Gå til innhald

Feiring tre dagar til endes

Nå sit eg på arbeidsromet og har flikka litt på eit manus. Samtidig har eg hatt ein prat med Torhild på mobilen. Etter nok ein festdag, kan eg beteikna meg som eit veldig feira menneske. Eg hadde ein sein og roleg føremiddag med litt rydding etter i går, og fekk bakt ein rabarbrapai. Eg trudde me hadde ganske mykje rabarbra, men stilkane var så tynne og skrantne endå at eg måtte spe på med eit finhakka eple.
Smaken blei i alle fall nydeleg.

Foreldra mine kom ned litt over halv tre, så reiste me ut for å eta middag i lag saman med dei herverande barna og barnebarna på Møllehagen. Etterpå reiste me heim til kaffi rundt langbordet hos oss, og med syster, bror, svoger og svigerinne var me fjorten til bords. Syster mi hadde og med seg kake, og eg fekk endå fleire nydelege blomsterbukettar. Stova er full av blomar, og det er så fint. Eg burde jo sitja der litt dei komande dagane bare for å ha glede av blomane medan dei framleis står der og gløder i vasane sine. Det har vore fantastisk. Nå er eg litt trøytt og ør i hovudet, så eg trur eg takkar for i dag med ein relativt kort tekst og sørgar for å gi meg sjølv litt kveld.

Heidi

40 år

Vi ska gå hand i hand genom livet du och jag…

Song dei ofte på radioen i barndommen. Det er ein rar ting at ein heilt vanleg dag møter du eit menneske du aldri før har møtt, og så viser det seg at det mennesket skal du dela dagane dine med frå nå og fram til æva.

At me har vore gifte og fornøgde med det i førti år er ikkje til å fatta. Ikkje at me har hatt det bra, det er fullt fattbart, men det at det er førti år sidan me gifta oss er ufatteleg.

Me bestemte oss for å samla nokre vennar og feira både bursdagen min i går og bryllaupsdagen i morgon. Me var seint ute med invitasjon, så ikkje alle kunne få det til, men me vart tolv til bords, eit antall som passar fint.rundt bordet vårt. Torhild ved pianoet er ein suksessfaktor for ein koseleg kveld. Me har ete kyllingsuppe, nybakt brød, laks, eggerøre og kaker og me har sunge, prata og hatt det fint.

Invitasjoner er noko eg har bestemd meg for å bli flinkare til når eg får betre tid. Det er så fint å vera mange i lag.

Heidi

23.mai

For meg har 23.mai alltid vore litt spesiell sidan eg rett og slett er fødd på den datoen. Då eg var barn, syntest eg at det måtte vera den aller finaste dagen i den finaste månaden i året, og eg meiner å hugsa at den dagen var det alltid strålande sol, rett og slett ein dag for sommarkjolar og kvite knesokkar.

*

Så veit eg ikkje heilt kor tida er blitt av, for nå kan eg synga med i denne songen:

*

Klokka tolv i natt var eg omgitt av glade sjuandeklassingar i pyjamas som song «Hurra for deg som fyller ditt år.» Eg fekk heimelaga kort der det stod at eg var verdens beste lærar, og presang: ein godtepose det alle jentene i klassen hadde ofra litt av sitt eige tilmålte overnattingsgodteri. Slikt kan ein vera svak for…

Kvelden var veldig fin. Det er nesten litt vakkert at i ei tid fyld med fornøyelsar av alle slag er det ei stor oppleving å få overnatta på luftmadrass i klasserommet sitt. På dette viset har eg viss aldri fått så mykje merksemd for å kryssa ei datogrense.

Dagen har gått i eitt, Eg stod opp til vaiande verandaflagg, nytrekt kaffi, pakkar på bordet og helsingar frå alle dei fire jentene mine. Leif bad meg med på lunsj på kjøkkenet der me fekk flagg på bordet.

