for at eg drog til Lia gård som rettleiar sjølv om eg i utgangspunktet lurte på om eg hadde den kompetansen dei ønska seg. For eit privilegium å få bli kjend med så mange kreative og flinke folk. Eg ser at kreativiteten verkeleg har blomstra hos fleire av dei som var der. Dette er bare kjekt.

Å bare stå i sommarregn

Å bare stå i sommarregn, med håret tungt og vått,
å bare stå og vera til, og kjenna det er godt.
Når dagen angar bjørk og pors og rosmarin og jord.
og alt du veit er sommaren med song i sine spor.

Å bare vera sterk og fri, og levande og glad.
Å sjå at vinden leiker blidt med grøne bjørkeblad.
Å stå og frysa lite grann, men stå slik likevel.
Å vera song og liv og lengt når det er seint på kveld.

Å stå og kjenna dette att, du kjenner i frå før
ein annan sommar, annan song, ei anna open dør.
Ein bris, ein song, eit bølgeskvulp og varme enkle ord.
Eit anna barn som var deg sjølv, ei tåre og ei mor.

Å bare stå i sommarregn, med tankar og med tid,
ein seljefløytetone, og ein mygg på handa di,
ein måne bak ei sommarsky, eit skip langt ut frå land
eit gammalt eventyr du kan, ein melodi du fann.

Du kjenner at Gud skapte deg av mold og lengt og song,
at sommarregn og lukt av gras var noko som du trong.
Med bare bein på heilag grunn, ein sommar går forbi,
ein fløytetone stemd i moll mot sommarsjela di.

God natt til alle natteravner som framleis er oppe og vakne.

Heidi