Eg har hatt fire koselege spontanbesøk, og fått fine blomar og heimebakt brød. Så er det alle helsingane på Facebook som eg må takka for her og. Eg trur ikkje eg har klart å henta opp alle, men intensjonen er å takka alle saman. Å ha bursdag på Facebook er som å oppleva at ei lang, lang rekkje menneske frå alle arenaer gjennom livet kjem for å gratulera. Eg ser for meg ein og ein person og blir takknemleg og berørt over kor utruleg mange fine folk eg kjenner og veit om: Gutar, eh …godt vaksne menn, eg gjekk på barneskulen med, folk frå vidaregåande og frå lærarskulen, folk eg har jobba med, menneske som har vore elevane mine, slike eg aldri har møtt, men kjenner via nettet, og så vidare. Slikt kan ein leva på i minst eit år. I morgon kjem det litt besøk, så då skal eg kosa meg med å baka og koka. Kanskje min heimeverande mann har lyst til å kosa seg med litt husmåking og praktisk tilrettelegging. Me satsar på hjarterommet…

Heidi

Heia, Bryne skule!

Noko av det eg alltid har likt med arbeidsplassen min er at folk er dedikerte, romslege og kreative. Me har hatt stor fridom til å finna på ting, prøva ut ting og til å gå litt ut av firkanten. Nokre av dei gildaste minnene eg har er frå alle dei åra me hadde to store sjølvlaga og aldersblanda musikalar kvart einaste skuleår. Så har me hatt tre store personalrevyar der me laga det meste sjølv. Eg har og vore med på eit prøveprosjekt med fleksitid og omfattande tverrfaglege arbeidsplaner.

Mykje har eg fått vera med på å prøva ut, noko har me lagt vekk og noko har gått over av seg sjølv. Mest kvart einaste år har eg vore medansvarleg for ei stor forestilling, og det har vore veldig travelt og veldig kjekt. Bileta over er frå Maskoramafinalen tidlegare i dag. Mitt alter ego Tante Tusenfryd rauk tidleg ut av konkurransen, men i dag fekk ho lufta seg igjen. Dei to på det andre biletet er to av finalistene som opptrådte live for elevane i dag. Heile dette store prosjektet er styrt av min dyktige kollega Mari.

Nå er eg heimom sånn snarast før eg skal tilbake til jobb der elevane på sjuande trinn skal samlast til pizza klokka halv åtte. Så blir det fotball, nattsymjing, brettspel og leik utover kvelden før dei skal overnatta i klasseromma. I dag trur eg ikkje det var ein einaste sjuk elev på heile trinnet, så dette er tydelegvis noko dei ikkje vil gå glipp av. Sjølv får eg sykla heim ved midnatt sidan eg ikkje jobbar på fredagar. Dei andre går heim saman med elevane i morgon tidleg og får avspasera dagen.

Eg er stolt over å jobba på eit trinn der folk tenkjer at «dette må me få til» når elevane spør om å få overnatta på skulen. Det har vore eit slags mantra når me er underbemanna på grunn av sjukdom eller når det skjer noko veldig uventa som snur opp – ned på det me hadde tenkt og planlagd. Sånne folk som brettar opp skjortearmane og seier «Dette får me til», er mine favorittar å jobba tett saman med.

Heidi

Det grøne er så veldig grønt.

Slik er det i mai. Eg sykla heim frå kveldsjobben med to store kiwihandlenett fulle av bøker og denslags på kvar si side av sykkelstyret. Då eg stod på gangen etter å ha bore netta inn i kjellaren, høyrde eg ein lyd som om nokon spylte tak, vindauge og vegger med ein høgtrykkspylar. Først forstod eg ikkje kva lyd det var, så kikka eg ut og såg at det styrtregna. Så etter ei lita stund stoppa det plutseleg opp, og regnbyga var over. Jorda treng nok veldig til vatn nå, så me får vera glade for regnet sjølv om det aldri passar at godveret går i frå oss. Det har vore fantastisk fint ver i år, nesten så me har måtta klypa oss i armen for å sjå at det stemmer at me faktisk opplever dette i vaken tilstand.

Mykje spennande forestår. Om ein månad er eg ikkje yrkesaktiv lærar lenger. I Oslo har ein liten gut lagt seg klar med hovudet ned for å koma ut med flodvatnet om tre veker. Min litt profet liknande kvithåra mann gjer seg klar til å sykla over Alpene på ein samanleggbar sykkel med ryggsekk på ryggen. Han er rett nok ikkje sikker på om han kjem så langt som til Alpene i denne omgangen, men snart legg han i veg. Før han kjem så langt skal me feira at me har vore lukkeleg gifte i nøyaktig førti år nå til helga.

I ein bryllaupssang eg skreiv til han for førti år sidan stod det «…me er litt rare både du og eg». Det vil nok nokon Hella mot at me framleis er sjølv om eg fleire gonger har prøvd å få ungane til å bekrefta at eg er hakket meir A4 enn faren deira. Merkeleg nok har eg ikkje heilt fått det svaret eg fiskar etter.

Livet er så mangfoldig, merkeleg og surrealistisk at nokon burde skriva dikt og songar om det.

Heidi

Fulle armar av liv

I dag var det den første av to planleggingskveldar der me skal planlegga neste skuleår. Prosedyren pleier å vera at dei som skal slutta får ryddejobbar i staden for planlegging. Heldigvis må nokon i administrasjonen ha kjend med så godt at dei såg i nåde til meg og foreslo at eg heller kunne jobba med eige arbeid…

Det var den beste gaven eg kunne ha fått akkurat nå, og då dei andre gjekk til planlegginga var det fantastisk å kunna gå laus på den lange lista av ting eg må gjera som eg forøvrig aldri har teke meg tid til å skriva ned.

Det ende med at eg vart sitjande i fem strake timar og skriva overføringsskjemaa på elevane mine. Dei skal forfattast på Sikker sak på Visma Flyt skole og sendast til foreldre og ungdomsskule.

Innleiingsvis plundra eg lenge med å få logga meg på ved hjelp av BankID og diverse passord. Kanskje mange driv med denslags nå, for programmet stod lenge og sveiv før det ville opna seg. Så var det å hugsa prosedyrane for korleis ein fekk opna og revidert skjema. Til slutt fekk eg god dreis på det, sjølv om eg av uforklarlege grunnar vart kasta ut av platformen nokre gonger og måtte logga meg inn igjen.

Nå er jobben stort sett gjort. Som den eldre arbeidstakeren eg kanskje må innsjå at eg er, så hender det eg saknar dei tidene då fråver vart førd med kulepenn i dertil eigna bøker med grønt plastomslag. Strek om ein var til sides, S for sjuk og G for gyldig fråver. Ein erfaren kollega viste meg korleis eg kunne skriva nedre svingen på ein S til eg fekk inn meldeboka. Denne kunne nemleg lett formast til ein s for sjuk, G for gyldig fråver og u for ugyldig fråver. Den slags små tekniske finesser var raske og greie å læra seg…

Og mens eg er i sutrehjørnet. Det var ei glede å overlevere elevar på den gamle måten når ny og gammal kontaktlærar møttest, hadde blikkontakt og høyrde kvarandre sin stemme. Då kunne vedkomande lytta, spørja og notera ned det ho tenkte var nyttig å vita om elevane ho skulle få.

Men dette er sikkert bra på mange vis dette og. Ein får hjernetrim ved å prøva å hugsa gløymde passord og prosedyrar og ein får trent tålmodsmuskelen når ein må handtera uønska teknologiske hendingar som å kasta ut av ein plattform ein har krongla seg fram til via passord og BankID-ar.

Bare ein skuletime igjen å førebu før natta kjem sigande

Heidi

Da Vesla kom til verden, det var i mai da gauken gol,
sa mamma at det lyste av maigrønt og av sol.

Som sølv da glitret fjorden, og epletreet sto alt hvitt,
og svalen glad og munter slo triller: kvivivitt!

Og sommerfugler svermet, og bier summet glade om,
og Vesla ble kalt Maia fordi i mai hun kom.

Og derfor sier mamma et riktig solskinnsbarn hun er,
så snill og blid og munter og aldri sur og tverr.
Alice Tegnér

*

For trettito år sidan i dag fekk me ei lita jente. Det var varmt og fint og akkurat som i visa over. Den kunne nesten vore skriven til minstejenta mi, sjølv om det er lenge sidan det var korrekt å operera med uttrykket solskinnsbarn… Det einaste som ikkje stemmer er at jenta i visa heiter Maia. Det namnet prøvde eg faktisk å få gjennomslag for, både fordi det er eit fint namn, og fordi det måtte passa veldig godt på ei lita jente fødd i mai. Dessverre var ikkje far hennar like begeistra for namnet som meg, så me ende på namnet Sunniva, som betyr solgave, så det er ikkje verst det heller. I tillegg fekk ho namnet Lovise etter oldemor på farmorsida som og var fødd 19.mai.

Då ho var under havanna år fekk ho ein lillebror, og som barn nummer tre med ein nesten jamngammal lillebror vart ho eit veldig sjølvstendig lite vesen som la ut på alle eventyr ho kunne finna heilt på eiga hand. Det betydde at ho bokstaveleg talt stakk av i ubevakta øyeblikk viss ingen passa på. Eg framstår vel som ei dårleg mor når eg seier at me har leitt etter henne i Stavanger sentrum, i Liseberg og i Disneyland… Heldigvis fann me henne kvar gong. Ein gong på Korsveifestival trudde eg at ho låg og sov trygt i lavvoen vår då faddaren hennar, Per Inge, kom og fortalde at Sunniva akkurat nå dansa inne på nattkaféen…

Men heldigvis roa forsvinningane seg etterkvart. At ho er trettito år er så merkeleg at eg nesten må telja på fingrane for å tru at det er sant. Ho er lærar på ein ungdomsskule i Grorud-dalen, sambuar med fine Trygve og mamma til ein toåring. Om tre- fire vekers tid blir vesle Tage storebror til ein liten lillebror. Då er det praktisk at nonno (mormor) kan hoppa på toget så ofte ho vil fordi ho til hausten ikkje er forventa å dukka opp på ein arbeidsplass kvar morgon klokka åtte.

Det er uuthaldeleg spennande når barnebarn skal fødast. Det følest nesten skumlare enn då eg sjølv skulle i fødsel. Det er vel bare slik det er. Eg får sitringar i kroppen bare eg tenkjer på det. For to år sidan var eg så heldig at eg fekk ønskja eit påskebarn velkomen, denne gongen kan det bli eit pinsebarn, så i aller beste fall får eg sjansen til å helsa på ein nyfødd lillebror og.

Gratulerer med dagen, Sunniva. Så heldig eg er som fekk akkurat dei fire barna eg fekk. Eg skulle gjerne hatt endå fleire, men slikt kan ein nesten ikkje seia høgt.

På mammas fang der sit ein liten Tage,
med panna mot ein diger babymage.
Der inne er ein lillebror,
så nå er storebror blitt stor,
sjå livet opnar nye rom
før han får tenkt seg om.

Heidi

18.mai

I dag har eg blitt teikna av fire- og- eit -halvt-åringen min. Eg synest at resultatet vart sjarmerande. Ho har fått med brillene, blå kjole og blå strømpebukse heilt i samsvar med dagens antrekk. Eg spurde om eg kunne få sko for å sjå om eg kunne få til ein bøy på foten nederst. Då såg ho oppgitt på meg og sa «Nei, mommor. Du he jo ikkje sko på dæg nå!». Det hadde ho heilt rett i, så det var ikkje meir å diskutera… Eg synest det med teikneutvikling er så spennande. Det er og veldig spennande å filosofera i lag med relativt små barn og prøva å leita seg fram til korleis verda sånn omtrent ser ut for dei.

I dag var det min og Hilde sin tur til å ha sundagsskule i kyrkja. Eg førebudde meg på eit drama-opplegg i går kveld, men var så trøytt då at eg sette vekkarklokka på litt ekstra tidleg for å kunna gjera litt meir med det i dag. Teksten var Tomas som sa han måtte sjå før han kunne tru. Då eg sykla til kyrkja var det deilig sommarvarme, og eg tenkte at dette var nok ein dag mange tok det med ro etter syttande mai og kanskje heller la ut på tur enn å gå i kyrkja. Det kjende eg at eg hadde stor forståing for. Eg lurde på om det kom til å koma fleire barn enn mine eigne to som eg hadde avtalt skulle vera med. Me ende opp med ein liten gjeng på sju- åtte barn. Synnøve og Inger har sydd opp ei stor samling kjortlar og anna tøy og utstyr til dramatisering i kyrkja. Dei lagar så fine ting, så det å gjera klar det ein treng til litt dramatisering er ein rein fryd.

Nå har eg skrive ferdig manus til sjuandeklasseforestillinga, men eg må drøfta det og prøva det ut med involverte kolleger og barna som skal vera med. Elles har eg hatt besøk av dei to herverande mormorjentene, me har teikna og prata og laga vaflar. Den eldste klarer å laga røra nesten heilt aleine med litt muntleg assistanse og ei lita ekstra røring for å få ho klumpfri før steiking. Dei fekk og lov til å dela ein rabarbrastilk til dypping i ei skål med sukker. Det er sikkert heilt forkasteleg med hensyn til både tannhelsa og anna helse, men det er ein liten smak av ein barnekultur eg sjølv vaks opp med.

Eg let meg ikkje bare imponera over at yngstejenta har begynt å prøva seg som portrett- teiknar. Eg let meg og imponera høgt av at eldstejenta på sju har lært å slå hjul. Det har eg aldri i heile mitt liv vore i nærleiken av å få til. Eg var jenta som aldri fekk heilt taket på sjonglering og treffsikker ballkasting. Eg lærte aldri å hoppa tau med kryssa armar eller baklengs på ein fot. Ikkje at eg tok det som noko stort nederlag, eg trur bare eg aksepterte at det fekk eg ikkje til. Men altså, eg er lett å imponera med fysiske finessar, spesielt når det gjeld menneske med ein viss porsjon av dei same genene som meg… Og når ein er mormor kan ein kanskje tillata seg å skryta litt uhemma av barnebarna. Me vaks jo opp i ein generasjon der barn ikkje skulle skrytast av. Nå må me kanskje passa oss litt for den andre grøfta slik at dei ikkje trur dei er elska og respektert fordi dei er så flinke, men rett og slett fordi dei er…

Heidi

17.mai

I dag feirar eg dagen med å kosta på meg litt ekstra mange bilete. Veret var utruleg varmt og vakkert akkurat som i fjor. Det er nesten så eg gløymer at det normale 17.mai-veret her er 12 varmegrader og iskald nordavind. I år vart det som det står i songen «tyve grader pluss.»

Dei siste åra har me prioritert å leggja feiringa til Tu skulekrins der jentene bur og har barnehage og skule. Det er litt rart at ein bare skal bittelitt ut av Bryne sentrum, så er feiringa i mykje mindre forhold. 17.-maitoget går ute i landskapet på ein annan måte, og «bygda» er samla i idrettshallen. Det er ein veldig koseleg måte å feira på. Kanskje er eg litt overtrøytt, eller kanskje er eg i ferd med å bli gammal og sentimental. Kombinasjonen av musikkorps, ropande glade ungar i bunad og alt dette nyutsprungde grøne får tårene mine til å renna. Sjølvsagt kan ein tanke pollenallergi og spela inn…

Første, andre og tredje klasse på skulen stod oppe på galleriet og song eit langt potpourri med vårsongar og nasjonalsongar. Eg vart mållaus av beundring over kor mykje tekst dirrigenten hadde fått alle barna til å læra, og kor godt ho fekk dei til å syngja ut. Korpset spelte, sjuandeklassingar hadde tale, og dei selde store mengder is, pizza, brus og heimelagde kaker. Aller helst ville eg ha høyrd talen på Bryne og, der mine eigne sjuandeklassingar haldt ein tale eg hadde hjulpe dei å øva inn, men i dag valde eg å vera mest mormor. Eg fekk melding frå ein kollega om at dei hadde vore kjempeflinke, og det var eg i grunnen sikker på at dei kom til å vera.

Ettermiddagen brukte me på Figgen i lag med syster, svoger og foreldra mine. Me sat ute i hagen i full sommarvarme og hagen var så fin. Eg kan aldri hugsa at blomar og tre har kome så langt som i år når me bare har kome til 17.-mai, men kanskje eg har dårleg hukommelse. I mor sin familie er det tre familie-eigedomar frå barndomen av som framleis er i familien. Bror min bur i huset der besteforeldra mine budde, syster mi på eigedomen der bestemor vaks opp og Ingrid i huset der onkelen min budde, der eg og har budd ein periode av barndomen. Det er noko fint med å framleis kunna vera på dei viktige plassane frå barndomen min.

Då me kom heim måtte eg unna meg endå meir nasjonal-romantikk i form av NRK- programmet der ein får vera med på 17.mai- feiringar rundt i landet, og der me får sjå kongefamilien vinka frå slottsbalkongen. Eg ser meir og meir verdien i det statsminister Jonas sa på radio og TV i dag: Det er fint å bu i eit land der me feirer landet vårt og fridomen vår med barnetog i staden for militærparadar.

Heidi

16.mai

I dag er det dagen før dagen etter gammalt av, i år vart det på ein måte meir dagen etter dagane, fordi det har vore så travelt i det siste at eg ikkje riktig har fått dytta meg i gang med alt eg hadde tenkt å gjera. Akkurat det gjer ikkje så mykje, for i morgon skal me ikkje ha gjester, me skal bare vera ute på ting. Sidan me ikkje treng å leggja til rette for noko som helst, men bare ta i mot, så kan me vel leva godt med at stova er litt rotete og at ein del av alt eg hadde tenkt å gjera i dag kan bli gjort seinare i helga.

Ein ting me har fått gjort er å ta ein tur til gartneriet på Vik for å henta heim store mengdar sommarblomar. Den hagemotiverte sambuaren min har til og med klart å få planta alt saman ut. Kvart år i slutten av mai trur me at i år skal me fiksa det med fine bed, fine verandakrukker og velhalden grasplen. Kvart år har verkelegheita innhenta oss grundig og brutalt, og det har blitt veldig klart for både oss og naboane våre at me ikkje kjem til å få telefonar om mogleg reportasje i hagenytt i år heller… Men kven veit, kanskje sommaren 2025 blir vårt store gjennombrot som hagegartnarar?

Så fekk eg fiksa på bunaden til Iben, eit prosjekt med litt flytting av saumar, hektar og belte som eg trudde ville vera gjort i ei handvending. Det var litt meir plundrete enn eg trudde, men me fekk det til.
Skrivearbeidet kom eg godt i gang med, men det må fullførast i morgon eller på sundag.

Til i morgon melder dei nydeleg 17.mai- ver, nesten like fint og varmt som i fjor… Nå skal eg bare…
stryka litt og rydda litt og lukka døra til eit kaotisk arbeidsrom. Så kan eg snart ta kvelden ned for landing.

Heidi